Hoppveke-vinnaren frå 1972, Ingolf Mork, døydde onsdag kveld etter kort tids sjukdom.
– Dette kom som lyn frå klar himmel, seier Bjørn Wirkola, som var landslagshoppar saman med Mork på slutten av 60-talet og i byrjinga av 70-talet.
Mista lagkamerat i januar
For vel tre veker sidan gjekk ein annan tidlegare lagkamerat av Wirkola bort. Eks-hoppar Christoffer Selbekk blei 72 år gamal.
Hans beste enkeltresultat var ein 4. plass i Innsbruck 6. januar 1967.
– Det har skjedd litt for mykje slikt no, seier Wirkola til NRK.no.
Nyleg avdøde Mork vann hoppveka i 1972, og fall frå sigeren i same turnering året før.
Då vann Jiri Raska. Han gjekk bort i slutten av januar i år, 70 år gamal.
– I tillegg kom beskjeden om at Joe Inge Bjørnebye var råka av kreft, seier Wirkola.
Bjørnebye deltok mellom anna i OL i 1968 og 1972.
VIDEO: Sjå høgdepunkta frå Morks karriere
– Klart beste hoppar med dårlig fart
Ingolf Mork var eit stort idol for mange hoppinteresserte. Tidlegare skihoppar Per Bergerud vil hugse Mork som ei eldsjel for sporten.
Bergerud debuterte i hoppveka i 1974, og representerte generasjonen som kom etter Mork.
– Mork hadde ein utruleg treningsdisiplin, og utforska ulike treningsmetodar medan han var aktiv.
– Vi som kom i generasjonen etter følgde ting han gjorde. Han har bidratt mykje til å finne ut korleis ein skal trene riktig. Det er der han har påverka hoppsporten på ein positiv måte, legg Bergerud til.
Også Wirkola hyllar eks-lagkameraten som ein enorm tilvekst for norsk hopping.
– Ingolf tok hoppsporten eit lite steg vidare. Han studerte jo hopptrening, og var den «karen» som var klart best i hoppet med dårleg fart. Han skapte mykje med ut over kulen og kunne fly på den vesle farta han hadde, seier Wirkola.
– Eg synst det er litt for tidleg å gå bort når ein er 64 år. Men ein må ta slike beskjedar som dei kjem. Det er ikkje noko å gjøre med, avsluttar han til NRK.no.
VIDEO: NRKs Arne Scheie om Ingolf Mork