Siste nytt

  • Lyon cupmeister etter straffedrama

    Ada Hegerbergs Lyon kunne sleppe jubelen laust etter at det måtte straffesparkkonkurranse til for å avgjere vinnaren av den franske cupfinalen.

    Det stod mållaust etter 90 minutt i oppgjeret mellom Lyon og PSG. Kampen gjekk rett til straffesparkkonkurranse, der Lyon var sterkast.

    PSG-målvakt Christiane Endler bomma på hovudstadslagets fjerde straffe, og gav overtaket til Lyon som vann 4-3 på straffer.

    Karina Sævik sat på benken gjennom heile kampen for PSG, medan Ada Hegerberg ikkje var med grunna kneskaden ho pådrog seg i januar.

    Lyon feiring
    Foto: PHILIPPE DESMAZES
  • Storsiger for Rosenborg

    Rosenborg hadde få problem med å slå Sarpsborg i eliteserien søndag kveld.

    Rosenborg tok leiinga gjennom Gjermund Åsen etter fire minutt, før Ismaila Coulibaly utlikna midtvegs i omgangen.

    Men i andre omgang var det ingen tvil om kvar poenga skulle ende. To mål frå Carlo Holse på seks minutt tok lufta frå Sarpsborg. Mål frå Kristoffer Zachariassen og Dino Islamovic fastsette resultatet til 5–1 til Rosenborg, som no er fire poeng bak Odd på 3.-plass.

    Carlo Holse
    Foto: Ole Martin Wold / Ole Martin Wold
  • Team Koteng vann 12-timarsstafetten

    Det stod lenge mellom tre lag på 12-timarsstafetten på Blinkfestivalen søndag. Til slutt var det Team Koteng, med Astrid Øyre Slind (bildet), Stian Hoelgaard, og Torleif Syrstad som var sterkast. Dei vann framfor Team Nordic Athlete og Team Ragde.

    Men det var lenge jamt mellom desse tre laga, og det var ikkje før det stod att to rundar at Hoelgaard stakk av frå dei øvrege laga. Han fekk ei komfortabel luke, og kunne juble med sitt lag etter 12 timar på rulleski.

    Astrid Øyre Slind

Sendeplan

Kl. Program Kanal