Blir hylla av sjefen: – Kanskje den beste «Caro» eg har sett

Landslaget måtte tole kritikk etter poengtapet mot Polen. Og i møtet med Belgia svarte dei på tiltale, med ein strålande kamp frå Caroline Graham Hansen.

VM-kvalifiseringskamp fotball kvinner Norge- Belgia

DRAUMEMÅL: Caroline Graham Hansen var i storform mot Belgia.

– Det er veldig fint å stå her og gjere ein god kamp. Vi vart gode stort sett heile kampen. Det er fint for heimepublikummet at vi viser at vi er eit godt lag, seier Sjögren.

Dette var ein heilt anna oppleving enn kampen mot Polen, som enda 0-0. Han påpeikar at dette er ein annan kamp.

– Eg synest vi treffer bra på angrepsspelet. Vi får betre kontakt og relasjonar. Det er òg ein annan type kamp. Denne kampen kjenner eg større etablering i angrepsspelet. Det er mykje som er betre i denne kampen, men det er to ulike kampar. Vi er glade for eit så sterkt resultat mot ein så god motstandar, seier landslagssjefen.

– Det var veldig herleg

Caroline Graham Hansen, som skåra eit praktmål, var naturlegvis fornøgd etter den viktige sigeren.

– Det var herleg å slå tilbake. Vi skulle gjerne vunne større, og det er herleg å vise at vi er eit bra fotballag, seier profilen.

Ho forklarer drøymemålet:

– Eg såg først etter om det kom nokon på løp, men så gjorde det ikkje det. Då tenkte eg at det er berre å prøve sjølv. Vi har hatt mykje éin mot éin på trening, og sånn sett er det noko ein kjenner seg igjen i, seier Graham Hansen.

– Det var veldig herleg. Det er godt å skåre på heimebane når det var så mykje folk som stilte opp i dag, held Barcelona-stjerna fram.

Ho blir hylla av landslagssjefen.

– Caroline som vi såg i dag og som vi har sett i Barcelona i haust, er kanskje den beste «Caro» eg har sett, seier Sjögren.

Allereie før avspark fekk Martin Sjögrens mannskap dårleg nytt, i form av at vingback Julie Blakstad ikkje var klar til å starte kampen.

Dermed måtte Guro Reiten, som vanlegvis spelar som ein offensiv midtbanespelar på landslaget, steppe inn i ein uvand rolle.

– Det blir spennande. Eg har snakka med Martin Sjögren, og som eg alltid seier, så gjør eg det som er best for laget. I dag betyr det ein ny posisjon, så det blir spennande, sa Reiten til NRK før kampen.

Reiten slår inn

Reiten måtte spele i ein noko uvand posisjon mot Belgia.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Draumestart

I kampens første minutt viste Reiten og Noreg fram sin styrke offensivt, i ei periode der Noreg pressa på Belgia. Og allereie før seks minutt var spela fekk Noreg utteljing etter ein corner.

Der var Guro Bergsvand høgast, og stanga Noreg i føringa i berre sin fjerde landskamp for Noreg.

– For ein start på landslagskarrieren for 27-åringen. I dag spelar ho kamp nummer fire, og gjer sitt andre landslagsmål. Og ho er midtstoppar, sa NRKs kommentator Christian Nilssen.

Bergsvand skårer 1-0

Bergsvand feirar ledarmålet.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Etter at Noreg hadde dominert ei periode var det Belgia sin tur, og då blei nettopp Reiten utfordra defensivt. Ein ball blei spelt gjennom bak Reiten, men den Belgiske avslutninga blei blokkert.

– Her ser vi ein venstreback som ikkje er vand med å vere der. Fullstendig ute av posisjon der Reiten, sa NRKs ekspertkommentator Carl-Erik Torp i kommentatorboksen.

Men Noreg blei ikkje straffa, og berre nokre minutt seinare var det Caroline Graham Hansen sin tur til å boltre seg offensivt.

Graham Hansen i duell med Vanhavermaet.

Graham Hansen i duell med belgiske Justine Vanhavermaet.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

– Noreg har kjempekontroll

På ei kontring rygga dei belgiske forsvararane, medan Graham Hansen sette fart mot målet, før ho banka ballen i det nærmaste hjørne, til 2–0 til Noreg. Noko som haldt seg inn til pause.

– Noreg har kjempekontroll på Belgia i denne kampen som vi var litt bekymra for, utbraut Nilssen.

Men der Noreg kontrollerte den første omgangen, var det Belgia som tok kontrollen i den andre. Det tok mindre enn fem minutt før Belgia hadde skaffa seg fleire cornerar.

Og den eine corneren førte enda opp med eit hovudstøyt som gjekk i stolpen og ut, men det blei med skremmeskotet.

For midtvegs i omgangen blei Elisabeth Terland spelt fri i bakrommet berre minutt etter at ho hadde blitt flytta opp på topp. Og aleine med målvakt gjorde ho ingen feil, og meir eller mindre punkterte kampen.

Og i det klokka passerte 90 minutt var det avgjort. Eit sjølvmål etter ei avslutning frå Ingrid Syrstad Engen fastsette resultatet til 4–0, som sende Noreg til topps i VM-kvalifiseringsgruppa.

Slik skjedde det. Sjå NRKs bildegalleri frå kampen:

Feiring på 1-0

Slik skjedde det. Sjå NRKs bildegalleri frå kampen.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

– Noreg er i ferd med å feste grepet om denne gruppa, sa Nilssen.

Siste nytt

  • Tviberg sikret topp 10-plassering

    Maria Tviberg ble beste norske med en åttendeplass i slalåmrennet i Killington. Det er en tangering av hennes karrierebeste i slalåm.

    – Jeg var veldig, veldig nervøs. Jeg er veldig fornøyd og utrolig glad for at jeg kom til mål. Til syvende og siste er det den intensiteten jeg ønsker å kjøre med til mål, sa Tviberg til Viasports reporter.

    Seierskampen stod mellom Mikaela Shiffrin og Petra Vlhova. Sistnevnte ledet etter første omgang, men gjorde en enorm feil i andre og dermed gikk seieren til Shiffrin på hjemmebane.

    – Det var en skikkelig kamp i dag. Jeg kunne høre publikum på start og det var fantastisk, sa en tårevåt Shiffrin på Viasports sending, etter seieren som tydeligvis betydde mye.

    Kristin Lysdahl var beste norske etter den første omgangen, men dessverre for 25-åringen falt hun i andre omgang og kjørte ut. Thea Louise Stjernesund og Mina Fürst Holtmann havnet på henholdsvis nest siste og sisteplass av de som kom i mål.

    Audi FIS Alpine Ski World Cup - Women's Slalom
    Foto: TOM PENNINGTON / AFP
  • Dansk o-veteran legg opp

    Den danske orienteringsløparen Maja Alm legg opp, melder dansk orienteringsforbund.

    Ho er den mestvinnande danske o-løparen i historia med 23 internasjonale medaljar sidan ho debuterte internasjonalt for 14 år sidan. I 2015 tok ho tre VM-gull. Totalt har det blitt sju VM-gull.

    Dansk o-landslag med Maja Alm
    Foto: Remy Steinegger / NTB
  • Dyttet egen keeper: Rødt kort

    En sen straffescoring fra Veton Berisha og et vinnermål fra Sondre Bjørshol ga Viking 3-2 mot Kristiansund i Eliteserien søndag.

    Viking har dermed et godt grep på bronsemedaljen og kan fortsatt ta igjen Molde på 2.-plass. Til Lillestrøm på 4.-plass har de seks poeng med to kamper igjen å spille.

    Mest dramatisk ble det helt på tampen da Vikings David Brekalo fikk rødt kort for å ha dyttet sin egen keeper i det som var hektiske sluttminutter.

    Gunnarsson så ut til å overdrive dytten fra lagkameraten, men dommer tok likevel i bruk det røde kortet etter den bisarre situasjonen.

    Lagene gikk til pause på 1-1 etter mål fra Bendik Bye (Kristiansund) og Kristoffer Løkberg (Viking).

    Viking styrte det meste av annen omgang. Men ikke absolutt alt, for etter 66 minutter gikk Kristiansund opp i ledelsen igjen.

    To minutter før slutt scoret Berisha på straffe etter en hands i feltet, og på overtid sørget Bjørshol for 3-2-seier etter et sugende løp og avslutning fra meget kloss hold.

    Eliteserien i fotball 2021: Kristiansund - Viking (2-3).
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal