Noreg overlegne i generalprøven før VM

AMIENS/OSLO (NRK): Noreg styrka sjølvtilliten framfor mål med å banke inn sju scoringar mot VM-klare Sør-Afrika. Isabell Herlovsen scora tre av måla.

Laster innhold, vennligst vent..

Martin Sjøgrens jenter fekk enkel motstand mot Sør-Afrika i den siste treningskampen før VM.

Noreg vann heile 7–2 etter blant anna hat trick av angripar Isabell Herlovsen.

– Som spiss er det veldig herleg. Det er bra for sjølvtilliten inn mot meisterskapen. Det er godt inn mot VM, seier Isabell Herlovsen.

Med tre mål gjekk også spissen forbi Hege Riise på lista over Noregs mestscorande gjennom tidene. Herlovsen står no med 60 mål totalt. Riise har 59 mål. Marianne Iren Pettersen toppar lista med 66 mål, framfor Linda Medalen (64 mål).

– Veldig fornøgd med det, og det skal ikkje stoppe der, eg skal jobbe hardt vidare, seier Herlovsen

Utsett

Allereie etter seks minutt tok Noreg leiinga ved Vilde Bøe Risa og stillinga til pause var 5–0 til det norske laget.

Kampen måtte utsetjast i overkant av éin time etter at Sør-Afrika kom for seint til kampen på grunn av trøbbel i trafikken.

Kanskje var det difor laget trengde litt tid på å kome i gang. Sør-Afrika heva seg uansett etter pause og reduserte to gonger.

Innbytar Emilie Nautnes avslutta målfesten ved å sette ballen i tomt mål i andre omgang.

– Vi skal glede oss

Noreg stilte utan midtstoppar Maria Thorisdottir som kjente på ein liten muskulær kjenning på oppvarminga før kampen. Ho blei erstatta av Stine Hovland i midtforsvaret.

– Eg er fornøgd med at vi scorar sju. Eg nøgd med mykje, men ikkje med at vi slepp inn to mål. Vi hadde eit mål om å halde nullen, men er gode i angrep i lange periodar. Vi skal glede oss over ein stor siger, seier trenar Martin Sjögren.

Noreg opnar fotball-VM i Frankrike mot Nigeria laurdag 8. juni kl. 21.00.

Sjå nokre av måla her:

Siste nytt

  • Tønseth med ny løyperekord

    Langrennsløpar Didrik Tønset viste seg fram like før sesongstart om to månader. Torsdag sette han ny løyperekord i løpet Bråtesten. Han slo den gamle rekorden til Johan Bugge på 17 minutt og 51 sekund med fem sekund. Johannes Høsflot Klæbo kom i mål til ein 4.-plass med 19,14 på den fem kilometer lange løpet.

    Toppidrettsveka Aure fredag 23 august 2019.
    Foto: Ned Alley / NTB scanpix
  • Raudt kort til Svensson

    AZ Alkmaars Jonas Svensson blei utvist etter berre 28 minutt i AZs europaligakamp motPartizan Beograd. Men AZ leia kampen 1-0.

    Svensson var berre ein av mange nordmenn på bana eller benken i europaligaen i kveld. 10 norske spelarar var i troppen til utanlandske klubbar.

    Jonas Svensson rødt kort
    Foto: Marko Djurica / Reuters
  • Narvik med historisk seier

    Narvik vant sin første kamp i eliteserien i ishockey noensinne da Stjernen ble slått 2-0 torsdag.

    De satte inn 1-0 fem minutter før slutt. Wade Murphy scoret på pasning fra Viktor Jornevik. Seinere økte hjemmelaget til 2-0. (NTB)

    Narvik har en seier og to tap.

    I kveldens andre kamp tok Frisk Asker sin andre strake seier med 2-1 over Manglerud Star.

    Narvik Arctic Eagles og Ringerike Panthers
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal