– Etter at Kviterussland blei tildelt hockey-VM i 2014 har situasjonen i landet blitt forverra. Fleire har blitt arrestert etter demonstrasjonar, vi får rapportar om vald i fengsla og media har fått ytringsfridomen sin endå meir stramma inn, seier Berit Lindeman i den norske Helsingforskomitéen.
Ho representerer ein av to norske menneskerettigheitsorganisasjonar som no går aktivt inn for å hindre president Aleksandr Lukasjenko og Kviterussland i å arrangere ishockey-VM i 2014.
Tidlegare denne veka oppretta organisasjonen ei protestside med norsk domenenamn. Målet er at så mange som mogleg skal delta i forsøket på å flytte VM til eit anna land.
– Så lenge dei held politiske fangar i Kviterussland meiner vi at Det Internasjonale Ishockeyforbundet ikkje bør godta at VM skal gjennomførast der, seier Lindeman.
– Vi trur Lukosjenko vil bruke VM til å spreie sin propaganda. Dermed blir det ikkje eit upolitisk arrangement. Dette vil vi gripe fatt i, og presse situasjonen i landet til betring, legg ho til.
Kraftige reaksjonar frå EU
«Ikkje spel med diktatoren!,» er kampanjens slagord. Organisasjonar frå Tyskland, Sverige, Sveits, Tsjekkia og Slovakia er samla i kampen, som ikkje er ny med det norske engasjementet.
Det kritiske søkelyset mot det østeuropeiske diktaturet har auka det siste året.
I mars oppfordra Europaparlamentet Det internasjonale ishockeyforbundet å flytte VM på grunn av den dårlege sivile situasjonen i landet.
Same månad avretta kviterussiske myndigheiter ein av dei to mennene som var dømt for å ha bomba ein T-banestasjon i Minsk.
Mannen fekk aldri moglegheit til å forsvare seg under rettssaka. Dette har EU reagert mot i ettertid.
Kviterussland er også det einaste landet i Europa som enno dømmer folk til døden.
– Aksjonen vil ikkje endre noko
På toppen av det heile sit Lukasjenko, den hockeygale presidenten som tydeleg har fått sitt største ønske oppfylt: Nemleg å arrangere VM i ishockey.
Og regenten får det nok som han vil, om ein skal tru presidenten i Det Internasjonale Ishockeyforbundet.
– Eg trur VM i 2014 vi vil bli i Kviterussland, seier Rene Fasel til RIA Novosti, og påpeiker at aksjonen frå organisasjonane truleg er fåfengt.
Ifølgje er opp til medlemslanda i Det Internasjonale Ishockeyforbundet å diskutere temaet og komme fram til ei avgjerd ved neste kongress i Helsinki i mai.
Libæk: – Burde reagert før
Presidenten i det norske ishockeyforbundet, Ole Jacob Libæk, trur aksjonen kjem alt for seint.
– Det er ingenting som tyder på at det verdsmeisterskapen ikkje skal gå sin gang, og at det blir eit kjempeflott arrangement. Menneskerettigheitsorganisasjonane burde reagert før Kviterussland blei vald til vertsnasjon, seier Libæk.
I 2009 var han ein av pådrivarane for at Lukasjenkos diktatur skulle få tildelt VM, og står enno leiarane i kviterussisk hockey nær.
– Eg kjenner presidenten som ein superinteressert hockeyelskar. Han har gjort fantastiske ting for vår idrett i det landet. Han har reist mange ishallar, men det godtgjør jo ikkje den sivile situasjonen vi seinare har lese om, seier Libæk.
– Dette eg beskriv no er bakgrunnen for at hockeyverda avgjorde at Kviterussland skulle bli VM-nasjon. Dei uønska sivile situasjonane var ikkje i søkelyset i det heile den gangen, legg han til.
– VM-nekt vil ramme Lukasjenko
Men trass lite lovande signal frå hockeysportens høgsete, er kryssar Lindeman i Helsingforskomitéen likevel fingrane for at Det Internasjonale Ishockeyforbundet skal endre oppfatning i mai.
– Det er eit stort løft for Kviterussland å arrangere eit VM, men det er meir riktig å flytte det. Å ta VM frå president Lukasjenko vil ramme han hardt, trur vi. Og med det kan vi kanskje få politiske fangar ut fengsel i eit europeisk land, seier Lindeman.