– Vi vil halde stengt, slik at våre motstandarar, som vi veit vil vere på plass, ikkje skal få kome inn og få tilgang til kampen, seier landslagstrenar Martin Sjögren.
I starten av april pakkar nemleg det norske landslaget bagen og reiser til Marbella i Spania for å spele to treningskampar mot New Zealand.
Laget skal spele kamp både 5. og 9. april, og det er den første kampen dei to laga har blitt samde om skal skje bak lukka dører.
– Det blir jo ulike scenario som kan oppstå i eit meisterskap vi skal øve på og som vi gjerne vil teste ut i kamp. Meir vil eg ikkje sei om det, svarar den tidlegare svenske fotballspelaren.
– Nokon vil forsøke å få tak i bilete
Dette er første gongen landslagstrenaren vel å gå til eit så drastisk skritt som å stenge ein treningskamp føre eit meisterskap.
Og det overraskar NRK sin fotballekspert Carl-Erik Torp:
– Vi ser at dette er noko enkelte storklubbar kan finne på, men det er veldig sjeldan at det skjer på landskampar. Det er eit tydleg signal på at dei ønsker å skape litt mystikk og at det er noko dei vil halde tett til brystet.
Og det er særleg spionar frå dei tre laga Norge møter i gruppespelet landslagstrenaren vil halde vekke, altså Frankrike, Sør-Korea og Nigeria.
– Det kjem nok alltid til å vere nokon som forsøker å få tak i bilete, men vi vil jo ikkje at det skal lekke ut bilete eller video.
Torp på si side trur nødvendigvis ikkje å stenge dørene vil ha det store utbyttet, anna enn at det kan skape ekstra nysgjerrigheit frå dei andre laga.
– Om det er nokon som absolutt vil finne ut kva vi jobbar med, så kjem det heilt sikkert ut. Det er mange spelarar og eit stort apparat rundt bana i ein slik kamp.
Betre førebudd
Det norske kvinnelandslaget gjorde sitt dårlegaste EM nokon sinne i 2017, som var det første meisterskapet under Sjögren.
Laget rauk ut av gruppespelet etter null poeng og null mål.
Det er nok ein statistikk landslagstrenaren vil endre på når VM startar i Frankrike 7 juni.
– Det er klart vi kjenner oss på eit heilt annan nivå og er betre førebudd no. Eg kjenner spelegruppa på ei annan måte, og kjenner både svakheitene og styrkane. Eg føler at vi ligg i rute på det vi vil og det vi har ambisjonar om å gjere. Så det kjennest ganske trygt ut, seier Sjögren.