Ny hall vil gi VM-finale i Drammen
– Om dei byggjer ny hall, skal vi legge finalen til Drammen, seier handballpresident Kåre Geir Lio til NRK.
Norge, Danmark og Kroatia skal arrangere handball-VM for menn i 2025, melde det internasjonale handballforbundet i dag, og Norge skal arrangere finalen.
– Vi treng ein hall med plass til 15.000 tilskodarar for finalen. Slik det ser ut no, er det Fornebu og ein ny hall i Drammen som er dei to aktuelle finalearenaene, seier Lio.
Norge skal også arrangere i to innleiande grupper, ei gruppe i hovudrunden, ein kvartfinale, ein semifinale og bronsefinalen.
Dei norske vertskapsbyane blir Trondheim, Stavanger, Drammen og Oslo.
Det blir første gong NHF arrangerer eit VM for menn.