Hopp til innhold

Hansens dobbeltrolle hindrar «flagging» av norsk stemme

Svein Arne Hansens dobbelrolle som europeisk og norsk friidrettspresident er årsaka til at Norges Friidrettsforbund ikkje kan offentleggjere kven dei støttar i presidentkampen i IAAF.

Svein Arne Hansen

DOBBELROLLE: Fordi Svein Arne Hansen er friidrettspresident både i Norge og i Europa, kan ikkje Norge gå ut med kven dei støttar i IAAF-presidentvalet neste veke

Foto: Giuseppe Bellini / Getty Images for European Athlet

Onsdag blir det avgjort om det blir den britiske tidlegare mellomdistanseløparen Sebastian Coe eller den ukrainske tidlegare stavhopparen Sergej Bubka som skal overta som internasjonal friidrettspresident etter senegalesiske Lamine Diack, som har hatt vervet i 16 år.

Norges Friidrettsforbund har bestemt seg for kven dei skal støtte. Men dei kan ikkje fortelje kven det er.

– Nei, det seier seg sjølv at det ikkje let seg gjere, seier Hansen. Han vart vald til president i det europeiske friidrettsforbundet tidlegare i år, og han sit samstundes som norsk friidrettspresident til våren 2017.

Begge kandidatane er europeiske – den eine frå vest, den andre frå aust.

– Europa er delt i synet på desse to, og derfor kan ikkje eg som europeisk friidrettspresident flagge støtte til den eine kandidaten framfor den andre – heller ikkje som norsk friidrettspresident, seier Hansen.

Coe samlar støtte

Sebastian Coe

SANKAR STEMMER: Sebastoan Coe leier klart av dei landa som har sagt kven dei vil stemme på som ny IAAF-president

Foto: JUAN CARLOS ULATE / Reuters

Av dei som har flagga sine synspunkt, har Coe klar leiing. Men det er 213 nasjonale friidrettsforbund som er medlemmer i IAAF, og berre drygt 40 har offentleg sagt kven dei støttar. Coe har støtte frå 36 av desse, Bubka berre fem så langt, ifølgje insidethegames.biz.

Seinast i går fekk Coe støtte av 13 land i Karibia og Mellom-Amerika. Men ikkje USA, som uansett ikkje vil fortelje kven dei kjem til å røyste på.

Den nye presidenten skal veljast på IAAF-kongressen i Beijing onsdag. Då blir også Svein Arne Hansen ein del av styret i IAAF.

– Ja, som europeisk friidrettspresident blir eg automatisk også styremedlem i IAAF. Men det skjer formelt ikkje før etter valet på kongressen, seier han.

Sportsnyheter

Amalie Iuel rystet seg selv i comebacket: – Sjukt å se hva kvinnekroppen er kapabel til

Nesten to år er gått siden sist Amalie Iuel løp konkurranse. Lørdag ettermiddag var hun tilbake på friidrettsbanen med seier.

Duplantis fikk «blackout» etter verdensrekorden: – Man blir helt hysterisk

Stavkongen Armand Duplantis forbedret sin egen verdensrekord i det NRK-sendte Diamond League-stevnet i Xiamen. Da tok det helt av på arenaen og i kommentatorboksen.

Siste nytt

  • Casper Ruud til finale i Barcelona

    For andre gang på en uke er Casper Ruud klar for finale. Han vant 7–6 (8-6), 6–4 mot argentinske Tomas Martin Etcheverry i ATP-turneringen i Barcelona.

    I søndagens finale venter Stefanos Tsitsipas eller serbiske Dusan Lajovic.

    Casper Ruud
    Foto: JOSEP LAGO / AFP
  • Karina Sævik ble Vålerenga-helt med to perlemål

    Karina Sævik scoret begge målene da Vålerenga slo Røa 2-0 i Toppserien lørdag ettermiddag. De blåkledde fra Oslo øst står med to seirer etter to kamper i Toppserien.

    Onsdag vanter nok et lokaloppgjør for VIF når Stabæk kommer på besøk.

    Toppserien fotball 2023: Vålerenga - LSK Kvinner
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Hansen og Barcelona med kjempesmell i semifinalen

    Caroline Graham Hansen og Barcelona er storfavoritter til å vinne mesterligaen, men røk på et bananskall i første semifinalekamp mot Chelsea. Det endte med 0-1-tap.

    Erin Cuthbert ble kampens eneste målscorer like før pause, og de blåkledde tar med seg en 1-0-ledelse til returoppgjøret i London neste lørdag.

    Chelseas Guro Reiten kom inn som innbytter på overtid, mens Ingrid Syrstad Engen ble byttet ut etter en drøy time. Hansen spilte hele kampen for Barcelona.

    Spain Soccer Champions League
    Foto: Jose Breton / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal