Den beste skihopparen i verda, Halvor Egner Granerud, har vunne seks verdscuprenn til no denne vinteren. Men på grunn av karantenereglementet får han ikkje kjempe om NM-gull neste veke.
– Eg har jo sett det komme litt. Men det er jo sjølvsagt trist. NM er eit renn med høg status, og det er noko eg trur alle vi som reiser rundt og hoppar verdscup har lyst til å vere med på, seier Granerud.
Saman med Marius Lindvik, Daniel André Tande, Johann Forfang, Robert Johansson og Thomas Aasen Markeng får ikkje Granerud delta i NM som blir arrangert i Granåsen tysdag neste veke, sjølv om dei er heime mellom konkurransar i Zakopane og Lahti.
– Det er litt bittert, seier han til NRK.
Granerud manglar nemleg berre gullmedaljen frå ein norsk meisterskap. Frå før har han to sølv og to bronse frå liten bakke.
– Eit NM-gull er noko som heng veldig høgt. Det er ein ting som eg føler det er lett å ha teljing på. Det å ha flest NM-medaljar er noko eg trur alle har lyst til. Det er òg ein måte å styrkje ein posisjon i norsk hopphistorie, og det har i alle fall eg lyst til, seier Asker-hopparen.
For han har det likevel aldri vore aktuelt å stå over verdscup for å delta i NM.
Fått nei frå lokale styresmakter
Skiforbundet har gjort eit forsøk på å få ein dispensasjon for landslagshopparane til å kunne delta i meisterskapen, men har vorte avvist av lokale styresmakter i Trondheim.
– Enn så lenge er tilbakemeldingane at det treng vi ikkje å bruke så mykje energi på, seier sportssjef i hopp, Clas Brede Bråthen.
Hopparane har likevel ikkje gitt heilt opp. No skal dei gå til høgare instansar for å sjekke ut moglegheitene for å få fri frå karantenen.
Bråthen meiner likevel at sjansen er liten for at dei få gjennomslaga.
– Vi føler at dette er noko utøvarane våre fortener, at vi sjekkar moglegheitene godt. Vi føler vi tek dei på alvor når vi henvender oss på ein ryddig og ordentleg måte og sjekkar, sjølv om vi er veldig førebudde på at svaret er nei, seier Bråthen til NRK.
Moglegheit for dei «tredje beste»
I tillegg til dei seks som skal hoppe verdscup i Zakopane, er det ytterlegare seks hopparar som er tekne ut til kontinentalcup i Innsbruck. Sander Vossan Eriksen, Sondre Ringen, Anders Håre, Andreas Granerud Buskum, Benjamin Østvold og Bendik Jakobsen Heggli.
Likevel vil det truleg vere over 50 hopparar på plass i NM i stor bakke neste veke. Granerud og Bråthen meiner dette er ein gylden moglegheit for dei heimeverande hopparane til å vise seg fram.
– Det vil framleis vere ganske høgt nivå. Det er fleire enn dei 12 som er ute og representerer som hoppar godt på ski i Noreg, så nivået kjem nok til å vere bra. Det er ei god moglegheit for dei mindre kjende til å vise seg fram, seier Granerud.
– Vi er jo i den heldige situasjonen i Noreg at vi har veldig mange gode skihopparar, legg Bråthen til.
Sportssjefen påpeikar òg at det er kort veg frå tredje beste nivå i Noreg til dei aller beste. Han trekkjer fram Graneruds forvandling som eit døme.
– Eg er ikkje sikker på at Halvor hadde fått ein pallplass i fjor om det hadde vore ein tilsvarande situasjon.