NRK Meny
Normal

Norge «stal» suksesstrenaren til Fourcade: – Han er X-faktoren

Siegfried Mazet har gjort Martin Fourcade til verdas beste skiskyttar. No skal han gjere dei norske gutane betre, men han trur ikkje det er gjort over natta.

Bø og Fourcade

DUELL: Martin Fourcade måtte sjå seg slegen av Johannes Thingnes Bø på fellesstarten i VM i Holmenkollen. Bø håpar å vise franskmannen ryggen fleire gonger kommande vinter.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

I vinter sa Siegfried Mazet opp jobben som skytetrenar på det franske skiskyttarlandslaget. Der har han fått mykje av æra for dei gode resultata til franskmennene, Martin Fourcade især.

No har han teke over ansvaret på det norske landslaget. Det er Johannes Thingnes Bø svært glad for.

– Starten har vore knallbra. Frå første møte har eg hatt veldig stor respekt for han, og stor tru på det han kan tilføre oss som lag.

Duellen

Og Mazet har definitivt bidrege positivt til det franske landslaget gjennom sine åtte år som trenar der. No må Fourcade og resten av laget klare seg utan, og han meiner Thingnes Bø har like stort potensial som Fourcade.

Mazet

PÅ PLASS: Siegfried Mazet er på plass i Sandnes, for å følgje dei norske skiskyttargutane under Blinkfestivalen.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

– Forskjellen er at Martin (Fourcade journ.anm.) er meir stabil. Johannes er enno ikkje stabil nok til å vinne verdscupen samanlagt, men kanskje om eitt år eller to. Potensialet er der, seier Mazet til NRK.

Thingnes Bø gler seg til å møte franskmannen i konkurranse til vinteren.

– Det står att å sjå kven som går sigrande ut av den duellen. Men at me har fått ein fordel av å ha med Mazet som ny trenar, er eg 110 prosent sikker på. Han har gjort meg betre, og eg håpar det kan vere X-faktoren som hevar oss til same nivå som Fourcade.

Mazet

SUKSESS: Frankrike har opplevd stor suksess med Mazet som skytetrenar

For å komme seg dit, er det særleg ein ting nordmennene har jobba med.

– Det er mykje likt, men den største forskjellen er det mentale. Det blir sett høge krav.

Nye impulsar

Thingnes Bø har allereie fått merke skilnaden etter at Mazet tok over som skyterenar for skiskyttarherrane.

Johannes Thingnes Bø

GULLGUT: Johannes Thingnes Bø håpar å vinne endå meir med Mazet på laget.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Eg har hatt stor nytte av han som trenar allereie, og håpar å kunne bygge vidare på det i tida som kjem.

23-åringen leverte ein god fjorårsvinter, og sjølv med to gull i VM i Holmenkollen, kunne det nok blitt endå fleire med betre klaff på standplass.

– Det måtte endringar til. Me har alltid vore det eine bomskotet frå. Me håpar at det ekstra løftet me får no, vil gje oss fleire toppresultat.

Mazet skal løfta fokuset på skytinga.

– Før har det vore mykje fokus på langrenn og mindre på skyting. Skal ein vinne i internasjonal skiskyting må ein gå fort, men også skyta fullt, seier Mazet.

– No har det vore likt i mange år, og den norske filosofien har vore lik heilt sidan Ole Einar byrja. Me har godt av litt innspel frå ein anna nasjon. Særleg av han som har gjort det so godt med Frankrike.

Siste nytt

  • Ingen Stina Nilsson i Toblach

    En forkjølet Stina Nilsson deltar ikke i de to verdenscuprennene i langrenn i Toblach til helgen.

    Nilsson vant sprinten i Davos sist lørdag. I søndagens 10 kilometer i fri teknikk endte hun på 31.-plass.

    Verdenscup ski nordiske grener.
    Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
  • Ødegaard ute med brudd i foten

    Martin Ødegaard vil ikke spille mer for nederlandske Heerenveen før jul. 18-åringen har pådratt seg et brudd i foten. Det bekrefter pappa Hans Erik Ødegaard til Aftenposten mandag.

    – Det er et brudd oppe på den ene vristen, sier Ødegaard til avisen.

    Martin Ødegaard går dermed glipp av de siste tre seriekampene før julepausen.

    Martin Ødegaard
    Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
  • Sørloth og Wikheim med nye mål

    Alexander Sørloth og Gustav Wikheim var involvert i samtlige mål da Midtjylland vant 4-0 over Randers i dansk superliga mandag.

    Sørloth ga Midtjylland ledelsen etter 32 minutter. Wikheim toppet kvelden med å sette inn kveldens fjerde mål.

    Pressetreff før Norge - Nord Irland
    Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal