– Vi ventar at Noreg kjem til å gjere alt for å få oss ut av vårt spel. Noreg er generelt i lagspel dyktige, og det er dei jo i hockey og. Så vi ventar at dei kjem til å stå i mot veldig bra, seier den svenske landslagssjefen Rikard Grönborg.
Noreg har tapt sine to første kampar mot Russland og Tsjekkia, og sjølv om dei i dag er veslebror i møte med storfavoritt Sverige, så er det mange som minnast kampen for åtte år sidan, då Noreg slo Sverige 5–4 i VM.
– Eg har ikkje vore med på det før, så det hadde jo vore gøy. Eg får håpe vi kan gjenskape suksessen, seier Patrick Thoresen.
– No er dei blitt verdsmeistrar to år på rad. Dei er best og har 23 NHL-spelarar i laget sitt, så vi må berre sørge for å gjere vår jobb så godt som mogeleg. Så er det alltid ein draum om å stele noko av svenskane. Men det blir tøft, seier landslagstrenar Petter Thoresen.
Trur det blir tøff kamp
Og sjølv om Sverige er soleklar favoritt, så har svenskane også respekt for det norske laget og forventar seg tøff motstand i nabokampen. Vancouver Canucks-proffen Loui Eriksson meiner Noreg har blitt betre og betre for kvart år i VM.
– Dei kjem til å gjere alt for å slå oss. Eg har spelt nokon kampar mot dei i tidlegare VM og får dei i gang sitt spel, så blir det tøft. Det blir kult å spele mot dei, seier Eriksson til NRK.
– Noreg har veldig mange bra spelarar og vi har mykje respekt for dei, så det kan bli ein tøff kamp, seier Sverige sin kaptein Oliver Ekman-Larsson.
Vanskeleg jobb for målvaktene
Noreg har sleppt inn 12 mål på sine to første kampar i dette VM. Det er noko den norske trenaren håpar å kunne rette på til møtet mot Sverige i dag.
– Ein veldig viktig del av dette er jo at vi klarar å gjere forholda for målvaktene våre betre, for dei har ikkje hatt lette arbeidsforhold rundt seg i våre to første kampar. Det er litt av jobben til dei fem utpå der å sørgje for at målvaktene våre har mogelegheita til å spele betre, seier Thoresen.
Noreg har opna VM med 2–5 mot Russland og 2–7 mot Tsjekkia.
Og landslagssjefen må nok vedgå at oddsen for norsk siger er høg.
– Ja, det skjer jo ein av hundre gonger at vi gjere det.
- Noreg-Sverige blir spela klokka 20.15 måndag kveld.