Rar regel sender Njåtun ut av 5000 m: - Eg forstår det ikkje

Njåtuns beste helg for sesongen var ikkje nok. Trass sjuandeplass samanlagt blei ho slått ut og får ikkje gå 5000 m.

Se Ida Njåtuns 1500m

IKKJE HEILT GODT NOK: Ida Njåtun hadde ikkje same flyten i dag som i går, og får ikkje gå 5000 m

– Eg skulle gjerne gått 5000, men kan ikkje vere misnøgd med denne helga heller, seier Njåtun til NRK straks etter at ho har fått vite at det ikkje gjekk.

– Eg har hatt mi beste helg så langt, og neste helg er det nye løp i Stavanger, seier ho og siktar til verdscupavslutninga.

Det var betring på den distansen også, eg skal ikkje vere misnøgd, seier Ida Njåtun.

Meir sliten i kroppen

Ho var god nøgd med løpa i går.

– Eg kjende at eg var litt meir sliten i kroppen i dag, sa ho til NRK.– Men eg har fått til bevegelsane betre enn før, så alt i alt er eg nøgd, sa ho.

Men 1500 meteren gjekk ikkje heilt fort nok. Ho lova bånn gass frå start. Men 1.57,72 heldt berre til sjuandeplass samanlagt, åttandeplass på distansen.

Verre var det at to russarar som var bak i samandraget, var så gode på 3000 m i går at dei skubba Njåtun ut av den avsluttande 5000-meteren.

Ser fram mot Stavanger

– Eg skjønar ikkje reglane sjølv, men eg høyrde at det ikkje blir plass til meg. Men i Stavanger neste helg skal eg berre gå 1500 og stiller frisk til den distansen, seier ho.

Reglane for kven som får delta på 5000 byggjer på ein kombinasjon av resultatet på 3000 m og samanlagt. To russiske løparar, Anna Jurakova og Natalia Voronina, gjekk forbi Njåtun på grunn av dette.

– Korleis blir det å få avslutte denne trøblete sesongen og kome i gang med den neste?

– Det blir godt med eit avbrekk og kvile heime. Men samstundes sit eg med ei kjensel av at det framleis har vore ein vanskeleg sesongstart, og at det er no eg endeleg er i form. Og så er seosngen snart over. Det er rart, seier Njåtun.

Heller ikkje Henriksen på siste distanse

Sindre Henriksen får heller ikkje gå 10.000 m, slik målet hans var i går. Han var nummer åtte, og det er åtte som skal gå avslutningsdistansen. Men det var fleire som gjekk godt på 5000 i går, og som var framfor han på lista av den grunn.

Siste nytt

  • Algerie vant Afrikamesterskapet

    Baghdad Boudjenah ga Algerie en drømmestart allerede etter to minutter i finalen mot Senegal fredag kveld. Senegal klarte aldri å komme tilbake i oppgjøret, og dermed vant Algerie turneringen for første gang siden 1990.

    Africa Cup of Nations 2019 - Final - Senegal v Algeria
    Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters
  • Ventura fortsatte storspillet

    Kristoffer Ventura leder golfturneringen Pinnacle Bank Championship i Nebraska etter to dager. 24-åringen gikk sju slag under par fredag. Med totalt elleve slag under par leder Ventura med ett slag på amerikanske Tyson Alexander med to dager igjen.

    Kristoffer Ventura
    Foto: Benjamin A. Ward/ngf / NTB scanpix
  • Drømmescoring da Norge vant

    Norge J19 vant 4-0 mot Skottland i andre gruppespillskamp i U19-EM. Emilie Bragstad sendte Norge i ledelsen etter 20 minutter. Så doblet Anna Jøsendal ledelsen med en drømmetreff fire minutter senere. Jenny Olsen og Rikke Nygard scoret de øvrige målene.

Sendeplan

Kl. Program Kanal