Avgjerda fall då Thomas Ulsrud ikkje greidde å setje sin nest siste stein inn i buet. Dermed vart det så å seie umogeleg å ta dei to poenga Noreg måtte ha for å få ekstraomgang.
Ulsrud gjorde eit godt forsøk med den siste steinen, men klarte berre å sikre eitt poeng i den siste omgangen.
– Sverige spela godt i dag, vi var litt off, sa Ulsrud til NRK. - Vi hade mange sjansar, men dessverre klarte vi ikkje å ta dei.
Han likar ikkje å tape for "söta bror".
– Det er noko som heiter at det viktigaste er å slå Sverige. Når vi ikkje greidde det, må vi satse på å vinne heile greia, seier Ulsrud.
Og så ler han.
Låg treffprosent
Ulsrud hadde ein treffprosent på 74, det er uvanleg lite for den norske skipen. Christoffer Svae spela godt og hadde 94 prosent.
Noreg er likevel godt med i kampen om medaljene, med berre eitt tap hittil.
Marginane var ikkje på Noregs side i denne kampen, og dei trefte heile vegen litt dårlegare enn Sverige. Det skulle vise seg viktig at Sverige vann fjerde periode med 2-0 og gjekk opp til 3-1. Sverige leia 4-1 halvveges. I sjuande omgang reduserte Noreg til 4-3.
Før niande omgang leia Sverige 5-3. Noreg blanka den niande då det var klart at dei ikkje kunne ta to poeng, og så glapp det i den siste omgangen.
Kampens høgdepunkt stod likevel Ulsrud for. Han sende ein stein tilsynelatande heilt ut på viddene mot vantet. Der trefte han ein svensk stein, og Ulsruds stein endra retning inn mot midten der han rydde vekk svenske steinar.
Toppkampar i morgon
No er Kina åleine utan tap. Noreg, Sverige og Storbritannia har eitt tap kvar. Sveriges tap kom mot Danmark i går kveld.
I morgon møter Noreg først Canada, deretter Kina.
– Det handlar om å bli blant topp fire. Derfor skulle vi gjerne vore utan dette tapet. Kampane fredag blir også tøffe, seier Thomas Ulsrud.
– Er de bak skjema?
– Vi er på skjema, vil eg seie.
Torger Nergård meiner at han sjølv og Thomas Ulsrud spela middels i dag.
– Christoffer og Håvard spela godt, men når Thomas og eg bommar på nøkkelsteinar, var det ikkje godt nok. Da taper vi, så enkelt er det, seier Nergård.