Hopp til innhold

Noregs forvandling forbløffar: – Beste nokon gong

Ingen slår dei norske jentene for tida. Dei norske skiskyttarkvinnene har ikkje vore utanfor pallen på stafett sidan 2018. Det overraskar skiskyttarekspert Ola Lunde.

Tiril Eckhoff klarte å dra i land sigeren med god skyting på siste ståande. Franske Braisaz og svenske Øberg måtte bruke fleire ekstraskot enn skiskyttaren frå Fossum.

I 2016 fekk Marte Olsbu Røiseland ankeretappen på landslaget under VM på heimebane. Mange vart overraska av det, men endå fleire vart imponerte då ho svarte på tilliten ved å gå Noreg inn til eit overraskande VM-gull i Holmenkollen. Det var kvinnelagets første pallplass på stafett på to år.

No er situasjonen heilt annleis. Dagens siger i Oberhof var langt mindre overraskande når dei norske skiskyttarkvinnene gjekk inn til sin fjerde strake siger. Det siste året har dei aldri vore dårlegare enn nummer to.

– Dette er det beste som har vore nokon gong i skiskyting på damesida. Det er rett og slett ei forvandling samanlikna med det dei har gjort tidlegare. Me har tre kvinner som er heilt i toppen av verdscupen, men me har også andre gode stafettløparar også, seier NRKs skiskyttarekspert Ola Lunde, som innrømmer at han er litt overraska over dei gode resultata.

– Like gode som gutane

Lunde meiner god og tett oppfølging frå trenarar er nøkkelen til suksess. Også dagens ankerkvinne Tiril Eckhoff takkar dei ho har rundt seg.

– Eg er veldig stolt over å ha vore med på å bygge opp det laget her. Ein stor takk til smørjarar og trenarar og heile gjengen som bygger opp resultat på lik linje som gutane, seier Eckhoff.

Skiskyttarjentene har alltid vore litt i skuggen til dei gode resultata til herrelandslaget. No meiner Eckhoff at kvinnene er minst like gode.

– No kan me seie at me er like gode som gutane. Tenk på det! Endeleg.

Tiril Eckhoff hadde teke over ansvaret som ankerkvinne frå Marte Olsbu Røiseland på dagens stafett, og ho leverte ein strålande sisteetappe i hard konkurranse med Frankrike og Sverige. Laga kom likt inn til siste skyting, men ut frå standplass var Eckhoff åleine i tet.

Resultatet er Noregs fjerde strake siger i verdscupen, og det norske kvinnelandslaget har aldri vore betre.

Mens Liv Grete Skjelbreid, Linda Grubben og Tora Berger veksla på å vere Noregs beste kvinne, så har Marte Olsbu Røiseland, Tiril Eckhoff og Ingrid Landmark Tandrevold alle levert resultat i verdstoppen på same tid. Det har resultert i gode stafettar, men også mange topplasseringar i individuelle renn.

Eckhoff er no nummer to i verdscupen samanlagd, Tandrevold nummer tre, mens Røiseland har falt ned til ein 12.-plass etter at ho stod over renna i franske Le Grand Bornand.

– Berre til å leike seg

Eckhoff hadde tatt over ansvaret som Røiseland har brukt å ha, og viste at Noreg har fleire ankerkvinner dei kan stole på. Røiseland gjekk Noreg opp i tet på sin tredje etappe, og sendte Eckhoff ut med ei knapp leiing.

– Det var veldig spennande. Eg er veldig godt nøgd med etappen min. Brukte kanskje eit for mykje ekstraskot, men det var herleg å kunne gje Tirill eit godt utgangspunkt, sa Røiseland etter etappen sin.

– Håper Tiril tek seg tid til å nyte det, og no er det berre til å leike seg med konkurrentane, sa den erfarne ankerkvinna.

Og det var nettopp det Eckhoff gjorde. Ho nøya seg med eit ekstraskot på siste skyting, mens svenske Hanna Øberg og franske Justine Braisaz måtte bruke fleire ekstraskot. Eckhoff gjekk ut frå siste skyting med sju sekund ned til Øberg. Avstanden berre auka ut på siste etappe i dei isete løypene i Oberhof, og Eckhoff kunne gå i mål til Noregs tredje stafettsiger denne sesongen av tre moglege.

– Det er rått, og me har ein skikkeleg bra lagkultur, sa den eldste på laget, Synnøve Solemdal etter målgang.

Ho leverte sjølv ein god etappe, trass tre ekstraskot på første etappe.

– Eg er stolt av laget i dag, sa Røiseland etter målgang, og viste til at det var dårlege skytetilhøve i Oberhof i dag, men at Noreg klarte å unngå strafferunden.

God innsats av Tandrevold og Solemdal

Sveits har overraska på stafettane tidlegare denne sesongen, og låg lenge veldig bra an i dagens stafett. Med ein strafferunde på Aita Gasparin på tredje etappe førte sveitsarane langt ned på lista, og dei enda til slutt på femteplass.

Synnøve Solemdal starta for Noreg og trass litt trøbbel på ståande skyting klarte ho å henge med i løypa og veksla på ein åttande plass. Også Ingrid Landmark Tandrevold fekk tre bom på sin andreetappe, og ho tapte fleire sekund til teten på andre etappe. Likevel gjekk ho Noreg opp til ein sjetteplass.

Marte Olsbu Røiseland gjekk ein strålande etappe i den snøfattige løypa i Oberhof. Ho måtte tole to bom på ståande skyting, men gjekk Noreg opp i leiing på sisterunden og sende Eckhoff ut i tet.

Den leiinga tok Eckhoff godt vare på, og ho auka leiinga ned til Sverige på andreplass på sisterunden. Frankrike fekk tredjeplass, mens Tyskland klatra seg opp til ein fjerdeplass.

Sidan januar i fjor har det norske laget teke fire verdscupsigrar i stafett, og dei har aldri vore dårlegare enn nummer to. Det står i sterk kontrast til resultata det norske kvinnelandslaget brukte å ha på stafett.

Då Noreg vann eit overraskande VM-gull i stafett i 2016 hadde dei ikkje vore på pallen på to år. No er alt snudd opp ned, og Noreg har altså ikkje vore utanfor pallen på over eit år.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • To Carlsen-seirer i Tyskland

    Sjakkstjernen Magnus Carlsen vant begge sine partier torsdag og ligger alene på toppen av Chess Classic i tyske Karlsruhe etter seks runder.

    Nordmannen står med fire poeng etter de første seks rundene og har ett poeng ned til sine nærmeste konkurrenter. Torsdagens seirer kom mot Vincent Keymer (Tyskland) og Richard Rapport (Romania).

    Turneringen spilles i formatet «rask klassisk», som betyr at spillerne har 45 minutter på klokka og får ti sekunder ekstra for hvert trekk.

    Alle de seks deltakerne skal møte hverandre to ganger hver innledningsvis, før det er finale, kamp om tredje- og femteplass 2. påskedag.

    Det er første gang turneringen arrangeres etter koronapandemien. Carlsen har vunnet turneringen to ganger tidligere og er tittelforsvarer ettersom han vant i 2019. (NTB)

    Magnus Carlsen Samarkand
    Foto: Lennart Ootes / Fide
  • Medier: Liverpool gir opp Alonso-jakten

    Både The Times og The Telegraph skriver torsdag kveld at Xabi Alonso neppe blir Liverpool-manager når Jürgen Klopp gir seg i sommer.

    Den nåværende Bayer Leverkusen-treneren skal nemlig ønske å bli i den tyske klubben etter sesongen.

    Alonso er i ferd med å lede Leverkusen til klubbens første seriemesterskap. Med åtte kamper igjen av Bundesliga, leder de med ti poeng ned til Bayern München.

    Begge avisene skriver at det er to navn som skiller seg ut for Liverpool når Klopp går av etter ni år i jobben. De er Brighton-manager Roberto de Zerbi og Sportings Ruben Amorim.

    Xabi Alonso
    Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters
  • Leicester sparket treneren – skal ha hatt forhold til spiller

    Leicesters kvinnelagstrener Willie Kirk har mistet jobben. Ifølge engelske medier skal grunnen være et forhold til en av klubbens spillere.

    Leicester bekrefter sparkingen på sine nettsider torsdag kveld.

    «Etter en grundig intern disiplinær prosess, har det blitt avdekket at Willie har brutt lagets etiske retningslinjer», heter det i uttalelsen.

    The Guardian og The Athletic melder at Kirk skal ha hatt et forhold til en spiller. Kirk ble suspendert tidligere i mars da klubben skulle etterforske påstandene, og nå har de kommet til den konklusjon at Kirk må gå.

    Kirk ble direktør i klubben i juli 2022 og tok noen måneder senere over treneransvaret.

    Assistenttrener Jennifer Foster og førstelagstrener Stephen Kirby får det midlertidige ansvaret for klubben som er nummer ni i den engelske toppdivisjonen. (NTB)

    Willie Kirk
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal