Hopp til innhold

Noregsmeisteren blei tatt av snøskred: – Eg hadde sikkert gode odds for å døy

Thilo Schröter (26) er i dag Noregs beste klatrar, men då han var 15 år gamal tok idretten ei dramatisk vending.

Tilo Schöter

NÆR DØDEN: Thilo Schröter blir rekna som ein av Noregs beste buldrere og sportsklatrarar. Ein vinterdag i 2011 kunne endra alt.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Schröter var ifølgje seg sjølv ein «uerfaren» isklatrar, då han opplevde marerittet.

Thilo Schrøter

SER TILBAKE: Schröter har vage minne frå ulykkesdagen, men det har ikkje prega buldreren så langt i karrieren.

Foto: Camilla Alexandra Lie / NRK

Saman med ein kompis klatra Schröter opp Tjønnstadberget på Rjukan, men turen opp fjellet skulle brått bli avbrote. Plutseleg tok eit snøskred tak i den 15 år gamle guten.

Så vart alt svart.

Eg tenkte eigentleg berre «fuck, no brenn det på dass». Eg hadde sikkert gode odds for å døy, seier 26-åringen til NRK, litt over ti år etter ulykka.

Veldig flaks

Snøskredet gjorde at han stupte mellom 30 og 40 meter rett ned, tror han.

På vegen trefte den unge klatraren eit svaberg.

Det var veldig flaks at det var skuldra som trefte veggen og ikkje hovudet. Det er sikkert mange måtar eg kunne treft veggen på som hadde gjort at det kunne gått mykje verre.

Trass den harde samanstøyten, «slapp han unna» med fleire brot i skulder og olboge. Schröter fortel at han fekk operert inn tre skruar i skuldra slik at brota kunne vekse saman igjen.

Han kjenner seg «heldig».

Thilo Schöter

FALL: Der var opp Tjønnstadberget på Rjukan Schröter vart teke av eit snøskred.

Foto: Øystein Økter / NRK

Hadde det ikkje vore for sikringstaua, som hang rundt klatraren, kunne det gått ordentleg gale.

Viss eg ikkje hadde vore festa, hadde eg falle heile vegen ned. Det hadde ikkje vore så bra.

Han hugsar lite frå fallet, men seier at han kjende seg makteslaus der han hang.

Eg kunne berre håpe på det beste, seier Schröter.

Fekk flyskrekk

Etter kvart vart han ført bort av eit redningsteam som rykte ut til ulykkesstaden.

Hendinga gjorde at han vart sett på sidelinja i fleire månader. Den skulle òg prege livet hans på spesielt eit område.

Flyturar.

Det var ganske ille i starten. Når det var letting og landing, eller det vart ei sånn berg-og-dal-bane-kjensle, kjende eg på det same suget som då eg fall.

Underbevisst vart eg litt anstrengd i sånne situasjonar. Kroppen reagerte på ein annan måte enn hovudet, og pulsen gjekk opp, seier han.

Flyskrekken utvikla seg til å bli eit problem for Schröter, som var avhengig av transportmiddelet for å delta i konkurransar og turneringar.

Han måtte jobbe med seg sjølv.

Eg sa til meg sjølv at «viss du har lyst til å drive med klatring, så er du avhengig av å flyge for å komme deg på konkurransar. Viss ikkje må du slutte å klatre», forklarer 26-åringen, som rett og slett bad seg sjølv om å skjerpe seg.

Hovudet måtte ta ein samtale med kroppen. Ein liten alvorsprat, fortel klatraren.

– Betre på å bedømme

Sjølv om flyskrekken tok tak i han i ein periode etter ulykka, hadde frykta for å gjere det 26-åringen elskar, aldri slått inn.

For ein ting var sikkert: Det var uaktuelt å slutte med klatring.

Kjærleiken for idretten har alltid vore sterk, og trass i ulykka, er det i fjellet og naturen Schröter trivst best.

Thilo Schrøter

KLATRAR: Schröter konkurrerer under noregsmeisterskapen i buldring denne veka.

Foto: Camilla Alexandra Lie / NRK

Eg klatrar mest ute på steinar. Det er det som er essensen av klatring, så prøver ein å attskape det innandørs. For meg og veldig mange andre er det å klatre ute på steinar det som er aller morosamt.

Kva lærte du av ulykka?

Eg trur eg har vorte endå betre på å bedømme fare etter den ulykka. Eg har alltid vore ganske god på å sjå at noko har ein potensielle fare. Eg har faktisk skjønt at det går an å døy. Når ein er liten, så tenkjer ein ikkje på det.

Går for gull

26-åringen, som er fødd i Nederland med tyske foreldre, har dei siste åra herja med resten av klatre- og buldreeliten i Noreg. Trass sin unge alder står han med fem NM-gull og ei rekkje internasjonale bragder, mellom anna gull i tre nordiske meisterskapar.

Søndag kjempar han for det sjette NM-gullet sitt.

Som alltid møter ein opp for å gjere det best mogleg og prøve å vinne. Det er det eg siktar på. Men det er eit sterkt felt, så får vi sjå korleis det går, seier Schröter.

Siste nytt

  • Spanske myndigheter griper inn – skal «overvåke» landets fotballforbund

    Spanias fotballforbund har havnet under lupen til den spanske regjeringen som følge av flere skandaler det siste året.

    Forbundet skal de neste månedene «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD).

    – Regjeringen vedtok denne avgjørelsen for å rette opp i den alvorlige situasjonen RFEF er i, slik at forbundet kan fornye seg under stabile forhold, står det i en melding fra CSD.

    Idrettsrådet har tette bånd til Spanias idrettsdepartement.

    Det har stormet rundt landets fotballforbund siden det mye omtalte kysset på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Da ble nybakt verdensmester Jenni Hermoso kysset på munnen av Spanias daværende fotballpresident Luis Rubiales.

    Senere trakk Rubiales seg fra vervet på grunn av bråket som fulgte, men ro i RFEF ble det ikke.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon. (NTB)

    Soccer Spain Rubiales
    Foto: Manu Fernandez / AP
  • Helseth og Kavlie rett til finale i ro-EM

    Thea Helseth og Inger Kavlie rodde Norges dobbeltsculler til heatseier og booket finaleplass på EMs første dag.

    Den nykomponerte duoen fikk tiden 6.51,81 og vant det andre heatet med over ett sekunds margin på Romania.

    Resultatet betyr at Helseth og Kavlie slipper å ro oppsamling og kan se fram mot søndagens A-finale i ungarske Szeged.

    Nylig var Helseth på pallen med Jenny Rørvik i verdenscupen, men i EM ble Rørvik byttet ut med Kavlie. Trioen kjemper om to plasser i båten i OL. (NTB)

    sq1_1fpr_pQ
    Foto: NTB
  • TV 2: Patrick Thoresen sier ja til å spille for Norge i ishockey-VM

    Det bekrefter hovedpersonen selv til TV 2.

    Thoresen sier han og landslagssjef Tobias Johansson har hatt tett kontakt den siste tiden.

    – Det har tent en liten glød i meg. Jeg kjente for to, tre år siden at jeg var ferdig med landslaget og at jeg hadde gjort mitt. Men nå har jeg har hatt en veldig god sesong i en alder av 40, og når landslagsledelsen ser noe i meg, og sier jeg kan bidra med noe både på og utenfor isen, så vekker det noen følelser jeg trodde var borte, sier han til TV 2..

    Thoresen ga seg på landslaget før VM i 2022, men har nå snudd.

    Patrick Thoresen
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal