Kan Jørn Andersen kopiere dette?

Dei kleiv opp på ryggane på kvarandre for å utlikne motstandarane si høgde. For 50 år sidan blei Nord-Korea heile verdas kjæledegge i nokre dagar.

Pak Doo Ik

SKRELL: Pak Doo Ik scorar mot Italia på Ayresome Park og utløyser ein av dei største sensasjonane i VM-historia

Foto: Central Press / Getty Images

Det er eit historisk lag Jørn Andersen er i ferd med å overta.

Året var 1966, det var VM i England.

Det heilt ukjende laget var ikkje løyvd mange sjansane på førehand, og dei opna då også som venta med 0–3 for Sovjetunionen. Med ei sein utlikning til 1–1 mot Chile i neste kamp helt dei liv i sjansen til å gå vidare.

Sende Italia heim i skam

I Middlesbrough small bomba: Nord-Korea slo sjølvaste Italia 1–0. Pak Doo Ik scora det som skulle bli sigersmålet rett før pause. Og med all den støtte som 17.000 på tribunane makta å gje, heldt Nord-Korea unna til fløyta gjekk.

Det gav avansament til koreanarane og tidleg heimreise for Italia – største skrellen i VM-historia fram til då.

Nord-Korea vart det aller første laget frå verda utanfor Europa og Sør-Amerika som gjekk vidare frå gruppespelet i VM.

Den italienske skamma var så stor at laget valde å lande på ein bortgøymd flyplass i dei norditalienske fjella midt på natta.

Men det hjelpte ikkje. Ei stor gruppe sinte fotballfans var frammøtte, og dei hadde med seg rikeleg med egg og rotne tomatar.

«Ladder Tactic»

Med ei snitthøgde på berre 162 cm måtte koreanarane kompensere mot sine mykje høgare motstandarar. Dei utvikla ein spesiell teknikk der dei nærmast kleiv opp på kvarandre. Publikum og presse tok raskt til å kalle dette for «ladder tactic».

Pak Doo Ik

OFFENSIV: Pak Doo Ik blei helt med sigersmålet mot Italia. Her er han i duell med Portugals keeper i kvartfinalen der Nord-Korea leia 3-0, men tapte 5–3

Foto: Ap

No hadde Nord-Korea fått sjølvtillit så det heldt. I kvartfinalen mot Portugal i Liverpool, og 40.000 på Goodison Park trudde ikkje det dei fekk sjå. For Nord-Korea scora allereie etter få sekund, og før det var gått 25 minutt stod det ufattelege 3–0.

Men Portugal hadde legenda Eusebio på laget, og han var på toppen av sin karriere. Han skulle bi toppscorar i meisterskapet med ni mål. Fire av dei kom i denne kampen. Med to mål før og to rett etter pausen snudde han kampen mot dei tapre koreanarane, som tapte 3–5 til slutt.

Dei kunne reise heim og ut av verdas rampelys med heva hovud.

Lettvint veg til VM

At Nord-Korea i det heile kom til VM det året, var ei historie i seg sjølv. FIFA hadde bestemt at Asia, Afrika og Oseania skulle kjempe om ein plass. Men Afrika meinte at dei burde ha ein plass for seg sjølv, og trekte seg frå kvaliken i protest.

Fire av dei fem påmelde laga frå Asia trekte seg også av ulike grunnar. Dermed stod Nord-Korea åleine att mot Oseania-vinnar Australia. Og koreanarane vann greitt.

Men deretter måtte dei slåst lenge for å få lov å reise til VM. For Storbritannia ville ikkje gje visum til nokon frå det lukka landet. Først like før VM, og etter press frå FIFA, let dei Nord-Korea sleppe inn.

Det angra dei neppe på.

Siste nytt

  • Blytung EM-start for jentelaget

    J19-landslaget fekk den verst tenkelege starten på EM med 0-5 mot Nederland i Glasgow. Nederland leia 2-0 etter fem minutt, og 4-0 ved pause etter to raske mål i slutten av omgangen.

    Norge møter Skottland fredag og Frankrike måndag.

  • Travstjerne døde i ulykke

    Den verdenskjente travhesten Aubrion du Gers døde etter en ulykke mandag, skriver Trav og Galopp-Nytt.

    Ulykken skjedde i en kollisjon med hesten Cyrano du Pont der begge hester døde momentant.

    Aubrion du Gers løp inn over 25 mill kr og vant 46 løp, derav 16 på rad fra april i fjor til mai i år.

    Laster Twitter-innhold
  • Mjøndalen henter midtbanespiller

    Pontus Silfwer har signert en toårskontrakt med bruntrøyene, skriver Mjøndalen på sine hjemmesider. Svensken kommer gratis fra svenske Halmstad, og retunerer dermed til Mjøndalen som han spilte 17 seriekamper for i 2017.

    1.
    Foto: Mats Torbergsen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal