Det som opna nesten katastrofalt og så vidt heldt til uavgjort ved pause, enda i storspel og klokkeklar siger.
– Vi spela bra angrepshandball, men får det ikkje til å sitje i forsvar. Men det var mykje bra spel. I pausen bestemte vi oss til å male på og ikkje tenke på resultatet på tavla der. Og det blei berre betre og betre utover i andre omgang. Dette er noko å byggje vidare på. Men vi er langt frå perfekte, sa landslagssjef Christian Berge til NRK.
– Det var mykje bra på slutten, men vi er ikkje friskmelde, sa NRKs Håvard Tvedten. Han hadde sett ein kamp som svinga frå det nesten katastrofale til det veldig gode.
– Beste vi har gjort hittil
Tvedten meinte andre omgang er den beste Norge har levert hittil i EM.
– Då svinga det godt. Men i dei fem første omgangane i meisterskapet har vi ikkje vore gode nok, sa han.
– Sander Sagosen og Harald Reinkind har vi sakna litt, men i dag var dei gode, seier Tvedten.
– Det var ein tøff start. Vi gjorde fleire mistak som gav kontringar imot i første omgang, men i andre omgang viser vi klasse, og tok eit godt steg framover frå Russland-kampen. Dette skal vi byggje vidare på, sa Sander Sagosen.
– No gler eg meg til hovudrunden, der dei kan bli betre og betre. Vi har meir å gå på. Og vi veit vi har kniven på strupen frå start med null poeng.
Trøbla sterkt før pause
Norge greidde aldri å riste Litauen av seg i første omgang. Tvert imot. Norge leia rett nok med 9–7 etter snaue 13 minutt. Men Litauen slo tilbake og leia fleire gonger med to mål.
Sekundet før pause utlikna Sander Øverjorde til 16-16, og Norge slapp unna ei pinleg Litauen-leiing ved pause.
– Nitrist, var Håvard Tvedten sin karakteristikk.
Assistenttrenar Jonas Wille var litt forvirra i pausen.
– Dette er veldig merkeleg, for eg er nøgd med forsvarsspelet. Begge målvaktene har vore nær mange av ballane. Eg trur vi får det betre til i andre omgang, vi burde ha vore fire-fem mål betre enn det måltavla seier. Vi skal ikkje bli stressa, sa Wille til NRK.
– Eg er litt overraska over at han er nøgd med forsvarsspelet. Det er detaljar som er litt håplause. Det verkar som om dei der bak er litt usikre om kva planen er, repliserte Håvard Tvedten.
I ytterlegare åtte minutt heldt Litauen følgje. Så sa Norge takk for laget. Uavgjort blei til norsk firemålsleiing i løpet av få minutt, og deretter berre auka det på.
– No swinger det av dette mannskapet, sa NRKs Patrick Sten Rowlands.
– Det var veldig moro å få til ein god kamp og ein god siger. Vi er på veg i rett retning, sa Sander Øverjorde.
– Dette er noko av det beste vi har gjort, sa Tvedten i Norges beste periode i andre omgang. – Det er det vi har gjort no mot slutten av kampen, som skal skape sjølvtillit. Det vi leverte i første del av kampen, er ikkje brukbart i ein hovudrunde, la han til.
Norge er klar for hovudrunde der motstandarane blir Tyskland, Polen, Spania og Sverige. Første kamp går torsdag.
Sverige var ille ut. Dei måtte ha poeng mot Tsjekkia i siste kamp. Den enda 27-27, etter at Tsjekkia bomma på ei kontring i dei aller siste sekunda.