NRK Meny
Normal

– Vi gav dei tre poeng for å vere hyggelege

Thomas Ulsrud og hans buksekledde lagkameratar slo utan særlege vanskar heimelaget Russland 9-8 i sin andre OL-kamp i curling.

Thomas Ulsrud

Thomas Ulsrud og hans lag hadde god kontroll mot Russland

Foto: INTS KALNINS / Reuters

Noreg opna OL-turneringa med 7-4 over USA måndag.

La ut «lokkemat»

Sjølv om siffera vart så knappe som 9-8, hadde Noreg kontroll heile vegen. Dei tok tidleg leiinga 3-0 og 5-1. Halveges var leiinga 5-3, og før siste periode leia Noreg 9-5.

– Me gav vekk tre poeng til russarane slik at det skulle sjå fint ut i avisa. Heilt på slutten har ikkje Russland sjanse til å vinna kampen, så me vel å leggja igjen litt lokkemat, sa Christoffer Svae til NRK.no.

– Dei har tapt så mange kampar no at vi ville vere litt hyggjelege med dei og gje dei eit resultat som såg jamnt ut, la skip Thomas Ulsrud til.

Med vilje

Alt midt i den siste perioden var det klart at Russland ikkje ville makte dei fire poenga dei måtte ha for å få ein ekstraomgang. Dermed var det heilt utan betydning at russarane fekk avslutte med 3-0 i siste omgang, til enorm jubel frå heimepublikummet.

– Viss dei der heime synest det såg litt rart ut at me berre gav frå oss tre poeng, så var det med vilje, sa Svae.

Noregs neste kamp er mot Tyskland onsdag morgon.

Siste nytt

  • Tap for Manchester City

    Manchester City tapte 0-1 mot tyske Borussia Dortmund i sin første kamp i sesongoppkjøringen. Mario Götze scoret på straffe i første omgang. Forrige sesongs seriemestere stilte uten flere av sine største stjerner, men Riyad Mahrez spilte fra start.

    FOC-SPO-SOC-MANCHESTER-CITY-V-BORUSSIA-DORTMUND---INTERNATIONAL-
    Foto: ELSA / AFP
  • Wolff Eikrem frigitt

    Magnus Wolff Eikrem er frigitt fra Seattle Sounders, etter kun en halv sesong i klubben. Det bekrefter klubben på sine hjemmesider.

    Det ble 17 kamper og to mål for midtbanespilleren i MLS, der kun seks av kampene var fra start.

    Magnus Wolff Eikrem
    Foto: Ted S. Warren / AP
  • Son signerte forlenget med Spurs

    Tottenhams sørkoreanske stjerne Son Heung-min har signert en ny kontrakt med London-klubben som gjelder til sommeren 2023.

    26-åringen har scoret 47 mål på 140 kamper for Tottenham siden han ble hentet fra tyske Leverkusen sommeren 2015.

    South Korea Heung-Min Son
    Foto: Lee Jin-man / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Tour de France 14.etappe og friidrett Diamond League, London
Friidrett: Diamond League fra London
Tour de France 14.etappe og friidrett Diamond League, London
X Games Minneapolis
X Games Minneapolis -- Menn BMX Dirt Finale | Menn Motorcross Best Whip Finale | Menn Motocross Best Trick Finale | Menn Skateboard Big Air Finale