– Eg er superletta og overraska, seier Maren Aardahl etter sigeren over Brasil og finaleplass i sandhandball-VM.
Motstandar blir Hellas, som slo regjerande meister Spania på straffer i den andre semifinalen.
Norge vann 2–0 (19-18, 22-20) over dei brasilianske favorittane. Det er første gong Norge slår Brasil i sandhandball.
– At vi greier det i ein VM-semifinale er enormt stort, seier ho.
Så seint som i går vann Brasil 2–0 i ein innleiande kamp. Men i dag greidde Norge å vippe den første perioden i sin favør med det avgjerande poenget heilt i sluttsekunda. I den andre perioden var Norge i føringa heile tida.
– Brasil verka nervøse
Med finaleplass er Norge også sikra deltaking i World Games i San Diego neste år.
– I dag klaffa alt. Vi hadde ein klar kampplan og trefte på alt. Forsvarsspelet vårt var kjempebra, og vi hadde ei god målvakt, seier Aardahl.
– Korleis var motstandaren?
– Eg tykte dei verka litt nervøse. Brasil er det beste laget i verda, og har vore det i mange år. Men vi sa til oss sjølve at det var dei som hadde presset på seg, og at vi berre skulle gå inn og «gutse». seier ho.
Målet før VM var medalje. No blir det minst sølv.
– Har de sjanse til å vinne VM?
– Ja. I ein finale kan alt skje, seier ho. – Vi skal berre ha det artig.
Tidlegare laurdag vann Norge 2-1 over Polen i kvartfinalen. Norge tapte 16-17 i den første perioden, men slo tilbake med solide 24-9 i den andre. I straffekonken vann Norge 6-4.
Finalen går søndag klokka 16.00.