– Vi får sjå, det er framleis moglegheiter. Det er ikkje langt opp til dei rett bak trioen, sa Aksel Lund Svindal etter første omgang.
Nordmannen hadde klokka inn til 12. plass, 2,51 sekund bak suverene Ted Ligety, men Lund Svindal var berre 0,80 sekund bak Marcus Sandell på fjerdeplass.
18 mann hadde sett utfor i storslalåmløypa i Sölden, før Aksel Lund Svindal stod for tur. Nedst stod franske Steve Missillier som hadde klatra mange plassar med – det som til slutt – blei bestetida i andre omgang.
Aksel Lund Svindal tapte tid til franskmannen nedover løypa, men ei glimrande avslutning gjorde at nordmannen klokka inn på eksakt same tid som Missillier.
Utøvar etter utøvar enda bak dei to, før Marcel Hirscher, Alexi Pinturault og Ted Ligety alle kom seg i mål med god margin framfor dei to.
– Det er tre som er dei tre beste i verda, og dei er dei tre beste i dag også. Ted er suveren, inntil vidare, konkluderte Lund Svindal etter første omgang.
- Les også:
Imponerande Haugen-omgang
Fjerdeplass til Lund Svindal er meir enn godkjent i storslalåm, men også nordmann nummer to i andre omgang imponerte.
Leif Kristian Haugen kom seg akkurat med til andre omgang, etter dårleg køyring og ein 30. plass etter første omgang.
Fantastisk køyring og 58.34 – berre seks hundredel dårlegare enn Lund Svindal – i andre omgang sikra derimot 18. plass. Dermed klatra Haugen 12 plassar.
- Les også:
Saka held fram under videoen.
Ligety cruisa inn til nummer 18
I Sölden var det derimot ingen som kunne gjere noko med dei tre i front. Ligety var storfavoritt og innfridde, medan Pinturault og Hirscher plukka plasseringane like bak.
– Ted er rå. Han er best, konkluderte Aksel Lund Svindal etter første omgang.
Han leia med 0,90 sekund på Pinturault etter første omgang og 0,98 sekund på Hirscher.
Etter andre omgang var forskjellane 0,79 og 1,02.
Sigeren i Sölden blei Ligety sin 18. verdscupsiger, der alle sigrane har kome i storslalåm. Ligety vann seks storslalåmrenn i verdscupen i fjorårssesongen.
Etter å ha trena meir fart, og blitt meir «biff», trur Kjetil André Aamodt at
.- Les også:
I tillegg til Lund Svindal og Haugen, var Henrik Kristoffersen og Aleksander Aamodt Kilde med til Sölden. Kristoffersen køyrde inn til 32. plass, medan Aamodt Kilde enda på 45. plass. Kjetil Jansrud er framleis skadd.