Hopp til innhold

No har Veland sett 3000 La Liga-kampar – på rad: – Kona har for lengst akseptert denne sida av meg

Har du ein kjærast som synest du ser mykje fotball? Då kan du ta ein prat med frua til fotballekspert Petter Veland.

Julie Frøyset Veland og Petter Veland

TÅLMODIG: Petter Veland takkar kona Helene Julie for at ho lar han sjå fotball så mykje han vil.

Foto: Privat

Det Veland ikkje veit om spansk fotball, det er neppe verd å vite. Men kunnskapen kjem ikkje av seg sjølv for mannen som for lengst er anerkjend som Noregs største ekspert på spansk fotball.

Veland har gjort det til ei vane å sjå absolutt alle kampar med spanske topplag, og onsdag kveld nådde han ein milepæl då han benka seg for å sjå baskarderbyet mellom Real Sociedad og Athletic Bilbao i La Liga.

– Evig takksam

Ifølgje sine eigne notat vart dette kamp nummer 3000 han såg på rad frå den spanske toppdivisjonen - og ja, du tolkar det rett. Veland har sett samtlege kampar som har blitt spelt, enten direkte eller i opptak.

Betis-Deportivo i april 2013 var sist kamp Veland ikkje såg. Totalt utgjer dette 187,5 strake døgn med fotballtitting.

sU8p1lKd04o

Real Sociedads Nacho Monreal og Athletic Bilbaos Inigo Lekue i duell i kamp nummer 3000 Veland så på rad i La Liga.

Foto: ANDER GILLENEA / AFP

– Kona har for lengst akseptert denne sida av meg, det er eg evig takksam for, humrar Veland overfor NRK.

– 3000 kampar er jo berre frå La Liga, men du ser jo bevisleg mykje anna fotball òg?

– Ja, og 3000 kampar er jo berre dei eg har sett på rad, totalen ligg nok på rundt 5000 La Liga-kampar. I tillegg kjem spansk cup, europacupar, eg får med meg ein del Premier League, Champions League, Bundesliga … Men akkurat det reknestykket, det tør eg ikkje ta, seier han og flirer.

– Nokon vil kanskje seie at det er imponerande at du framleis er gift?

– Hehe, ja! Viss dette hadde vore ein rekord, og eg skulle halde ei takketale, då hadde eg takka kona. Definitivt, seier han.

– Frå spøk til alvor: Du har kone, to små barn og travel jobb som fotballekspert. Du har busett deg i Spydeberg, eit godt stykke unna arbeidsgivar i Oslo. Korleis i alle dagar har du tid til å sjå så mykje fotball?

– Det handlar om prioriteringar, og eg er jo ganske naken viss diskusjonen over lunsjbordet handlar om til dømes TV-seriar eller filmar. Noko får eg med meg, som Exit og dei største seriane, og eg ser jo Kompani Lauritzen i opptak.

Petter Veland

Petter Veland har stor kunnskap om spansk fotball.

Foto: Viasat

– Valde eg riktig i livet?

Veland fortel at han har fundert ganske mykje over eige tidsbruk, men har lært seg å vere effektiv og understrekar at han aldri prioriterer bort tid med familien.

– Paradoksalt nok trur eg ikkje den effektive arbeidstida mi er så mykje høgare enn folk flest, eg jobbar berre på andre tidspunkt, påpeikar han.

– Dei fleste fotballsupporterar kan nok vere samd i at ikkje alle kampar er interessante. Er det aldri aktuelt for deg å droppe ein La Liga-kamp?

– Det er jo nokre kampar ein har litt lunken forventning til, og viss det då går 25-30 minutt utan at noko spesielt skjer … Då hender det eg sit og funderer på om eg valde riktig i livet ...

– Men det gjeld å stå i det, det er jo dette eg jobbar med som anten kommentator, ekspert eller studiovert, og for delen min handlar det om integritet og yrkesstoltheit. Det har eg i jobben min, det har frua mi i jobben hennar, og vi har skapt ein familiesituasjon som fungerer. Tidsbruken min på fotball har aldri vore ei kjelde til diskusjon eller irritasjon hos oss, seier han.

– Var galen før eg trefte henne

Veland har fått ein stadig større rolle i Viasport-systemet. Han kommenterte og var i studio på spansk fotball tidlegare, men no har han ansvaret for dei spanske laga i meisterliga-sendingane til V Sport.

Han understrekar at han er i ein privilegert situasjon som har jobben som ein «unnskyldning» for å sjå kampar.

Men han trur det hadde vore vanskelegare å få gjennomslag for å sjå så mykje fotball viss jobbsituasjonen hans hadde endra seg etter at han trefte kona.

– Eg var galen før eg trefte henne, for å seie det på den måten, så ho visste kva ho gjekk til. Ho har akseptert denne sida av meg, og det er eg evig takksam for. Det er ikkje få kommentarar eg har fått opp gjennom om at «henne må du behalde», seier han.

Kona Helene Julie Frøyset Veland flirer då NRK spør om ho vil kommentere tidsbruken til ektemannen på fotball.

– Det er jobben hans, han elskar det, og eg legg så godt til rette eg kan med heim og barn slik at han har moglegheit til å sjå så mykje som han gjer. Det gjer eg av kjærleik, rett og slett, seier ho til NRK.

Dessutan handlar mykje om kva ein er vant til, fortel ho.

– Vi har ti års bryllaupsdag til sommaren, og i morgon (fredag) har vi vore saman i elleve år. Dette har uansett vore ein del av kvardagen vår heilt sidan vi trefte kvarandre. Då vi gifta oss sto TV-en på i naborommet då vi hadde fest på kvelden, slik at han og andre kunne følgje med. Eg trur det var Tyskland mot Noreg som spelte, seier ho.

– Portugal mot Noreg, skyt Petter inn.

– Portugal mot Noreg, var det. Og det var heilt greitt for meg, humrar ho.

Petter påstår at tidsbruken hans på fotball aldri har ført til irritasjon eller diskusjon heime hos dykk. Er dette ein påstand du kan stille deg bak?

– Ja, for han er veldig flink til å ta seg tid til oss dei dagane det ikkje er fotball. I helgane kan vi fint gjere aktivitetar saman, berre han er tilbake til det klokkeslettet lagoppstillingene tikkar inn og kampane byrjar for fullt.

Så når Petter heller vil sjå Getafe mot Celta på fredagskvelden i staden for å sjå gullrekkja med deg, då har du ingen problem med det?

– Nei, for viss ikkje han ser kampen direkte må han ta det igjen seinare, stakkars. Han gjer jo det nokre gonger. Dette er ikkje noko problem for meg, sjølv om eg veit det høyrest rart ut. Når noko er viktig for Petter, er det viktig for meg, slår ho fast.

Siste nytt

  • Eskås ikke blant hoveddommerne i fotball-EM

    Fotballdommer Espen Eskås og hans team er ikke blant de 18 utvalgte som skal fordele de 51 kampene i sommerens fotball-EM mellom seg.

    Eskås og hans kollega Jan Erik Engan er likevel tatt ut til å være fjerdedommer og assistentdommer-reserve, kommer det fram av listen til Det europeiske fotballforbundet (Uefa).

    Eskås er Norges høyest rangerte dommer. Han har det siste året fått flere oppdrag i mesterligaen og europaligaen, og i fjor sommer dømte han finalen i U21-EM. I sommer skal han dømme i OL.

    Disse dommerne er tatt ut til EM i Tyskland:

    Artur Soares Dias (Portugal), Jesús Gil Manzano (Spania), Marco Guida (Italia), Istvan Kovacs (Romania), Ivan Kruzliak (Slovakia), François Letexier (Frankrike), Danny Makkelie (Nederland), Szymon Marciniak (Polen), Halil Umut Meler (Tyrkia), Glenn Nyberg (Sverige), Michael Oliver (England), Daniele Orsato (Italia), Sandro Schärer (Sveits), Daniel Siebert (Tyskland), Anthony Taylor (England), Clément Turpin (Frankrike), Slavko Vinčić (Slovenia), Felix Zwayer (Tyskland).

    Også Facundo Tello fra Argentina skal dømme i EM. Det er en del av et samarbeid mellom Uefa og det søramerikanske fotballforbundet (Conmebol). (NTB)

    Espen Eskås dømmer Lyn mot Vålerenga på Ullevaal
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Forskere frykter hetebølge i Paris-OL

    Studier viser at det kan bli krevende temperaturer for utendørsutøverne i sommerens OL. Den norske troppen tar alle forholdsregler.

    Hanne Staff opplyser at det er tall og analyser som tilsier at det kan det bli varmere enn i Tokyo-OL for tre år siden.

    – Vi må virkelig ta det på alvor i forberedelsene, men jeg opplever at vi har lært mye fra Tokyo. Vi har lagt gode planer, sier Staff til NTB.

    Hun er leder for prestasjon og utvikling på Olympiatoppen.

    Tidligere i år ble det publisert en studie av tidsskriftet Npj Climate and Atmospheric Science, som undersøkte risikoen for at temperaturen i Paris kan overgå rekorden som ble satt i fjor. Den konkluderte med at det er en «ikke ubetydelig risiko». Franske helsemyndigheter har opplyst at hetebølgen i 2023 forårsaket 5000 dødsfall.

    Også det europeiske værbyrået ECMWF sine prognoser peker mot en varm sommer – muligens den varmeste siden 2017, ifølge instituttets april-prognose. Bakteppet er at 2023 var blant de varmeste årene noen gang registrert.

    En talsperson fra OL-arrangøren i Frankrike har tidligere uttalt til AFP at hetebølger og ekstremvær er faktorer de tar med i betrakningen og som de forbedereder seg så mye som mulig på for å iverksette nødvendige tiltak.

    Blant tiltakene er enten tidlig eller sent tidspunkt for konkurranser for å unngå den verste varmen. Det gjelder idretter som friidrett, sandvolleyball og tennis. (NTB)

    Hanne Staff på mediemøte 100 dager til OL
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Medaljesjanse glipper trolig for Norge i OL

    En medalje ville vært innen rekkevidde for Norge med Casper Ruud og Ulrikke Eikeri i mixed double i tennis i Paris-OL, men det ligger dårlig an.

    Utfordringen er at om man skal delta i mixed double, må man fra før være kvalifisert til enten single- eller doubleturneringen.

    – Det er en liten sjanse, men den er der, sier Fredrik Lovén til NTB.

    Han er landslagsansvarlig i Norges tennis- og padelforbund.

    For at Ruud/Eikeri skal bli en realitet i Paris, bør Eikeri spille seg til en plass innenfor topp ti på doublerankingen. Da vil hun umiddelbart være kvalifisert, men hun trenger da en landsvenninne innenfor topp 300 på en av rankingene.

    Malene Helgø er for øyeblikket på 388.-plass på singlerankingen. Etter det vil OL-plassene fordeles etter den kombinerte rangeringen til de to double-spillerne.

    31 år gamle Eikeri er for øyeblikket på 26.-plass på doublerankingen etter et knepent finaletap i Stuttgart søndag.

    I Tyskland pådro dessuten Eikeri seg en skade som gjør at hun blir på sidelinjen i en kort periode.

    Det er kun 16 lag som stiller i mixed double-turneringen i OL.

    – Ruud/Eikeri ville utgjort en stor medaljemulighet?

    – Ja. Det viste de i United Cup i desember (slo Kroatia). Casper spiller egentlig ikke double eller mixed spesielt ofte, men er man god i tennis, pleier det å fungere i double òg, sier Lovén.

    Eikeri har blant annet spilt finalen i Roland-Garros i mixed double. På WTA-touren har hun tre doubletitler.

    Verdensrankingen 10. juni bestemmer hvilke utøvere som kvalifiserer seg til sommerens leker.

    (NTB)

    Casper Ruud
    Foto: Erlend Havsgård Martinsen / NRK

Sendeplan

Kl. Program Kanal