- Følg kampen:
På papiret har AaFK gode føresetnader før møtet med Rosenborg. Tre av fire i trenarteamet har nemleg vore innom laurdagens motstandar, så dei veit litt om klubben.
Seinast i fjor var hovudtrenar Jan Jönsson hovudtrenar i Rosenborg.
Likevel: Statistikken i Eliteserien er elendig for Aalesund i møte med Rosenborg. 12 oppgjer, sju tap, fem uavgjort og berre éin siger. Den sigeren kom for åtte år sidan.
– Statistikk er til for å brytast, så vi får bryte den, seier Jonatan Tollås Nation, midtstoppar og kaptein i AaFK.
Jönsson stiller svekka
For AaFK-trenar Jan Jönsson, som blei sparka i Rosenborg i desember, kan kampen bli litt ekstra spesiell. Likevel har han ikkje tenkt mykje på akkurat det til no.
– Eg har ikkje hatt tida til å tenkje på det, for det har vore så intensivt inn mot kampen. Men det er nok mogleg at det kjennest litt ekstra når vi nærmar oss 18.00.
For svensken er lysten på å slå gamleklubben. Det må han gjere utan fullt mannskap.
– Eg hadde helst ønskja seks spelarar til som var heile og friske, men det er dei ikkje.
– Det er ingen ønskjesituasjon, men det er som det er. Vi har nok friske spelarar til å stille ein sterk førsteellevar, meiner Jönsson.
Demar Phillips var med på treninga fredag, men er truleg ikkje klar før neste kamp førstkomande torsdag.
– Få ting gir ein betre følelse
Men det er ikkje berre den tidlegare RBK-trenaren som kanskje er ekstra lysten på å slå Rosenborg.
AaFK-spelarane kan også finne ekstra giv når dei møter trønderane, skal ein tru Tollås Nation.
– Rosenborg er eitt av dei «deiligste» laga å vinne mot. Vi såg det i 201 då vi slo dei i cupen, få ting gir ein betre følelse.
Noko lite ekstra gir sjølvtillit er ein svensk spiss mindre i RBK.
– Dei har selt Aalesund-nemesisen Prica òg, så kanskje vi kan slå dei i år, avsluttar AaFK-kapteinen.
Prica scora 11 mål på elleve kampar mot AaFK.