– Eg får heile tida høyre «Kvifor spring du ikkje mot menn viss du er ikkje-binær?», og mange trur eg er ei transkvinne. «Det er ein biologisk mann, få han ut derfrå». Det er mykje hat som eg trur stammar frå neglisjering og at folk ikkje veit eller ønskjer å lære.
Det seier Nikki Hiltz til NRK, like etter at hen har sprunge inn til amerikansk rekord på éi engelsk mil i Monaco.
Den 28 år gamle løpeprofilen er fødd kvinne, men identifiserer seg som ein ikkje-binær transperson.
BANEBRYTAR: Nikki Hiltz banar veg for transpersonar i idretten.
Foto: AFPHiltz seier til NRK at hen ønskjer å gå gjennom hormonbehandling etter karrieren. Samtidig slår hen eit slag for LHBT+-rettar i idretten:
– Berre ved at eg stiller opp, så gir folk rom for meg. Det er alt eg kan gjere. Vere meg sjølv og den best moglege utøvaren, forklarer Hiltz, som rosar korleis friidrettsverda har teke hen imot:
– Den har komme eit langt stykke på veg dei siste to åra. Vi har sjølvsagt meir jobb å gjere, men alle konkurrentane mine er fantastiske, stemnedirektøren òg. Han sa han hadde vidareformidla pronomena mine til pressa. Dei gjer deira del og dei som ikkje gjer det, dei blir utdaterte.
– Dei yngre forstår
Dei føretrekte pronomena til Hiltz er «they/them» på engelsk, «de/dykk» eller «hen» på norsk.
Kommunikasjonsansvarleg i FRI – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold, Selena Sefany, fortel til NRK at ein ikkje-binær person er nokon som ikkje opplever å passe inn i kategoriane «mann» eller «kvinne»:
– Nokon identifiserer seg som noko midt imellom kvinne og mann, andre identifiserer seg berre som menneske. Dette har ikkje samanheng med korleis kroppen ser ut, men handlar om kjønnsidentiteten. I samfunnet blir kjønn ofte delt inn i to kategoriar, jente og gut. Binær betyr todelt, men denne inndelinga passar ikkje for oss alle.
Hiltz er fødd og oppvakse i delstaten California. Hen er i eit forhold med Emma Gee, som står bak podkasten «Queer Athlete Podcast», der skeive utøvarar snakkar om erfaringane sine.
TAKKAR KJÆRASTEN: Nikki Hiltz takkar Emma McGee. Sistnemnde er også friidrettsutøvar og konkurrerer på 3000 meter hinder.
Foto: Ashley Landis / AP– Eg trur det er vanskeleg for mange, spesielt i USA, når alle desse lovene mot transpersonar blir vedtekne, fortel 28-åringen.
Hittil i 2023 har 80 «anti-trans»-lovar blitt vedtatt rundt om i USA, ifølgje Trans Legisislation Tracker. Dei avgrensar mellom anna transpersonar sin tilgang til grunnleggjande helsetenester, utdanning og juridisk anerkjenning.
– Det er vanskeleg å ikkje tenkje at alle er ute etter å ta deg og at alle hatar deg. Det er veldig lett å tenkje det, så eg trur for min del at eg har vore superparanoid før stemne. Det er mange gamle, kvite menn i denne idretten. Det er vanskeleg. Dei forstår det ikkje. Dei yngre forstår det og dei rettar dei meir og meir, seier 28-åringen.
Netthets
Hiltz, som dedikerte sigeren sin i det amerikanske meisterskapet til transmiljøet, fortel at hen synest det er tungt å stå opp for seg sjølv:
– Eg trur mitt største hinder er at eg synest det er vanskeleg å stå opp for meg sjølv. Eg synest det er lettare å gjere det for andre, så det er noko eg jobbar med. Det er mykje feilkjønning. Det sprett av meg, men når nokon som ein kommentator eller ein stemnedirektør gjer det, så sårar det meg mest.
– Dette er jobben din, kom igjen ... Det er god praksis å spørje folk om pronomena deira no. Eg vil seie det er den største utfordringa, seier ein openhjarta Hiltz.
Mellomdistanseløparen fortel at mest hets kjem frå ukjende på nett, men at hen heller prøver å bruke det som motivasjon.
– Det meste skjer online. Dei er vilt framande, men det når fram til meg. No er eg ganske «untouchable», men det heller bensin på bålet mitt.