Det siste året har det gått i eitt sett for Harald Reinkind. Det byrja med VM i Egypt med landslaget, før han spela serie, cup og meisterliga med klubblaget Kiel.
Sommarferie blei det ikkje, då det var duka for OL i Tokyo denne sommaren. Så var det på ny tid for klubbhandball i Tyskland.
Til saman spelte Reinkind 84 handballkampar i 2021, eit snitt på ein kamp kvar fjerde dag, ikkje medrekna pausane spelarane hadde. Tal frå Datahandball viser at berre ein mannleg spelar i verda hadde fleire kampar: danske Magnus Landin (86).
– Det var beintøft til tider. Det var ein ekstrem belastning for hovudet og kroppen, så eg håpar det blir ein litt lengre sommarferie i år, seier Reinkind når NRK treff han utanfor spelarhotellet i EM-byen Kosice.
– Rovdrift på spelarar
Reinkind fortel at det sidan sesongen starta opp igjen etter OL i august har gått slag i slag i klubben med to kampar kvar einaste veke.
Harald Reinkind innrømmer at belastninga har teke på.
Foto: Annika Byrde / NTB– Ein ting er at kroppen skal hengje med og tole belastninga. Så skal du ha tid til å trene litt også, så kjem du til det som går med hovudet, og prøve å nullstille etter kamp og gjere seg klar til ein ny motstandar og gire seg opp når ein kjem på kampdag, fortel han.
– Det tek på, det kostar krefter, så det var dagar der ein heller hadde lyst til å liggje heime på sofaen enn å gå på trening eller spele kamp.
NRKs handballekspert Håvard Tvedten reagerer sterkt på det tette kampprogrammet landsmannen har vore gjennom.
– 84 kampar er altfor mykje, uansett kven du spør. Spelarane har sett fokus på dette over tid, ovanfor EHF og IHF og forsøkt å få ein endring på det. Det er rovdrift av spelarar som gjer at ein moglegvis kortar ned karrierar, og ein er meir skadeutsett, seier han.
Protest til ingen nytte
Tvedten siktar mellom anna til «Don't play the players»-kampanjen når han seier at spelarane har sett fokus på belastninga over tid.
For allereie i 2019 lanserte Den europeiske handballspelarforeininga denne emneknaggen, fronta av dei største stjernene i handballverda. Mikkel Hansen, Nikola Karabatic, Cristina Neagu, og Sander Sagosen var blant spelarane som bad forbunda om å ta større omsyn til spelarane.
– Vi vil bli høyrt, sa Sagosen den gangen. Men skal ein tru spelarane har lite skjedd dei siste åra.
Sander Sagosen håpar han og andre handball-proffar blir høyrt med tanke på kampbelastninga.
Foto: Annika Byrde / NTB– Det har ikkje skjedd så mykje. Det held vel fram med same kampar og alt saman, seier Sagosen.
– Først og fremst kan ein seie at det ikkje har fungert i det heile teke eigentleg. Samtidig kom også korona inn i biletet, OL blei utsett eit år og det eine med det andre. Men det byrjar å merkast på kroppen at det har vore mykje dei siste åra, seier Reinkind.
– Den gordiske knuten
Koronaviruset har noko av skulda for at kampbelastninga har vore så hardt som den har vore. Det same har OL, som gjorde at dei største handball-profilane ikkje fekk sommarferie.
Når NRK snakka med Michael Sahl Hansen, presidenten av Den europeiske handballspelarforeininga, fortel han at det er eit komplekst problem dei står ovanfor.
– Vi forsøker å løyse det, men det går ikkje som ein håpar. Vi ser gjerne at ein fjerna eit meisterskap det året ein har OL, men det igjen heng saman med økonomi. Det krev nemleg at nokon mister noko, seier han, før han utdjupar:
Å gi spelarane meir kvile er ikkje gjort på kort tid.
Foto: Annika Byrde / NTB– Spør du forbunda kva meisterskap ein skal fjerne, seier dei OL då det ikkje er nokon særleg inntening på meisterskapet. Men spør du spelarane seier dei ikkje fjern OL, for det er ein attraktiv konkurranse, fortel han.
Han nemner også meisterligaen som ei turnering som skapar belastning for dei beste, men at fleire lag vil ha fleire kampar i turneringa for å få besøk av verdas sterkaste lag, medan lag som Kiel og Flensburg allereie har eit så tøft kampprogram at dei kanskje ønskjer færre kampar i turneringane.
– Det er den gordiske knuten. Dersom vi fann opp handball i dag, på eit blankt papir, så hadde ein ikkje komen fram til ein modell med fem meisterskap på fire år. Spørsmålet er då kva meisterskap ein skal fjerne, seier Sahl Hansen.
Men han poengterer likevel at kampanjen frå 2019 ikkje har vore heilt resultatlaus. Sidan den kampanjen har det blitt innført fleire kviledagar i meisterskapa.
– Ligaen puttar inn så mange kampar dei kan, og landslaga vil utnytte dei internasjonale vekene dei har i løpet av eit år. Og meisterskapa skal gjennomførast dei også, for dei er avhengige av å få inn dei pengane som eit meisterskap genererer. Så alle vil ha, og spelarane må gjere jobben for at alle skal få litt av kaka, seier Reinkind.
- Fredag er det duka for ein ny kamp i handball-EM, når Noreg skal forsøke å ta med seg flyten frå møtet med Polen når Tyskland står på motsett banehalvdel. Kampen kan du høyre på NRK Sport og følgje her.