Hopp til innhold

Noregsmeisteren gjekk på trynet då han sette pers: – Verd det

Oppskrapa, blodig arm og rygg. Det var prisen Noregs raskaste mann måtte betale for personleg rekord på 100 meter.

Even Meinseth

BLODIG: Noregs raskaste mann fotografert under NM i Bergen i 2020. Innfelt er beviset på den ferske rekorden og dei tilhøyrande såra.

Foto: Ørn E. Borgen/Even Meinseth / NTB/Privat

NRK snakkar med Even Meinseth ein liten time etter uhellet under eit friidrettsstemne i Sverige søndag kveld.

Han er både lykkeleg over å ha sprunge 100 meter på 10,29, noko som er eitt hundredel raskare enn hans førre rekord, og litt oppgitt over det han sjølv omtaler som «frykteleg klønete».

– Eg prøvde desperat å halde meg på beina, seier han, nærast lattermildt.

Rekorden vart nemleg sett på ein svært spesiell måte.

Då Meinseth skulle lene seg framover og dytte brystkassa over målstreken, klarte han ikkje å halde igjen resten av kroppen. Dermed gjekk han rett i bakken, og både armen og ryggen vart skrapa grundig opp.

– Det var verd det, for det vart jo pers, men det gjorde ordentleg vondt å dusje etter løpet, seier han.

VIDEO MED LØYVE: @evenmeinseth/Twitter.

Sleit med «Warholm-skade»

Meinseth fekk sesongstarten øydelagt av ein strekk i hamstringa i april – same type skade som gjer at Karsten Warholm no kjempar for å rekke VM. Strekken gjorde at sprintaren ikkje kunne spurte på ein snau månad, noko han bar preg av under førre vekes Trond Mohn Games i heimbyen.

Då sprang han inn til tida 11,21.

– Fram til eg vart skadd, så kjende eg at eg hadde noko veldig bra på gang, men no er eg framleis eit lite stykke unna å halde heilt i 100 meter, forklarer 26-åringen.

Den ferske rekorden smaker ekstra godt etter å ha trøbla såpass nokre månader, men Gular-sprintaren ser absolutt ikkje for seg at det stoppar her.

– Eg trur eg kan springe ned mot 10,20 denne sesongen. Kanskje endå raskare òg, seier Noregs raskaste mann.

Sprintaren er ein av fleire som håpar å kvalifisere Noreg til stafettlaget på 4x100 meter i europameisterskapet i sommar, saman med mellom anna Salum Kashafali.

EM-kravet på 100 meter individuelt ligg på 10,16 sekund.

Les også Kallar nye EM-krav «amøbeopplegg»: – Latterleg

DQ4WFeqXtEU

Klar for Bislett

No håpar han at skaden frå april snart er eit unnagjort kapittel, og at dei ferske såra ikkje skal by på problem framover.

– Eg vart bekymra med éin gong, for kroppen var full av adrenalin, og då er det umogleg å vite korleis ein eigentleg har det. Men eg håpar og trur at dette ikkje skal plage meg, og at eg er klar til torsdag.

Då står sjølvaste Bislett Games på programmet.

Meinseth skal springe under dei nasjonale øvingane. Seinare på kvelden må han vike plass for stjernene som skal måle kreftene i Diamond League-konkurransane.

Siste nytt

  • To Carlsen-seirer i Tyskland

    Sjakkstjernen Magnus Carlsen vant begge sine partier torsdag og ligger alene på toppen av Chess Classic i tyske Karlsruhe etter seks runder.

    Nordmannen står med fire poeng etter de første seks rundene og har ett poeng ned til sine nærmeste konkurrenter. Torsdagens seirer kom mot Vincent Keymer (Tyskland) og Richard Rapport (Romania).

    Turneringen spilles i formatet «rask klassisk», som betyr at spillerne har 45 minutter på klokka og får ti sekunder ekstra for hvert trekk.

    Alle de seks deltakerne skal møte hverandre to ganger hver innledningsvis, før det er finale, kamp om tredje- og femteplass 2. påskedag.

    Det er første gang turneringen arrangeres etter koronapandemien. Carlsen har vunnet turneringen to ganger tidligere og er tittelforsvarer ettersom han vant i 2019. (NTB)

    Magnus Carlsen Samarkand
    Foto: Lennart Ootes / Fide
  • Medier: Liverpool gir opp Alonso-jakten

    Både The Times og The Telegraph skriver torsdag kveld at Xabi Alonso neppe blir Liverpool-manager når Jürgen Klopp gir seg i sommer.

    Den nåværende Bayer Leverkusen-treneren skal nemlig ønske å bli i den tyske klubben etter sesongen.

    Alonso er i ferd med å lede Leverkusen til klubbens første seriemesterskap. Med åtte kamper igjen av Bundesliga, leder de med ti poeng ned til Bayern München.

    Begge avisene skriver at det er to navn som skiller seg ut for Liverpool når Klopp går av etter ni år i jobben. De er Brighton-manager Roberto de Zerbi og Sportings Ruben Amorim.

    Xabi Alonso
    Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters
  • Leicester sparket treneren – skal ha hatt forhold til spiller

    Leicesters kvinnelagstrener Willie Kirk har mistet jobben. Ifølge engelske medier skal grunnen være et forhold til en av klubbens spillere.

    Leicester bekrefter sparkingen på sine nettsider torsdag kveld.

    «Etter en grundig intern disiplinær prosess, har det blitt avdekket at Willie har brutt lagets etiske retningslinjer», heter det i uttalelsen.

    The Guardian og The Athletic melder at Kirk skal ha hatt et forhold til en spiller. Kirk ble suspendert tidligere i mars da klubben skulle etterforske påstandene, og nå har de kommet til den konklusjon at Kirk må gå.

    Kirk ble direktør i klubben i juli 2022 og tok noen måneder senere over treneransvaret.

    Assistenttrener Jennifer Foster og førstelagstrener Stephen Kirby får det midlertidige ansvaret for klubben som er nummer ni i den engelske toppdivisjonen. (NTB)

    Willie Kirk
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal