NRK Meny
Normal

Nordtveit-avgjerd denne veka – Liverpool neste?

Denne veka vil truleg Håvard Nordtveit avsløre kvar han skal spele etter årets sesong. Det kan fort bli Liverpool.

Nordtveit

ENGLAND NESTE? Jürgen Klopp skal vere svært interessert i å hente Håvard Nordtveit frå Gladbach til Liverpool i sommar

Foto: ODD ANDERSEN / Afp

Borussia Mönchegladbachs norske spelar er ettertrakta, og etter denne sesongen går kontrakten hans ut. Han har førebels ikkje forlenga den.

– Eg reknar med at eg tek ei avgjerd om om mi framtid neste veke, sa 25-åringen frå Haugesund til Sky Germany nyleg, ifølgje SportBild.

Han har ei stund vore lenka til Borussia Dortmund, men no har fleire klubbar vist interesse. Dortmunds tidlegare trenar Jürgen Klopp er no Liverpool-manager, og han ønskjer Nordtveit dit. Til sommaren kan han gå til Premier League-klubben på fri transfer.

– Han er eit prioritert mål for Liverpool i sommaren, skriv nettstaden thisisanfield.com.

Nordtveit kom til Gladbach i 2011 etter fire år i Arsenal, der han ikkje fekk ein einaste kamp på A-laget. Men i Bundesliga har han gjort det godt. Han har spela 17 ligakampar denne sesongen, og har scora fire mål frå sin forsvars- eller defensive midtbaneposisjon.

Siste nytt

  • Ønsker å trene med Johaug

    Astrid Uhrenholdt Jacobsen håper «med hver eneste celle i kroppen» at Therese Johaug fortsetter til tross for at lagvenninnen mister OL neste år. – Heldigvis kan hun trene med hvem hun vil på privaten. Jeg har i alle fall et ønske om å bidra der. Jeg tror det blir viktig å ha noen ting felles, sier Jacobsen til NRK.

    Lagvenninnene støtter Johaug

Sendeplan

Kl. Program Kanal
EM ryttersport: Dressurridning og sprangridning