NRK Meny
Normal

To (!) minutt føre - Bjørndalen har ikkje opplevd liknande

Norge utan brørne Bø og Emil Hegle Svendsen knuste Tyskland og alle andre i skiskyttarstafetten i Hochfilzen.

Lars Helge Birkeland feide siste rest av tvil til side på siste skyting

SUVERENT: Lars Helge Birkelan skyt raskt og nesten feilfritt på siste skyting, og kan gå ein æresrunde til slutt

Laster innhold, vennligst vent..

Ole Einar Bjørndalen gjekk startetappen. Han sleit litt i vindkasta på første liggande, men slapp med to ekstraskot.

På ståande slo han til med fullt hus og veksla i teten, saman med belgiske Michael Rösch.

– Eg stod støtt på ståande, men det var sterk vind då eg kom inn. Eg venta litt til ein annan løpar stilte seg opp ved sida av meg, så hans rygg tok vekk litt av vinden. Då gjekk det bra, sa Bjørndalen til NRK.

For Bjørndalen var det ein god framgang etter ein litt trøblete sesongstart. – Det er moro å vere på toppen igjen, seier han.

– Eg feilvurderte litt på dei første skota, trudde ikkje vinden var så hard. Eg måtte halde ekstremt sterkt, då trefte eg, seier han. – Men eg er glad eg trefte på ekstraskota.

Veteranen trur ikkje han har vore med på ein slik sigersmargin før.

– Kanskje var vi i nærleiken i Slovenia for ein del år sidan, men eg trur ikkje det. Og Lars Helge var neppe i kjellaren på den siste runden heller, seier Bjørndalen.

Han er også klar på at Norge i dag hadde litt tur.

– Vi hadde litt mindre vind enn nokre av konkurrentane, og litt tur på nokre av seriane, seier Bjørndalen.

Strekk med fordel

Laurdag hadde han eit lite uhell, men det var han slett ikkje misnøgd med.

– Eg fekk strekk i beinet då eg tryna på trening i går. Det var faktisk positivt fordi eg måtte justere teknikken, sa han.

Henrik L'Abée-Lund følgde opp med fem strake treff på liggande. På ståande trefte han fire med fleire kanttreff. – Han hadde litt flaks der, seier Ola Lunde.

– Det var brutalt. Eg er nøgd med skytinga, men var litt heldig, seier Lund.

Lund måtte bruke alle tre ekstraskota på den siste blinken, men slapp strafferunde. Han veksla 32 sekund framfor Belgia.

God norsk skyting i vinden

Erlend Bjøntegaard måtte bruke lang tid og to ekstraskot på liggande. På ståande smelte han ned fire raske før han bomma på den siste. Men han slapp med eitt ekstraskot. Ved veksling sende han Lars Helge Birkeland ut nesten minuttet før tyske Simon Schempp.

– For meg var det viktig å halde på forspranget, sa Bjøntegaard. – Og det er godt å sjå at skytinga fungerer for heile laget, la han til. Med berre ni ekstraskot var Norge suveren på standplass. Tyskland slapp også strafferundar, men brukte 17 ekstraskot.

Det blei avgjort på liggande. Birkeland knalla ned fem raske, medan Schempp måtte bruke ekstraskot. Då var avstanden auka til eitt og eit halvt minutt.

– Det var ein merkele oppleving. Det er uvant å gå åleine i teten, seier Birkeland.

Birkeland bomma ein gong på siste ståande, men det gjorde ingenting. Norge var 1.55 framfor Tyskland i mål. Frankrike og Sverige følgde deretter.

Russland var frykta, men dei rota det til fullstendig. På andfre etappe måtte Matvej Elisejev ha hjelp med geværet etter ladekluss. Russland blei nummer 8, 3.35 bak Norge og med tre strafferundar og 13 ekstraskot.

Alt gikk galt for Eliseev på standplass

RUSS-KLUSS: Matvej Elisejev trøblar alvorleg med ladinga på ein dag når heile det russiske laget rota det til

Siste nytt

  • Fjorårets toer bryter Touren

    Rigoberto Urán trekker seg fra årets Tour de France etter å ha pådratt seg skader i en velt søndag. På onsdagens etappe rullet colombianeren i mål over 26 minutter bak etappevinner Geraint Thomas. I fjor ble 31-åringen nummer to i sammendraget.

    Uran
    Foto: Christophe Ena / AP
  • OL: Fleire øvingar - færre utøvarar

    Beijing-OL 2022 skal ha 109 øvingar, mot 102 i Pyeongchang i år. Men talet på utøvarar skal ned frå 2933 til 2892. Det betyr 41 færre i skidisiplinane, 26 færre i skøyter og 20 færre i skiskyting.

    Med det nye OL-programmet blir 45,4 prosent av deltakarane i 2022 kvinner, mot 41,1 i år.

    China Beijing Winter Olympics
    Foto: Ng Han Guan / AP
  • Mixed laghopp på OL-programmet

    De norske hopperne får enda en øvelse på OL-programmet i 2022. Mixed laghopp ble offentliggjort som en del av programmet – Med dagens vedtak viser IOC at kvinnene blir mer og mer likestilt innenfor hoppsporten, sier skipresident Erik Røste til NTB.

    Kvinner stor bakke verdenscup Holmenkollen.
    Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Sport og musikk
Tour de France: 12. etappe
Tour de France: 12. etappe
Sport i dag
X Games Minneapolis -- Menn Skateboard Vertical Finale og Menn BMX Halfpipe Finale