Med fire norske jenter i finalen låg alt til rette for norsk siger. Men Stina Nilsson ville det annleis. Heile finalen låg ho i tet og nekta Maiken Caspersen Falla, Heidi Weng, Astrid Uhrenholdt Jacbosen og Ingvild Flugstad Østberg å kome fram.
Falla: – Elskar slike duellar
I spurten var det svært jamt mellom Falla og Nilsson, men svensken hadde den lengste tåa og Nilsson tok dermed sesongens tredje siger. Heidi Weng blir nummer tre.
– Eg følte meg veldig sterk i dag og ville vere i front heile tida slik at eg ikkje skulle gjere noko dumt som å falle. Eg sleit med å halde balansen på slutten, men hadde heldigvis lengre fot enn Falla i dag, seier ei glad svensk jente etter målgang.
Også Falla sleit med balansen på oppløpet.
– Det er slike duellar eg elskar, men det var vanskeleg å halde balansen på slutten der. Det blir ofte litt slik for mange når det er så lange sprintar, seier Falla.
Sjølv om det blei andreplass er Maiken Caspersen Falla godt fornøgd med å sikre si fyrste krystallkule.
– Eg blir jo nummer to og er ikkje heilt fornøgd med det. Men det er heilt utruleg at eg får med meg sprintcupen herfrå. Det var det som var det store målet i år, seier Falla med eit stort glis.
Weng tok over leiartrøya
Med tredjeplassen til Heidi Weng tek ho over leiartrøya i Ski Tour Canada frå Therese Johaug. På morgondagens jaktstart går Weng ut 11,8 sekund før Johaug. Falla er 42,9 bak og går nesten saman med Astrid Uhrenholdt Jacobsen ut som er 46,6 bak.
– Det har eg ikkje tenkt på ennå, men eg er veldig fornøgd i dag. Det var ei vanskeleg å løype, og eg tenkte at det her ikkje kjem til å gå undervegs i finalen. Eg gjekk sikkert lengre enn dei fleste når eg måtte gå så mange yttersvingar for å kome forbi, seier Weng.
I morgon er det 10 kilometer jakstart for kvinnene i Quebec.