NRK Meny
Normal

Norge misbrukte sjansane - OL-plassen rauk

Det starta bra for Norge, men Sveits snudde kampen og vann 2–1. Då går fotballdelen av OL i Rio utan dei norske fotballjentene.

Caroline Graham Hansen

TIDLEG SCORING: Caroline Graham Hansen scora tidleg for Norge, men det holdt ikkje til siger. Etter kampen var ho skuffa.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Me er frykteleg nære og det gjer det sinnsjukt surt at me ikkje klarer det, seier målscorar Caroline Graham Hansen til NRK etter kampen.

Før kampen var dette premissane for norsk OL-plass: Norge måtte slå Sveits. Nederland måtte slå Sverige.

Ingen av delane skjedde. Norge tapte 2–1 etter at Sveits scora sigersmålet på overtid, og Sverige spelte uavgjort mot Nederland. Med det tok Sverige den siste OL-plassen for Europa.

– Det er jo ikkje her det blir avgjort. Det var mot Sverige, sjølv om me tapar 2-1 i dag. Det er ikkje noko god kjensle og stå her nå og vite at det ikkje blir OL, seier Graham Hansen

Drøymestart for Norge

Men det starta bra for det norske laget. Allereie etter ti minutt utnytta det norske angrepet ein feil i det sveitsiske forsvaret. Ada Hegerberg snappa ein feilpasning og spelte Caroline Graham Hansen gjennom på kanten.

Spissen tok med seg ballen til linja, skar innover og plasserte den i nærmaste hjørnet frå nesten død vinkel. Dette skjedde berre minutt etter meldinga om at Nederland hadde tatt leiinga over Sverige, og akkurat då var Norge klar for OL.

Men Sandrine Mauron utlikna for Sveits etter halvtimen, då det norske laget ikkje klarte å få klarert eit innlegg. 1–1.

Sveits avgjorde på overtid

På overtid var det sveitsarane som var best og Rahel Kiwic kjempa inn sigersmålet.

– Vi gjorde eit ærleg forsøk, men det var dessverre ikkje godt nok. Vi har spelt to jamne kampar, og ein kamp mot Nederland der me dominerer. Men det blei ikkje nok poeng ut av det, seier landslagssjef, Roger Finjord.

Finjord
Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Sveits kom også best i gong etter kvilen, og etter 64 minutt hadde dei eit skot som gjekk via krysset og ut i feltet. Heldigvis for dei norske jentene spratt ballen ut på rett side av målstanga, og ingen av dei sveitsiske kvinnene sto klare på returen.

Fem minutt før slutt fekk Norge ein kjempesjanse til å avgjere kampen, då Ada Hegerberg kasta seg fram på eit innlegg frå høgrekanten. Men den sveitsiske keeperen var med på notene og henta fram ein kjemperedning.

Minuttet etterpå var det Kristine Minde si heading som gjekk centimetre utanfor målet.

Norges lag (4-4-2): Cecilie Fiskerstrand - Ingrid Moe Wold, Marita Skammelsrud Lund, Nora Holstad Berge, Elise Thorsnes - Kristine Minde, Maren Mjelde, Trine Rønning, Emilie Haavi - Ada Hegerberg, Caroline Graham Hansen.

Benken: Kristine Nøstmo, Ingvild Stensland, Andrine Hegerberg, Lisa Marie Karlseng Utland, Isabell Herlovsen, Lene Mykjåland, Synne Jensen.

Siste nytt

  • Ni Bulatovic-mål holdt ikke

    Katarina Bulatovic scoret ni mål for Montenegro, men det var Allison Pineau og Frankrike som tok seieren i VM-kvartfinalen i håndball tirsdag kveld.

    Frankrike vant til slutt 25–22, og møter Sverige i semifinalen fredag.

    Allison Pineau
    Foto: Hendrik Schmidt / AFP
  • Burnley klatret til fjerdeplass

    Et sent mål av Ashley Barnes sikret Burnley 1-0-seier over Stoke tirsdag kveld.

    Seieren gjør at Burnley klatrer forbi Liverpool, Arsenal og Tottenham, og legger seg på fjerdeplass i Premier League – med én kamp mer spilt enn lagene bak.

    Burnley's
    Foto: Paul Ellis / AFP
  • Willian lekte seg mot Huddersfield

    Willian scoret ett og var nest sist ballen på to mål da Chelsea vant 3–1 borte mot Huddersfield tirsdag kveld.

    Tiemoue Bakayoko, Willian og Pedro ga Chelsea ledelsen 3–0 før Laurent Depoitre stanget inn et trøstemål på overtid.

    Willian
    Foto: Andrew Yates / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
EM svømming kortbane: Forsøksheat
EM svømming
EM svømming kortbane: Semifinaler og finale
OL-profiler: Ole Einar Bjørndalen
EM svømming
VM håndball kvinner: Kvartfinale Norge - Russland
VM håndball kvinner: Kvartfinale Norge - Russland
VM håndball kvinner: Kvartfinale Norge - Russland
VM håndball kvinner: Kvartfinale Norge - Russland