Noregs maratonstjerne vil trene med Tønseth: – Bli med til Kenya

OSLO/LISBOA (NRK): Ingen var raskare på løpebanen enn Sondre Nordstad Moen og Didrik Tønseth da dei var 13 år. Nå inviterer Moen Tønseth med på høgdeopphald i Kenya og vil at han skal prøve seg på maraton.

Didrik Tønseth og Sondre Nordstad Moen

Tønseth har fortald at han vil satse på springing den dagen langrennskarrieren er over. Moen vil gjerne ta opp tråden frå barndomen og gjere Tønseth til ein enda betre løpar.

Foto: NTB scanpix

Da Didrik Tønseth og Sondre Nordstad Moen vaks opp på kvar si side av byen i Trondheim, var dei begge barnestjerner.

Dei var like gamle og dominerte både i langrennsløypa og på friidrettsbanen. Som 13-åringar sprang dei på tider på 1500 meter svært få har slått seinare.

Var landets raskaste som 13-åringar

– Da sprang me veldig fort. Eg trur me framleis har den fjerde og femte beste tida for den alderen, seier Moen om dei regionale ungdomsleikane der dei to var nummer ein og to.

Tønseth og Moen

Nordstad Moen sprang på 4.22,23, medan Tønseth sprang nokre hundreler saktare på 4.22,93 på 1500 meter som 13-åringar.

Foto: Bård Olav Moen / Privat

I langrennsløypa var det ofte berre Nordstad Moen frå Strindheim som var betre enn Tønseth frå Byåsen. Men som junior valde han bort skia og satsa fullt på springing.

Avisutklipp av tønseth og moen
Foto: Utklipp frå Trønderavisa

– Han var betre på ski enn det eg var. Eg slo han av og til i springing, men på ski var eg sjanselaus eigentleg, fortel Tønseth.

Tønseth kutta etter kvart ut piggskoa, men fekk sin internasjonale debut som løpar i EM-terrengløp sist helg.

I helga er han tilbake med på ski på beina i Davos, men Sondre Nordstad Moen vil sjå Tønseth meir i løpskonkurransar.

– Eg trur ikkje me har sett det beste av løparen Didrik. Dei spring jo mykje på trening, men samtidig krev langrenn mange andre eigenskapar i dag som styrke i overkroppen. Han har nok ein langt betre motor, enn det han evnar å få ut gjennom løpssteget sitt, seier Moen.

Tønseth: – Kjem til å henge som eit slips

Tønseth har fortald at han vil satse på springing den dagen langrennskarrieren er over. Barndomsrivalen vil gjerne ta opp tråden og gjere Tønseth til ein enda betre løpar.

– Det er berre å pakke bagen og bli med til Kenya, gliser 28-åringen, om sitt andre heimland der han bur lange periodar på høgdesamling

Nordstad Moen i Doha

I haust sprang Nordstad Moen 10.000 under VM i Doha, men det store måla dei siste året har vore maratonløpet i OL i Tokyo neste år.

Foto: Lise Åserud / NTB Scanpix

– Han er absolutt hjarteleg velkomen til å trene med meg, om han har lyst til å trene meir springing. Og kanskje prøve seg mot OL i maraton, seier Moen.

Når Tønseth får høyre om tilbodet i Lisboa tenner han med ein gong på tanken.

– Det hadde vore kult. Men eg må ha nokre veker med trening før eg hiv meg med han. Kjem jo til å henge som eit slips bak han.

Sondre seier han du er velkomen til å bli med til Kenya?

Eg treng nok ikkje eit fire vekers opphald i Kenya, det hadde ikkje kroppen min tolt. Men det hadde vore artig og vere med ei stund. Ei veke skulle eg klart.

Utklipp av Moen og Tønseth
Foto: Utklipp frå Adressavisen

– Ville slite med meg på maraton

Kanskje treng Tønseth hjelp frå barndomsrivalen, for 25.-plassen i EM, var han ikkje fornøgd med.

– Eg trudde eg var sprekare enn det eg var. Det straffar seg ofte i springing. Eg er skuffa og får ikkje ut det eg er god for, meinte Tønseth.

Tønseth og Henrik Ingebrigtsen

I haust tok Didrik Tønseth sølv i NM-terrengløp og fekk dermed sjansen i EM i Lisboa.

Foto: Tore Meek / NTB Scanpix

Løparen med verdscupssigrar og VM og OL-gull i stafett har fleire gonger sagt at Moen kunne blitt ein langrennsløpar i verdstoppen. Men kunne Tønseth blitt ein like god løpar som Sondre Nordstad Moen?

– Det er vanskeleg og seie. Han har jo kapasiteten og er ein god løpar. Eg likar å tru at han hadde slite med meg på maraton iallfall, gliser 28-åringen.

Nordstad Moen sprang i 2017 inn til europarekord på maraton som i dag framleis er den beste maratontida gjort av ein mann fødd i Europa

Siste nytt

  • Basket-legenden Kobe Bryant er død

    Det skriver det amerikanske nettstedet TMZ. Politiet i Los Angeles bekrefter på Twitter at fem mennesker har omkommet i en helikopter-ulykke søndag. Ifølge nettstedet TMZ er Kobe Bryant en av disse fem personene. Det melder også kilder til ESPN. Bryant ble 41 år gammel og spilte hele sin NBA-karriere for Los Angeles Lakers, hvor han vant hele fem NBA-titler.

    Former NBA player Bryant attends a community screening for the film "Just Mercy" in Los Angeles
    Foto: Mario Anzuoni / Reuters
  • Ødegaards Sociedad knuste Mallorca

    Martin Ødegaard og Real Sociedad vant 3–0 over Mallorca i La Liga søndag. Svenske Alexander Isak sendte hjemmelaget i ledelsen helt i starten av andreomgang. Et selvmål av Fran Gamez sørget for at det stod 2–0 til Real Sociedad. Ødegaard smelte til etter 81 minutter, og på returen sørget Christian Portu for 3–0. La Real er nå bare to poeng unna fjerdeplassen som gir mulighet for mesterligaspill.

    -
    Foto: Ander Gillenea / AFP
  • Liverpool må ha omkamp

    Liverpool gav bort tomålsleiing og greidde berre 2-2 mot Shrewsbury frå nivå 3 i fjerde runde av FA-cupen. Det betyr omkamp om ti dagar.

    Curtis Jones scora tidleg, og Shrewsbury laga sjølvmål få sekund etter pause.

    Men så sette Shrewsbury inn Jason Cummings, og han scora to gonger - det første på straffe.

    Det blir dermed omkamp på Anfield, og det er nok Shrewsbury mest nøgd med.

    Jason Cummings, Shrewsbury
    Foto: Carl Recine / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal