– Dette er ei bane med doserte svingar. Det er nokså langt frå det og til å gå på flat bane. Det betyr mykje for skøytelandslaget å ha ei rulleskøytebane i Oslo-området, det har vi aldri hatt før, seier Ida Njåtun.
Landslaget skal ha samling på denne bana i august.
Doserte svingar gir trening som er langt meir likt å gå på is.
– Du får mykje meir trøkk på begge skøytene, og det gir ei heilt anna kjensle. Det er lett å skape fart på denne bana, seier Njåtun.
– Blir god å ha når eg er heime
– Så no blir det berre sigrar til vinteren, med dei treningstilhøva som ligg her, gliser Njåtun.
Å gå på rulleskøyter på asfalt er så likt is-gåing som det er råd å kome. Det blir aldri heilt likt, ettersom rulleskøyter er faste skøyter, medan dei går på klappskøyter på is.
– Det blir litt som rulleski kontra langrennsski. Det er litt skilnad, men eigentleg er det veldig likt likevel.
Ho bur rett i nærleiken av den nye rulleskøytebana i Asker.
– Der kjem eg til å vere mykje når eg er heime. Vi er ofte borte på istrening. Men elles blir denne god å ha, seier Njåtun.
Bana er bygd på ei eksisterande grusbane og er eit samarbeidsprosjekt mellom Olympiatoppen, Norges Skøyteforbund, Asker kommune, Asker idrettsråd og Asker skøyteklubb.
Det heile har koste under ein halv million kroner.
Har trent med Ireen Wüst
Den einaste andre rulleskøytebana i Norge ligg i Sandefjord.
– Det blir veldig fint å ha ein litt kortare køyretur til trening, seier Norges beste kvinnelege skøyteløpar.
Ho kjem rett frå Nederland der ho har trent med Ireen Wüst og fleire andre av dei beste nederlandske jentene.
– Det har vore veldig spennande, og det er nokre av dei beste jentene i verda. Det er godt å sjå kva ein har å strekke seg etter.
– Korleis står du samanlikna med dei?
– Det er nokre punkt der dei held eit høgare nivå. Men dei er ikkje skremande mykje betre. Noko av treninga har vore litt uvant for meg, derfor ligg eg litt bak på noko. Men det ser ut til å vere kjapt å hente inn, seier Njåtun.
Vi vere sterk i OL
Ho ser lysare på komande vinter etter den sjukdomsplaga og noko skuffande sesongen i fjor.
– Eg vil veldig gjerne vere sterk under OL i februar, spesielt på 1500 meter. Klarer eg tidsmåla mine, kan det kanskje bli pallen, seier Njåtun.
Som har ei klar melding til unge og håpefulle skøyteløparar i sommar:
– Dropp stranda, kom hit.