Martin Sjøgrens jenter fekk enkel motstand mot Sør-Afrika i den siste treningskampen før VM.
Noreg vann heile 7–2 etter blant anna hat trick av angripar Isabell Herlovsen.
– Som spiss er det veldig herleg. Det er bra for sjølvtilliten inn mot meisterskapen. Det er godt inn mot VM, seier Isabell Herlovsen.
Med tre mål gjekk også spissen forbi Hege Riise på lista over Noregs mestscorande gjennom tidene. Herlovsen står no med 60 mål totalt. Riise har 59 mål. Marianne Iren Pettersen toppar lista med 66 mål, framfor Linda Medalen (64 mål).
– Veldig fornøgd med det, og det skal ikkje stoppe der, eg skal jobbe hardt vidare, seier Herlovsen
Utsett
Allereie etter seks minutt tok Noreg leiinga ved Vilde Bøe Risa og stillinga til pause var 5–0 til det norske laget.
Kampen måtte utsetjast i overkant av éin time etter at Sør-Afrika kom for seint til kampen på grunn av trøbbel i trafikken.
Kanskje var det difor laget trengde litt tid på å kome i gang. Sør-Afrika heva seg uansett etter pause og reduserte to gonger.
Innbytar Emilie Nautnes avslutta målfesten ved å sette ballen i tomt mål i andre omgang.
– Vi skal glede oss
Noreg stilte utan midtstoppar Maria Thorisdottir som kjente på ein liten muskulær kjenning på oppvarminga før kampen. Ho blei erstatta av Stine Hovland i midtforsvaret.
– Eg er fornøgd med at vi scorar sju. Eg nøgd med mykje, men ikkje med at vi slepp inn to mål. Vi hadde eit mål om å halde nullen, men er gode i angrep i lange periodar. Vi skal glede oss over ein stor siger, seier trenar Martin Sjögren.
Noreg opnar fotball-VM i Frankrike mot Nigeria laurdag 8. juni kl. 21.00.
Sjå nokre av måla her: