Hopp til innhold

Norges første skyttarprinsesse blei korona-offer – døydde 104 år gammal

I 1955 blei Guri Melleby den aller første skyttarprinsessa på Landsskyttarstemnet. Ho var eit førebilete for kvinnelege skyttarar i fleire tiår.

Guri Melleby

FØREBILETE: Guri Melleby, her under eit intervju med NRK i 2012.

Melleby feira 104-årsdagen med familien 13. mars. Ho døydde fredag, to veker etter at ho blei smitta av koronaviruset.

– Ja, ho vart tatt av koronaen. Eg skulle ønskje det hadde skjedd på ein meir naturleg måte, seier slektning Odd-Sverre Melleby til Indre Akershus Blad om Guri Mellebys dødsfall.

Guri Mellebys bragd var ein revolusjon. Før ho gjorde sitt inntog i skytesporten, hadde ei kvinne aldri fått medalje på det tradisjonelt svært så mannsdominerte Landsskyttarstemnet.

– Det var ikkje berre på skytebana ho var eit førebilete. Ho jobba også aktivt i organisasjonen i mange tiår for å få endå fleire kvinner til å skyte, seier generalsekretær Jarle Tvinnereim i DFS.

– Ho stod fremst i kvinnekampen i vår organisasjon, skriv Norsk Skyttertidende.

Men til stemnet på Kongsvinger i 1955 hadde Det frivillige skyttervesen (DFS) teke grep for å gjere noko med dette. Den beste kvinna skulle heidrast med tittelen skyttarprinsesse.

Gjennombrot for kvinnene

Med 268 poeng etter det gamle skyteprogrammet blei Guri Melleby beste kvinne på Landsskyttarstemnet på Kongsvinger, og dermed den aller første som kunne smykke seg med tittelen.

Det fekk lita merksemd der og då. Folket og media var meir opptekne av at Lars L. Ese sikra seg kongetittelen for fjerde gong.

«Sist, men ikke minst, ble Guri Melleby fra Høland gjenstand for livlig applaus for sin vakre innsats i mesterskapet. Hun ble nemlig nummer 1 blant kvinnene», skreiv Aftenposten i si dekning av Landsskyttarstemnet.

I ettertid er det klart at bragda på Kongsvinger var eit gjennombrot for kvinnelege skyttarar. Melleby vann prinsessetittelen totalt fire gonger. Også i 1962, 1963 og 1967 stod ho som skyttarprinsesse.

– Eg har alltid hatt lyst til å skyte. Det var spennande, og eg prøvde meg alltid når det var tivoli og liknande rundt omkring, sa ho då NRK besøkte 96-åringen heime på Bjørkelangen før Landsskyttarstemnet på Voss i 2012.

Guri Melleby instruerer NRKs Ida Nysæter Rasch

FØRSTEDAME: Guri Melleby var den aller første skyttarprinsessa. Reportasjen er frå 2012.

– Men eg var gammal då eg tok til med skyting, la ho til. Ho var 41 år då ho tok sin historiske tittel i 1955.

Pokal på første forsøk

I NRK-intervjuet i 2012 fortalde ho om korleis ho blei biten av skytebasillen midt på 40-talet.

– Eg var ute og gjekk meg ein tur då eg trefte eit par karar som var på veg til skytebana. «Bli med du og, sa dei». Eg blei med, fortalde ho.

Der fekk ho spørsmål om ho også ville delta.

– Ja, la meg få prøve 2–3 skot, sa Guri.

– Det passar fint, for i dag har vi sett opp ein pokal for nybyrjarar, sa han som tok imot påmeldinga.

Det gjekk veldig bra. Guri Melleby vann pokalen. Det blei starten på ein karriere der den første pokalen fekk selskap av mange fleire. Høgdepunktet kom altså i 1955.

– Eg trur eg kom over 90 på omgangen (dvs. finaleomgangen med 10 skot på eitt minutt). Det var eg godt nøgd med. Og så fekk eg medalje, og det var det ingen andre kvinner som hadde fått før. Det var stas, fortalde Guri Melleby for åtte år sidan.

Ho var aktiv på skytebana i 30 år. I åra etterpå følgde ho Landsskyttarstemnet på TV heime.

– Det er moro å følgje med, og det kriblar litt enno, fortalde 96-åringen den gongen. – Det hadde vore fint om ein hadde vore nokre år yngre og fekk vere med.

Opna vegen for kvinnene

Guri Mellebys pionerinnsats og bragd i 1955 var det store gjennombrotet. Seinare har kvinnene på Landsskyttarstemnet ikkje berre fleire, men også betre og betre.

Frå 1974 blei dei beste kvinnene skilde ut i eit eige skytelag, prinsesselaget. I 2006 gjekk Mette Elisabeth Finnestad heilt til topps og skapte tittelen skyttardronning.

Og for eit par år sidan avskaffa DFS heile ordninga med prinsesselag. Kvinnene hadde blitt like gode som mennene og trong ikkje eit lag for seg sjølve lenger.

«Guri-koret»

Hennar andre store lidenskap var kor. Frå 1953 dirigerte ho «Guri-koret» på Bjørkelangen, og i eit innslag i Norge rundt i 2016, då hi runda 100 år, blei ho presentert som Norges eldste kordirigent.

Melleby budde i same huset på Bjørkelangen fram til ho for ei tid sidan flytta på sjukeheim. Ho overlevde både spanskesjuka og to verdskrigar. Men for to veker sidan blei ho smitta av koronaviruset. Det blei for mykje for Melleby.

Fredag, ein dryg månad etter å ha feira sin 104-årsdag med kaffi og blautkake, blei ho det første korona-offeret i Aurskog-Høland kommune.

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal