Hopp til innhold

Nordiske fotballtoppar får krass russar-kritikk: – Gått over ei grense

Mykje kan tyde på at Sverige og Danmark sine representantar i Uefa-styret har handla stikk i strid med eigne forbunds interesser. I så fall må dei gå av, lyder kritikken.

Møller Nilsson

I HARDT VÊR: Karl-Erik Nilsson og Jesper Møller er tema for ein eggja debatt i nabolanda våre.

Foto: Montasje Javad Parsa/Anders Kjærbye / NTB/Bildbyrån

– Korleis kan svensk idrett akseptere dette? spør den svenske idrettspolitiske journalisten Olof Lundh i eit intervju med SVT.

– Viss Jesper Møller har stemt mot Danmarks offisielle politikk, kan han ikkje bli sitjande som president i DBU, skriv Ekstra Bladets Jan Jensen i ein kommentar.

OLOF LUNDH

OPPGITT: Olof Lundh.

Foto: Geir Olsen / NTB

Temperaturen har nemleg auka kraftig i nabolanda våre etter at det førre veke vart offentleggjort frå Uefa-styret at dei har vedteke å sleppe Russland sine G17- og J17-landslag inn i europeiske turneringar igjen.

Nektar å svare

Avgjerda har skapt mykje rabalder, og NFF-president Lise Klaveness rykte raskt ut, kritiserte avgjerda og slo fast at Noregs Fotballforbund står fast ved haldninga deira om at norske lag ikkje skal spele mot russiske lag så lenge krigen går føre seg.

Både det svenske og danske fotballforbundet kom fram til same konklusjon.

Både det svenske og danske idrettsforbundet kom fram til same konklusjon.

Til og med den danske regjeringa har gått ut og slått fast at russarar bør haldast utanfor Uefa-konkurransar uansett alder.

Men like klart og tydeleg har det ikkje vore frå dei mektige fotballherrane Jesper Møller, som er styremedlem i Uefa og fotballpresident i Danmark, og Karl-Erik Nilsson, som er visepresident i UEFA og president i Riksidrottsförbundet (det svenske idrettsforbundet).

Jesper Møller

TAUS: Jesper Møller har førebels ikkje stadfesta om han stemde ja eller nei til russisk retur.

Foto: Egil Sande / NRK

DBU-president Jesper Møller, som beheldt ein plass i Uefa-styret mellom anna på bekostning av Lise Klaveness tidlegare i år, nektar førebels å svare på om han er ein av dei som stemde nei.

I ei fråsegn seier Møller at han vil respektere UEFAs retningslinjer om teieplikt og ikkje referere frå møtet. Presidenten understrekar at han støttar dei internasjonale sanksjonane mot Russland, men samtidig ønskjer å overhalde internasjonale konvensjonar om vern av barn.

– Omsynet til barn blir sett opp mot ønsket om sanksjonar mot Russland, noko som gjer det til ei vanskeleg og komplisert sak, seier Møller.

– Ufatteleg

No går den danske kulturministeren Jakob Engel-Schmidt ut og ber Møller spytte ut om kva han faktisk stemde.

– Eg går ut frå at Jesper Møller har stemt i samsvar med den danske regjeringa. DBU har også vore ute og sagt at dei ikkje ønskjer å møte russiske lag. Det støttar eg, seier han til Ekstra Bladet.

– Viss ikkje, må vi snakke saman, legg han til.

I Sverige er det også ei aukande misnøye med mannen deira ved styrebordet i Uefa.

Før helga avslørte Sky News at Karl-Erik Nilsson ikkje var blant mindretalet som sa nei, trass i eit krystallklart vedtak frå Riksidrottsförbundet (det svenske idrettsforbundet), der han no er president.

Fotball, Nations League: Norge - Sverige (3-2)

MØTTEST: Sveriges dåverande fotballpresident Karl-Erik Nilsson (til venstre), kong Harald (midten) og fotballpresident Lise Klaveness før kampen i Nasjonsligaen mellom Noreg og Sverige på Ullevaal i 2022.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

I eit intervju gitt til Fotbollskanalen hevda Nilsson at han berre har stemt ja til å greie ut spørsmålet opp mot FNs barnekonvensjon, men det kjøper ikkje Olof Lundh, profilert idrettspolitisk skribent i Sverige.

– Dei er 17 år, vi snakkar ikkje om 10-åringar her. Og kva med dei ukrainske barna som er kidnappa av Russland, kvar kjem Karl-Erik Nilssons barnekonvensjon inn der? Dette er ikkje så komplisert. Karl-Erik Nilsson sit på to stolar, på den eine stolen (som president i Riksidrottsförbundet) følgjer han den svenske linja, på den andre stolen (som visepresident i Uefa) køyrar han ei russiskvennleg linje. Det er ufatteleg. Korleis kan svensk idrett akseptere dette? spør Lundh i eit intervju med SVT.

NRK har bede Nilsson om ein kommentar gjennom Sveriges idrettsforbund. Kommunikasjonssjef Anna Setzman seier at han ikkje er tilgjengeleg for ein kommentar no, men at dei vil komme tilbake til NRK når det blir mogleg.

Tysdag kveld var Nilsson og forbundet i hastemøte for å diskutere situasjonen. Dei skal møtast igjen på fredag.

– Samlinga no var fordi det er ganske tøft, og det blæs ganske mykje, fortel Setzman til Expressen.

Solbakken reagerer

Landslagssjef Ståle Solbakken meiner han ikkje har behov for noko openheit om kva dei nordiske fotballtoppane har stemt, for han kjenner seg sikker likevel:

– Eg trur dei har stemt for russisk deltaking og belarusisk deltaking, seier han til NRK.

– Viss dei har stemt ja, kva tenkjer du om det?

– Det synest eg er i klar strid med den internasjonale idrettsboikotten. Då Russland gjekk inn i Ukraina var alle samstemde, og då må vi halde ut i tråd med den internasjonale fordømminga. Den gjeld også på idrett. Så kan du seie at det er vondt at barn, ungdom og parautøvarar blir ramma av det, men nokre gonger så må det internasjonale samfunnet stå fast og sørgje for at presset aukar internt i Russland, seier Solbakken.

Ståle Solbakken

IKKJE IMPONERT: Ståle Solbakken ristar på hovudet viss det viser seg at dei nordiske fotballtoppane har stemt for russisk retur.

Foto: NTB

Han meiner idrettsboikott er noko som smertar russarane, som legg mykje i idrettsstoltheita si, og derfor eit verkemiddel som må utnyttast.

– Viss dei har stemt ja, kan ein trekkje det så langt og seie at dei to er upålitelege?

– Ja. Men det er ikkje sånn at eg måtte ha det beviset no for å seie, svarer han.

Det danske forbundet er konfrontert med kritikken frå Solbakken og andre, men ønskjer ikkje å svare på utspela. Det opplyser dei til NRK.

– Begge gått over ei grense

NRK-kommentator Jan Petter Saltvedt reagerer kraftig på det som kjem fram om dei nordiske fotballtoppane.

– Karl-Erik Nilsson og Jesper Møller har lenge vorte skulda for å fokusere meir på eigen internasjonal karriere enn å representere verdiar og standpunkt som er viktige for fotballnasjonane dei representerer. Men her har dei begge gått over ei grense, seier Saltvedt.

Han seier seg forbløffa over at Nilsson har stadfesta at han gjekk mot det tydelege standpunktet til det svenske forbundet og stemde for russisk deltaking i U17-EM, der sluttspelet for kvinner også blir halde i nettopp Sverige.

– Nær sagt dessverre har han allereie gått av som svensk fotballpresident og vorte erstatta av tidlegare statsminister Fredrik Reinfeldt. Men det skjedde for seint til å hindre at Nilsson vart attvald i Uefa, der han faktisk er visepresident. Inntil vidare. Og no ope handlar ut frå reint egoistiske omsyn. Slike representantar er det siste fotballen treng, om det er i Skandinavia eller kvar som helst elles. Sverige bør gjere alt dei kan for å få han til å frivillig trekkje seg som representanten deira i Uefa så fort som mogleg, meiner Saltvedt.

jps

REAGERER: Jan Petter Saltvedt meiner det må få konsekvensar viss Møller og Nilsson har handla i strid med eigne nasjonars interesser.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

– Då må han gå av

Når det gjeld Uefa-representanten til danskane Jesper Møller, trekkjer NRK-kommentatoren fram at det lenge har vore ei aukande grad av misnøye mot han i Danmark.

– Dette er først og fremst systemets, og ikkje mennene i den nasjonale fotballen. Dels har Møller nekta å fronte politiske saker som kan gjere han upopulær i Uefa-systemet. Dels har han ikkje vilja bidra til ein openheitskultur danskane har jobba hardt for, også innan idretten, meiner Saltvedt.

Han seier at, viss det viser det seg at Møller har stemt mot eigne nasjonale interesser, har han ikkje lenger noko val.

– Då må han gå av. Og då kan også den europeiske fotballen, trass Russland-vedtaket, i alle fall få noko positivt ut av denne prosessen.

– Kva trur du er hovudmotivasjonen til Møller og Nilsson for å eventuelt stemme i strid med det eigne forbund står for?

– Dei gjer dette for å tekkjast dei som styrer i Uefa. Dei gjer det for sine eigne karrierar, ikkje landet sitt. Dei gjer det for personlege fordelar, ikkje for fotballens beste, meiner han.

Uefa-president Aleksander Ceferin sa dette då styrevedtaket vart kjent:

– Ved å stengje ute barn frå turneringane våre, vil vi ikkje berre mislykkast i å sikre deira grunnleggjande rett til ei heilskapleg utvikling, men direkte utsetje dei for diskriminering.

Sportsnyheter

Mange nordmøringar har møtt opp for å ta imot opprykksheltane.

KBK-gutane blir tatt imot som heltar i Kristiansund

På straffekonk klarte Kristiansund BK å knuse Vålerenga i siste minutt. Dermed er dei klare for Eliteserien.

Siste nytt

  • Zuccarello med viktig assist: Wild tilbake på vinnersporet

    Etter fire seirer på rad under den nye treneren John Hynes, ble det to tap på rappen i forrige uke mot Vancouver Canucks og Edmonton Oilers for Minnesota Wild.

    Natt til mandag slo de tilbake borte mot Seattle Kraken, med en 3-0-seier på bortebane.

    Mats Zuccarello har de siste sesongene herjet i rekke med Kirill Kaprizov, men til nattens kamp hadde Hynes stokket om på rekkene. Det førte til at Zucarello spilte sammen med Marco Rossi og Marcus Johansson.

    I den første perioden fant nevnte Kaprizov Matthew Boldy, som scoret kampens første mål. Det var lenge også det eneste målet, men syv og et halvt minutt før slutt fikk Wild litt pusterom.

    Zuccarello vant pucken like foran mål og fikk på elegant vis spilt pucken videre til Rossi, som satte inn 2-0 fra skrått hold.

    I sluttsekundene fastsatte Joel Erikson Ek sluttresultatet til 3-0 etter en scoring i åpent bur.

    Zuccarellos assist var hans første målpoeng på tre kamper. Før det hadde nordmannen hele ti kamper på med målpoeng. Totalt for sesongen har Zuccarello seks mål og 22 assists på 26 kamper. Med det er han den Wild-spilleren med flest målpoeng, fire mer enn Kaprizov (åtte mål og 16 assists).

    Zuccarello Seattle Kraken
    Foto: John Froschauer / AP
  • Carlsen fortsatt ubeseiret i Toronto

    Magnus Carlsen har vunnet alle sine fire første dueller i Champions Chess Tour-sluttspillet. Igjen måtte han ut i armageddon.

    Der fant han en vei til seier med hvite brikker, og det var også helt nødvendig. Remis ville ha gitt Hikaru Nakamura seieren i Toronto.

    Begge de ordinære hurtigsjakkpartiene endte med poengdeling. En vinner måtte dermed kåres i armageddon. Carlsen lyktes også i det formatet da han lørdag slo tenåringen Nodirbek Abdusattorov.

    Carlsen vant duellen mot Fabio Caruana etter å ha spilt remis med hvite brikker og vunnet med svarte. (NTB)

    Magnus Carlsen
    Foto: Christian Grieg Sander / NRK
  • Gironas sensasjonsferd fortsetter

    Girona slutter ikke å overraske i tetsjiktet i Spania. Søndag ble det 4-2-seier i Catalonia-derbyet borte mot Barcelona.

    Bragden gjør Girona til serieledere i La Liga, med 41 poeng på 16 kamper. Det er to poeng ned til Real Madrid, og syv til regjernde mester Barcelona.

    Artem Dovbyk tok Girona foran etter tolv minutters spill. Ukraineren ble satt opp av landsmannen Viktor Tsyhankov og scoret via stolpen.

    Robert Lewandowski headet inn utligningen kort tid senere, men Girona slo til igjen før pause. Miguel Gutiérrez curlet vakkert gjestene opp i 2-1.

    Mot slutten la innbytter Valery Fernández på til 3-1. Han hadde kun vært på banen i to minutter.

    I tilleggstiden tente Ilkay Gündogan et håp for Barcelona, men Cristhian Stuani fjernet all tvil i det femte overtidsminuttet.

    Girona ble nummer ti i La Liga sist sesong. Nå ryster Catalonia-klubben de etablerte i spansk toppfotball. (NTB)

    Girona jubler for borteseier mot Barcelona
    Foto: Joan Monfort / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal