Hopp til innhold

No vert blodposane frå «Operación Puerta» overlevert til analyse

I ti år har 211 blodposar frå ei av tidenes største dopingsaker lege uanalysert. No har ein spansk domstol bestemt at blodposane skal sendast vidare til antidoping-myndigheitene.

Spain Doping Shadow Eufemiano Fuentes

MANNEN BAK: Den spanske dopinglegen Eufemiano Fuentes skal ha hjelpt idrettsutøvarar med systematisk doping i ei årrekkje.

Foto: Andres Kudacki / Ap

– Konspirasjonensteoriane rundt Puerto-saka går jo på at sanninga er for stor til at spanske myndigheiter orkar å få den fram. Fordi den involverer store spanske utøvarar innan idrettar, som har hatt ein samlande effekt på folket at dei ikkje toler dagens lys, seier tidlegare proffsyklist og sykkelekspert i TV 2, Mads Kaggestad.

Før Tour de France i 2006 sprakk nyheita om at spansk politi hadde gjort ein razzia mot kontoret til den mistenkte dopinglegen Eufemiano Fuentes.

Der fann dei bevis på at den spanske legen hadde assistert idrettsutøvarar i systematisk doping i fleire år. På kontora til Fuentes fann politiet blant anna anabole steroidar og utstyr for blodoverføring – i tillegg til dei 211 blodposane.

På den tida var Kaggestad framleis aktiv som profesjonell syklist.

– Eg hugsar at vi i sykkelfeltet snakka om at no skulle det bli ei skikkeleg opprydding. Slik vart det ikkje, seier Kaggestad til NRK.

Mads Kaggestad

AKTIV: Mads Kaggestad var sjølv aktiv syklist for det franske laget Credit Agricol då dopingsaka vart kjend i 2006, men han deltok ikkje i Tour de France det året.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Prøvane skulle destruerast

I 2013 bestemte dommaren Julia Patricia Santamaria, at dei 211 prøvane skulle destruerast. Den avgjerda vart anka av antidopingbyrået WADA og det internasjonale sykkelforbundet, som i dag fekk medhald i si anke i retten.

Til no har identiteten til kven sitt blod som er i posane vore ukjend.

Saka fortsett under bilde.

SPORTS CYCLING TOUR

KASTA UT: Seks syklistar vart kasta ut av Tour de France, før det starta i 2006 etter at namna deira dukka opp på kundelista til Fuentes Jan Ullrich (midten oppe) og Ivan Basso (oppe til høgre) var dei to store samanlagtfavorittane, då Lance Armstrong la opp året før. Oppe frå venstre: Oscar Sevilla, Jan Ullrich, Ivan Basso. Nede frå venstre: Francisco Mancebo, Joseba Beloki, Isidro Nodal.

Foto: ERIC GAILLARD / REUTERS

Mange idrettar involvert

Det betyr at Fuentes må frigje dei blodposane som vart funne på hans kontor i 2006. Han har tidlegare hevda å ha hatt syklistar, fotballspelarar, tennisspelarar og friidrettsutøvarar på si liste over «kundar». Av dei som er namngitt til no, er det berre syklistar som har blitt direkte kopla til Fuentes.

Fuentes hevda under ei rettssak i 2013, at berre 30 prosent av hans kundar var syklistar.

– Dette er etter alt å dømma den største dopingskandalen i idretten verda nokon gong har sett, sa tidlegare syklist, Mads Kaggestad til NRK i 2013, før rettssaka mot Fuentes.

FILES-CYCLING-GERMANY-T MOBILE-DOPING-ULLRICH

SJEKK: Her er Jan Ullrich på legesjekk, dagen før han vart kasta ut Tour de France, for å ha vore ein av kundane til Fuentes.

Foto: FRANCK FIFE / AFP

Der vart Fuentes dømd til eitt års fengsel og fire års tap av retten til å praktisera som lege.

Det er framleis uvisst om utøvarar som eventuelt vert identifiserte av dei nye prøvane kan straffast, då det har gått ti år sidan prøvene vart tatt.

– Saka er vel også forelda no, spørsmålet er kva dei kan bruke desse bevisa som dei eventuelt finn, seier Kaggestad.

– Spansk fotball bør vel bekymra seg over denne avgjerda?

– Viss det er sant, det Fuentes har sagt, at han også har jobba med spansk fotball, så er det kanskje grunn til det. Men eg trur det at kynikarar, og dei skjelv ikkje i buksene og dei søv ikkje dårleg om natta. Dei trur det her ordnar seg og det er det nok stor sjanse for også, seier Kaggestad.

Lang etterforsking

Allereie i 2003 byrja spansk politi å etterforska Fuentes og han nettverk, etter at Jesus Manzano kollapsa under ein knallhard Tour de France-etappe.

Manzano hevda at kollapsen skuldast ulovlege dopingpreparat han hadde fått av lagets lege som var Fuentes, og gjekk til politiet med informasjonen.

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal