– Det irriterer meg når me leiar med fire mål til pause. Så mistar me det på eitt blunk. Me må gå i oss sjølve. Den andre omgangen her held ikkje mål, seier Camilla Herrem etter kampslutt.
Både Noreg og Nederland var vidare før kampen, men med siger kunne begge lag ta med seg fire poeng inn i hovudrunden.
Stor forskjell på fire og to poeng
Noreg leia med fire mål til pause og såg ut til å ha kontroll på gruppesigeren. Men der fyrste omgangen var imponerande, var andre omgang langt under pari.
Nederland kom tilbake og var for fyrste gong i føringa da det stod igjen ti minutt på klokka. Da rakna alt for Noreg, det blei skotbom på skotbom og Nederland var best da det galdt som mest.
Nå blir det langt tøffare å nå ein semifinale.
– Det er ein stor forskjell. Det beste hadde vore å gå inn med fire poeng sjølvsagt. Men det er mykje forskjellige resultat i den pulja me møter også. Nederland er eit bra lag, så det er ikkje slik at me har drite oss ut, seier Herrem.
I hovudrunden møter Noreg Sør-Korea, Tyskland og Danmark som slo ut dei regjerande verdsmeistrane Frankrike i siste gruppespelkamp.
Ingen av dei laga har med seg full pott vidare.
Fordel at Frankrike er ute
NRKs ekspert Kenneth Gabrielsen trur Noreg har 50/50 sjanse til å nå ein semifinale nå.
– Den er mindre nå som det berre blei to poeng med vidare, men moglegheita er der absolutt. Eg trur det blir tre svært tøffe kampar i hovudrunden, der mange av laga kjem til å ta poeng frå kvarandre, meiner Gabrielsen.
Han ser på det som ein stor fordel at Frankrike er ute og at det er Danmark Noreg fyrst møter i hovudrunden på søndag.
– Frankrike har eit høgare toppnivå enn dei andre laga. Det er veldig overraskande at dei er ute. Eg trur det er bra for Noreg å få Danmark på søndag i den fyrste kampen.
Kaptein Stine Bredal Oftedal var også svært overraska over at Frankrike er ute.
– Det er heilt vanvitig. Fordi Frankrike har vunne dei to siste meisterskapa og nå er dei ute i gruppespelet. Det viser at nivået er høgt og det er veldig kult, seier Oftedal som trur Noreg framleis har gode semifinalesjansar.
– Vinn me alle kampane er me vidare uansett. Me er litt meir sårbare nå, men det øydelegg ingenting.
Noreg var klart best i fyrste omgang
Noreg gjekk til pause med firemålsleiing og 18-14. Men etter pausen kom eit heilt anna nederlandsk lag på banen.
Etter 43 minutt hadde dei tatt igjen Noregs leiing og laga var like langt med 23-23. Sju minutt etter var dei for fyrste gong i føringa i kampen.
Dei siste ti minutta raknar det heilt for Noreg. Det blir skotbom på skotbom og Noreg får berre inn ti mål i andre omgang.
Nederland vunne alle kampane etter å ha gått på sjokktap mot Slovenia i opningskampen, men hadde ikkje vunne over Noreg sidan 1999. I meisterskap hadde dei aldri slått Noreg før i dag.
Nå blir Danmark neste motstandar på søndag for Noreg. På måndag ventar Sør-Korea, medan Tyskland er siste motstandar på onsdag.