Symjing og friidrett er store idrettar som kan miste øvingar. Baseball og squash er blant dei som jublar over auka sjanse til å vise seg fram i OL.
IOC vedtok måndag samrøystes 40 punkts-framlegget for reformering av organisasjonen og det olympiske charteret. Eitt av punkta er å fjerne taket på idrettar, som i dag er 28.
Det betyr at det er fritt fram for å foreslå nye idrettar frå Tokyo-OL i 2020 og utover. Det fekk idrettsleiarar til å ta til med arbeidet for å posisjonere seg allereie kort tid etter IOC-vedtaket.
Førebuingane OL i Rio er kome for langt til at det er aktuelt for endring. Men for Tokyo-OL kan dei nye reglane få betydning.
Ut med synkronsymjing og tresteg?
Ein av dei første som uttalte seg konkret, var kanadiske Dick Pound. Han er IOC-medlem og tidlegare symjar, og fekk spørsmål om kva idrettar han meinte burde uta av OL-programmet.
– Synkronsymjing, og kanskje tresteg, svara Pound. – Alle må ofre noko dersom det er til beste for den olympiske rørsla, la han til.
Det skal også bli høve for arrangørland å foreslå nye idrettar som er populære i landet, og Tokyo vil venteleg prøve å få baseball og softball tilbake på programmet i 2020. Dette er populære idrettar i Japan.
– Som å kome inn frå benken
– Dette er omtrent som å kome innpå frå benken, seier president Riccardo Fraccari i det internasjonale baseball- og softballforbundet.
Dei to idrettane vart kutta frå OL-programmet etter Beijing-OL i 2008.
Squash er ein annan idrett som lenge har søkt om plass i programmet. No ser også dei ei opning inn i OL.
– Mi oppgåve har lenge vore å få idretten vår på OL-programmet, og no ser eg at det tek til å lysne, seier den internasjonale squash-presidenten Narayana Ramachandran.
Coe fryktar for friidretten
Men sjølv om taket på idrettar ikkje lenger finst, er det framleis avgreningar. Talet på deltakarar skal ikkje overstige 10.500, og det skal vere maksimalt 310 øvingar i OL. Det betyr at skal nytt inn, må noko truleg ut. Det kan bety slanking i omfanget av etablerte idrettar.
Tidlegare OL-vinnar og leiar for London-OL, Sebastian Coe, fryktar for at deler av friidretten kan bli borte.
– Vi har 47 øvingar i friidrett, så det er naturleg at vår idrett blir sett under lupa, sa Coe.
Kappgang er friidrettøvingar som kan vere i faresona. Det vil ikkje Coe vere med på.
– Det er ein sport som er utbreidd i Sentral-Amerika, Søraust-Asia, og i store land som Russland, Kina, Spania og Italia. Det er ein viktig del av friidretten, seier Coe.
Også symjing er ein stor idrett med mange øvingar. Også der er det snakka om ein reduksjon.
– Det er ein diskusjon vi må ta. Vi er ikkje freda, det heller ikkje andre store idrettar som friidrett og turn. Vi må sjå kva som skjer, seier Julio Maglione, presidenten i det internsjonale symjeforbundet.
«Halve OL» kan bli flytta ut av Tokyo
Dei nye reglane som tillet å legge arenaer til andre byar enn søkjarbyen kan også få følgjer for OL i den japanske hovudstaden i 2020. Så mange som 14 av dei 28 idrettane kan bli flytta til andre arenaer enn dei planlagde.
Dette vil gjere OL billigare, men det fører også til misnøye med at mange av idrettane må vise seg fram på langt mindre sentrale arenaer enn i metropolen Tokyo. Byens guvernør Yoichi Mazusoe har allereie sagt at arena-programmet skal vurderast på nytt.
Kajakk-slalåm, basketball og badminton er idrettar som kan bli flytta ut av hovudstaden.
Dei opprinnelege planene var at alle dei nye arenaene skulle byggjast innan åtte kilometer frå deltakarlandsbyen, melder