NRK Meny
Normal

Njåtun måtte ta lang pause: – Det blei for intensivt

Ida Njåtun måtte ta ein lang pause midt i konkurransesesongen for å få overskotet tilbake.

Ida Njåtun

USIKKER: – Eg hadde nok hatt større forventingar dersom alt hadde gått på skinner, seier Ida Njåtun fire dagar før EM-start

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Forsesongen var god, men så blei det kanskje litt i overkant mykje trening. Derfor måtte eg ta ein pause, seier Ida Njåtun.

Norges beste kvinnelege skøyteløpar dei siste åra har ikkje konkurrert på nesten ein månad. Ikkje sidan verdscupløpa i Astana tidleg i desember har ho vore på isen. Då fall ho ned i B-gruppa på spesialdistansen 1500 meter.

– Tok ikkje signala

– Overtrening er feil ord å bruke. Men det vart litt for intensivt før sesongen. Eg låg kanskje litt for mykje bak gutane, som også gjekk litt hardt. Eg tok ikkje signala før det gjekk skikkeleg dårleg, seier Njåtun til NRK på telefon frå Heerenveen der ho skal delta i allroundklassen i EM komande helg.

Skarli

LANDSLAGSSJEFEN: Sondre Skarli vedgår at ikkje alt var heilt som det skulle for alle ved inngangen til sesongen, men meiner det no er retta opp

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Landslagssjef Sondre Skarli vedgår at ikkje alt var heilt som det skulle for alle inn mot sesongstarten i november.

Han sa før sesongen tok til at dette ville bli den beste sesongstarten nokosinne for Ida Njåtun og Sverre Lunde Pedersen. Det blei det ikkje.

– Nokre av løparane sleit med treningsbelastninga og var litt på minussida ein periode. Men det har vi henta inn igjen no. Som toppidrettsutøvar balanserer du på ei knivsegg, og vi vippa nok litt over ei stund i haust, seier Skarli.

Trena seg opp på Kanariøyane

Njåtun seier at ho forstod kva veg det bar før ho bestemte seg for å endre på opplegget.

– Eg måtte gå nokre stemne og ha resultat for å kvalifisere meg til meisterskapane, seier ho. – Derfor måtte eg gjennom nokre løp sjølv om eg kjende at det ikkje var heilt bra.

Ida Njåtun bestemte seg for å kutte ut siste verdscupløpa pluss allround-NM før jul. I staden reiste ho til varmen på Kanariøyane for å trene lett der.

– Heldigvis tok eg grep tidsnok til at eg er mykje betre no, seier Njåtun.

Ho har gradvis kome på is, og seier at ho kjenner seg lettare.

– Eg har meir energi og overskot.

Usikker framfor EM

– Men eg veit ikkje heilt kvar eg står. Eg veit eg har teknikk til å gå fort, men eg veit ikkje kor lenge eg kan halde farten oppe. Eg er optimist, men vi må sjå det på bakgrunn av tida som har vore, seier Njåtun, som blei nummer seks i EM i fjor.

– Forventingane hadde nok vore høgare om alt hadde gått på skinner.

Njåtun ser lenger enn til EM.

– Eg må framleis jobbe med fysisk trening og nok tid i skøytestilling for å lage eit skikkeleg grunnlag, seier ho.

– Planen har heile tida vore å nå formtoppen når dei store meisterskapane er, seier Sondre Skarli.

Siste nytt

  • Ruud faller på rankingen

    Casper Ruud faller ti plasser på verdensrankingen i tennis mandag og ligger nå på 147.-plass. Sveitsiske Roger Federer er tilbake på topp. Denne uken skal Casper Ruud i aksjon i Challengerturneringen i Poprad Tatry i Slovakia.

    Casper Ruud
    Foto: Carl Andreas Wold
  • Koepka vant US Open

    Amerikanske Brooks Koepka ble søndag den sjuende spilleren til å vinne golfturneringen US Open to år på rad. Koepka slo britiske Tommy Fleetwood med ett slag. Amerikaneren avsluttet med en 68-runde. Landsmannen Dustin Johnson tok 3.-plassen.

    SPO-GLF-MAJ-USG-U.S.-OPEN---FINAL-ROUND
    Foto: STREETER LECKA / AFP
  • Topptrioen vann i 1. div.

    Alle fire topplaga vann i 1. divisjon søndag, og AaFK leier med fire poeng på Sogndal og Mjøndalen. I botnen passerte Florø Strømmen.

    Resultat: HamKam - Sogndal 1-3, Florø - Jerv 3-2, Levanger - Mjøndalen 0-4, Notodden - Kongsvinger 1-2, Sandnes Ulf - Aalesund 1-2, Strømmen - Tromsdalen 1-3, Åsane - Ull/Kisa 1-5.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
FIFA Fotball-VM 2018: VM-studio
FIFA Fotball-VM 2018: Sverige - Sør-Korea
FIFA Fotball-VM 2018: Sverige - Sør-Korea
Sport i dag
FIFA Fotball-VM 2018: Belgia - Panama
FIFA Fotball-VM 2018: VM-studio
FIFA Fotball-VM 2018: Tunisia - England