NRK Meny
Normal

No blir det norsk hoppveke

Ein samla internasjonal hoppkomité gjekk inn for ei norsk hoppveke allereie frå neste sesong, under dagens møter i sveitsiske Zürich.

Vil ha folkefest

VIL HA FOLKEFEST: Clas Brede Bråthen håpar ei norsk hoppveke vil bli ein publikumsvinnar, slik som hoppkonkurransane under VM i Holmenkollen i 2011.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Siste nytt er at på kalenderen for 2016/2017 har vi fått på plass den norske hoppveka. Det er noko av det største og viktigaste som har skjedd i norsk hoppsport, seier sportssjef for hopparane, Clas Brede Bråthen.

Som NRK skreiv i går skulle den norske delegasjonen legge fram sitt forslag om ei norsk hoppveke til den internasjonale hoppkomitéen i Zürich i dag.

Ingen innvendingar

Bråthen gjekk opp på talarstolen og la fram planen Norge har, og tilbakemeldingane frå FIS var einstydig.

– Kalenderen vart lagt fram og eg måtte seie nokre ord om prosjektet. Det var ingen som hadde innvendingar til det. Då er det, bank i bordet, berre å køyre på, seier han.

Den norske hoppveka ligg altså inne i FIS sin kalender for neste sesong, men det er enno ikkje skrive i stein. Det må gjennom FIS-kongressen til sommaren.

– Det er skal vera ein formalitet, seier Bråthen.

Clas Brede Bråthen og Walter Hofer

POSITIV: Clas Brede Bråthen (t.v.) og renndirektør i FIS, Walter Hofer (t.h.) etter dagens møter i Zürich.

Seks renn på ni dagar

Den norske hoppveka er inne i kalenderen for mars, og vil sjå slik ut.

  • Holmenkollen, 11. og 12. mars, lagkonkurranse og individuell konkurranse.
  • Lillehammer, 14. mars, individuell konkurranse.
  • Granåsen, 16. mars, individuell konkurranse.
  • Vikersund, 18. og 19. mars, to individuelle konkurransar.

– Vi har fått veldig frie tøyler til korleis vi skal gjennomføre dette, og må bruke tida frå mot FIS-kongressen. Vi vil lage ein publikumsvinnar, seier Bråthen.

Ein endeleg avgjerd vert tatt på FIS-kongressen i Cancún, Mexico 5.–11 juni.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
4-4-2 Eliteserien fotball: Sarpsborg 08 - Odd