– Eg synest sjølv eg ligg kjempebra an. Trur eg er på det beste nivået eg har hatt på sommaren nokon gong. Kanskje liknar det litt på 2010-2011-sesongen, då eg hadde min beste sesong, seier Tarjei Bø.
Etter å ha hatt eit par sesongar med sjukdomsproblem og stang ut, er det ein offensiv skiskyttar som fortel om ein svært god treningssommar.
No er han heime etter nok ei god treningssamling, denne gongen på Sjusjøen.
– Det fungerer skikkeleg bra no. Eg ligg heilt i teten og pushar på når vi matchar kvarandre på samlingane. Det er dei beste svara eg kan få, konstaterer Bø.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Er veldig lysten på å slå tilbake
Stryningen slo gjennom med OL-gull på stafetten i 2010, og han fekk prisen for årets gjennombrot på Idrettsgallaen samme år. Deretter kom den store 2011-sesongen, då Bø tok samanlagtsigeren i verdscupen og sikra seg tre VM-gull og to VM-bronse i Khanty-Mansijsk.
Sommaren og hausten 2012 sleit Bø med ein bakterieinfeksjon, men klarte å komme i form til VM - der han tok gull på fellesstarten.
Fjorårsseongen hugsar han nok mest som ein nedtur, mellom anna etter formsvikten under årets store mål: OL i Sotsji.
– Eg er veldig revansjelysten. Eg hadde ein dårleg vinter. Så eg er veldig lysten på å slå tilbake - og det trur eg at eg skal gjere, seier 26-åringen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Skal vere med i toppen frå start til slutt
Saman med resten av skiskyttarane er Bø inne i ein tung treningsperiode. Først om to veker er det konkurransar på gang. Då ventar NM på rulleski i Steinkjer.
No håpar han å få halde fram med gode førebuingar til sesongstarten i november.
– Alt ser førebels ut til å stemme. Samstundes er det eit par månader til sesongstart enno, og det kan skje mykje rart - og kva utlendingane held på med, veit ein jo aldri. Men det ser iallfall bra ut på den norske målestokken, og det plar vere ein bra peikepinn, meiner Bø.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Kva mål har du sett deg for sesongen?
– Målet er å vere med i toppen frå start til slutt. Eg har lyst til å vere med og kjempe alle helgane, og slik komme så høgt på samanlagtlista i verdscupen som mogleg. Eg vil vere ein av dei som kjempar heile vegen, seier Bø.