NRK Meny
Normal

Nina Løseth nærmar seg pallen

Nina Løseth køyrde ein gnistrande andreomgang og enda på femteplass i slalåmrennet i Lienz i Austerrike.

Nina Løseth

Nina Løseth køyrde seg inn til femteplass i slalåmrennet i Lienz

Foto: Giovanni Auletta / Ap

Etter den første omgang var ho nummer 11 etter eit løp som ikkje var heilt optimalt. Det var ho sjølv misnøgd med.

– Eg må berre ta skikkeleg tak. Eg har ikkje råd til slike slurvefeil om eg vil stå på pallen. Eg veit at eg kan, men no driv eg og saboterer litt for meg sjølv, flirte sunnmøringen.

– Igjen gjorde eg ein feil i første omgang. Eg blei litt passiv etter det, men så køyrde eg bra igjen nedst i bakken. Førsteomgangen var ikkje i nærleiken av det eg har gjort på trening, vurderte Løseth overfor NTB.

Men i finaleomgangen fekk ho det til. Med tredje beste tid køyrde ho seg opp til femteplassen, 1,24 sekund etter vinnaren Marlies Schild.

Nest beste slalåm-plassering

Schild køyrde seg frå sjetteplass til siger i andre omgang. Ho tok dermed sin verdscupsiger nummer 35 i slalåm. Det er det ingen som har klart før. Vreni Schneider klarte i si tid 34.

Det er Løseths nest beste slalåmplassering i verdscupen nokosinne. I går hadde ho karrierebeste i storslalåm med sin niandeplass.

Mikaela Shiffrin leia etter første omgang, men klarte ikkje å forsvare førsteplassen. Ho vart nummer to, 41 hundredelar bak vinnaren.

Tyske Maria Höfl-Riesch og franske Marie-Michelle Gagnon plasserte seg også framfor Løseth, som var 61 hundredelar frå pallen.

Mona Løseth køyrde ut i første omgang.

Siste nytt

  • Kritiserer ligacuptrekning

    Fans og medier i England mislikte sterkt torsdagens trekning i ligacupen, som fant sted i Kina før de fleste på balløya var våkne. Engelsk fotball håper nemlig å øke interessen i Asia. Daily Telegraph er blant avisene som kritiserer opplegget, skriver NTB. Slik spilles 3. runde:

    Bournemouth – Brighton, Crystal Palace – Huddersfield, Leicester – Liverpool, West Bromwich – Manchester City, Arsenal – Doncaster, Aston Villa – Middlesbrough, Brentford – Norwich, Bristol City – Stoke, Burnley – Leeds United, Chelsea – Nottingham Forest, Everton – Sunderland, Manchester United – Burton, Reading – Swansea, Tottenham – Barnsley/Derby, West Ham–Bolton, Wolverhampton–Bristol Rovers.

    United
    Foto: GEOFF CADDICK / AFP
  • Zekhnini testet seg mot Real

    Rafik Zekhnini spilte hele 2.-omgang da Fiorentina møtte Real Madrid i en privatkamp i den spanske hovedstaden. Jordan Veretout sendte gjestene i føringen før Borja Mayoral og Cristiano Ronaldo snudde kampen før pause til 2-1, som også ble sluttresultatet. Zekhnini fikk sin Serie A-debut i 0-3-tapet for Inter forrige uke.

    Zekhnini
    Foto: Paul White / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Friidrett: Diamond League fra Zürich
Friidrett: Diamond League, Zürich
4-4-2 Europaligaen: Rosenborg - Ajax
Friidrett: Diamond League fra Zürich