NRK Meny
Normal

No satsar endeleg Kalla på Tour de Ski

SUNNE (NRK): Ho har stått over Tour de Ski like mange gonger som ho har stilt til start. Men i år satsar Charlotte Kalla alt på etappeløpet.

Charlotte Kalla i Sunne

SUVEREN: Ingen var i nærleiken av å slå Charlotte Kalla under rulleskirennet Inge Bråten Memorial i Sunne laurdag. Linn Sömskar og Stina Nilsson tok dei to andre pallplassane.

Foto: Terje Haugnes

14.000 tilskodarar har akkurat jubla for heile Sveriges Charlotte gjennom Sunnes gater. Som vanleg er 27-åringen heilt suveren på heimebane – når ho slepp konkurranse frå norske rivalar.

Laurdag var det hennar eigne lagvenninner med Linn Sömskar og Stina Nilsson i spissen, som fekk bank under minneløpet etter tidlegare landslagstrenar Inge Bråten i Sunne, då Kalla verkeleg viste prov på god sommartrening.

Vil gå fleire renn enn før

– Det var verkeleg artig å gå i dag. Kroppen kjennast god, sjølv om eg har kjent meg litt sliten i det siste, smiler Kalla, som akkurat har forsikra eit letta publikum om at ho ikkje er gravid.

LES SAKA: Northug røper fremtidsplaner: – Satsar mot Lahti

For med Marit Bjørgen ute neste vinter er plutseleg Kallas største konkurrent borte.

– Eg klarte nesten ikkje å slutte og smile då eg høyrde at Marit og Fred Børre ventar barn. Det var veldig hyggeleg – men eg blei litt overraska. Eg hadde gledd meg til nye fightar mot Marit til vinteren, seier Kalla.

Bjørgen-fight eller ei, Kalla trur uansett konkurransen frå nabolandet blir knallhard. Spesielt i hennar store mål denne sesongen, Tour de Ski.

Der har ikkje vinnaren frå den andre utgåva av Touren i 2008 stått på startstreken sidan 2012/2013-sesongen

– Det skal bli veldig kult å gå touren igjen. No er det ein stund sidan sist, men det er ein konkurranseform eg likar veldig godt der det gjeld å beherske alle teknikkar, stilar og distanser. Tour de Ski og den nye touren i Canada blir dei store måla mine i vinter og eg gler meg til å gå mange fleire renn eg har gjort dei siste sesongane.

Vil heve seg i sprint

For å gje dei norske enda hardare kamp enn i fjor jobbar Kalla spesielt med ein spesiell ting i sommar.

– Det kjennest som at det blir enda viktigare for meg å hevde meg i sprint til vinteren. Eg fokuserer mykje på meg heve meg der i treninga i sommar, seier Kalla som ikkje har vore på ein verdscuppall i sprint sidan november 2011 i Kuusamo.

Skal ho nå målet om på ny klatre fyrst til topps i monsterbakken opp Alpe de Cermis kan nok det vere ein nødvendigheit. I år består Touren igjen av to sprintetapper.

Siste nytt

  • Suarez hviles i vennskapskamper

    Barcelonas Luiz Suarez vil ikke ta del i Uruguays vennskapskamper i november på grunn av et trøblete kne, skriver NTB. Barcelona har bedt pent om at Luiz Suarez står over kampene på grunn av et vondt kne, en forespørsel det uruguayanske fotballforbundet har innvilget.

    Suarez
    Foto: ANDRES STAPFF / Reuters
  • Ny kamp for Emil Meek

    Den norske MMA-utøveren Emil Meek skal gå sin neste kamp mot Kamaru Usman i Las Vegas 30. desember, skriver Nettavisen. MMA-journalist Farah Hannoun meldte nyheten først på Twitter fredag kveld. Meek var sist i aksjon da han UFC-debuterte med seier mot Jordan Mein i Toronto i desember i fjor.

    Meek
    Foto: Tom Szczerbowski / Reuters
  • Sørloth storspilte i dansk toppkamp

    Alexander Sørloth scoret ett og hadde tre målgivende da Midtjylland slo Horsens 4-2 og tok over tabelltoppen i Danmark. Sørloth er nå på delt tredjeplass på toppscorerlisten i den danske eliteserien med åtte mål.

    Alexander Sørloth
    Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 Eliteserien fotball: Aalesund - Kristiansund