– Eg skulle likt å vise litt idrettsglede sjølv i dag. Men slik blei det ikkje, sa Nina Løseth til NRK rett etter at storslalåmrennet var ferdig.
Ho låg på sjetteplass etter første omgang, på skothald for ein pallplass med ein finaleomgang utan feil.
Slik gjekk det ikkje. Det norske håpet rota det til og fall i staden ned til 10.-plass. Derfor var ho nokså mellomfornøgd då ho snakka med NRKs Line Andersen i målområdet, samstundes som franske Tessa Worley jubla hemningslaust for gullet i bakgrunnen.
– Vågar ikkje å risikere
– Det gjekk litt trått i andre omgang. Eg torer liksom ikkje å risikere så veldig mykje, og då får eg heller ikkje betalt.
– Kvifor får du det ikkje til?
– Det går vel mest på sjølvtillit. Storslalåmen min har vore mykje opp og ned denne sesongen.
– Berre i storslalåm, håpar eg. For sjølvtilliten er vel på plass til slalåmrennet?
– Ja. Den gleder eg meg til. Innmari no. Det er alt eg kan gjere. Då håpar eg på litt meir klaff og litt meir risiko enn i dag. I dag var det litt tullete, sa Løseth.
Vondt ego
– I dag er det berre egoet som gjer litt vondt.
– Korleis jobbar du for ikkje å la dette øydelegge kjensla til laurdag?
– Det er ikkje fyste gong dette skjer, haha. Eg må berre evaluere og gå vidare. Denne dagen er over.
27-åringen var i betre humør enn man mogelegvis kunne tenkje seg etter rennet. Da NTB sa ho ikkje hadde vist råskap i den andre omgangen, kom fliret.
– Det sårar meg. Forsøk du å trykke meg enno lenger ned? lo Løseth.
– Var dette eg hadde sett fram til
Dei to andre norske jentene i finaleomgangen var også skuffa. Ragnhild Mowinckel enda på 18.-plass, ned frå 12.-plass. Kristin Lysdahl blei nummer 23, ho var 12 etter første omgang.
– Eg ville litt for mykje. Då gjekk det ikkje heilt bra. Det blei små feil overalt, og då ballar det fort på seg, fortel Ragnhild Mowinckel.
– Det var denne dagen eg hadde sett mest fram til her nede. Derfor er det kjipt. Men det går nok over, sa ei skuffa Ragnhild Mowinckel.