– Då korona skjedde, og eg, som alle andre, var bura inne i isolasjon, byrja eg å spele Counter-Strike. Det gav meg ein form for binding til verda utanfor, seier Nicklas Bendtner til danske DR.
Counter-Strike er et førstepersons skytespel, som går ut på at fleire spelarar skal utføre ein terrorhandling, medan motparten prøver å forhindre det.
Bendtners interesse for dataspelet har vakse dei siste tre åra, og no har han starta opp sitt eige e-sportslag. Det heiter Prosapia, og er grunnlagd for å hjelpe unge og lovande talent for å nå deira mål, fortel han.
Ekspert vil anbefale alle som har store mål med fotballen, og idretten generelt, å byrje med det same.
– Ja, og spesielt den type spel som førsteperson-skytespela. Dei har veldig mange parallellar med idrett, seier optikar Olav Torgersen til NRK.
– Ekstremt effektivt
Torgersen jobbar til dagleg som produktutviklar og optikar i Synsam, og har vore tett på utøvarar i toppklubbar som Ajax, FC Nordsjælland og Vålerenga Fotball.
Fleire profesjonelle fotballklubbar har tatt i bruk gamingverktøy og VR-briller for å utvikle spelferdigheitene i fotball.
EKSPERT: Olav Torgersen har testa korleis fotballspelarar og gamerar brukar auga sine, og funne ut at det er mange like trekk.
Foto: NRKHan meiner at alle spelarar, både unge talent og meir erfarne, kan ha stor nytte av å etablere dataspel i kvardagen.
– Fotballspelarar treng å kommunisere fort, føresjå kva andre gjer, ta omsyn og forstå heilskapen i kampen, samstundes som ein utfører eigne oppgåver. Å jobbe under stress og under fokus, er veldig sunt for fotballspelarar, seier Torgersen.
Han påpeikar at for gamerar er det spesielt viktig å oppdage det som endrar seg i skjermbiletet, på same måte som fotballspelarar må lese og tolke kva som skjer i ein situasjon på bana.
– Tilbake i tida var midtbana til Tottenham eit veldig godt CS-lag, og det var fordi dei brukte det for å forstå kvarandre betre, for å tolke signala til kvarandre, både verbale og ikkje-verbale, og for å verte effektiv i kommunikasjonen, fortel han.
Han meiner at fleire gløymer litt vekk kor viktig hjernen er i utøvinga av idrett.
– Hjernen er kanskje det største ressurssenteret, i tillegg til muskulatur, kondisjon, hjarte og sirkulasjon. Alle studium viser at du trenar hjernens evner ekstremt effektivt gjennom å spele dataspel, seier han.
Ingen overrasking
Nicklas Bendtner går under namnet «B3ND7NER», og laget med fem spelarar har mål om å etablere seg i toppen i den danske «CS: GO1»-ligaen.
Bendtner fortel at han har skjønt vanskegraden i å verte ein god gamer.
LAGT OPP: 3. juni 2021 delte Nicklas Bendtner at han avslutta fotballkarrieren. No har han fått ei ny interesse. Her frå tida i Rosenborg.
Foto: JON OLAV NESVOLD / BILDBYRÅN NORWAY– Kjennskapen har vekse, og eg har lært om e-sportsindustrien og den innverknaden den har på unge menneske, som jobbar verkeleg hardt for å nå toppen, seier han vidare.
Torgersen tykkjer ikkje det er noko overraskande at Bendtner har fått interessa for e-sport, og meiner allereie no at han kan bli ein ordentleg god gamer.
– Utfordringa for dei som er verkeleg gode i dataspel, er at dei har spelt mykje heime, gjerne på rommet, og dei treng ein struktur og ein treningskvardag som også fotballspelarar treng. Dei treng kvile, restitusjon og utvikling av kommunikasjon, mykje som ein får av å vere fotballspelar, seier Torgersen til NRK.
Han meiner rett og slett at den perfekte gamer er ein toppidrettsutøvar, og det seier han på bakgrunn av resultata.
Tenke som toppidrettsutøvar
Astralis, som var verdas beste CS-lag tilbake i tida, hadde Kasper Hvidt som sportsleg direktør. Han er tidlegare landslagskeeper på det danske handballandslaget.
NY ROLLE: Tidlegare handballkeeper Kasper Hvidt. Her frå OL i Beijing.
Foto: Lee Jin-man / APEin av verdas beste CS-spelar, Nicolai «Dev1ce» Reedtz, var tidlegare landslagsspelar i badminton.
Ein kvardag med gode rutinar og fysisk aktivitet, kombinert med kvile og restitusjon meiner han er like viktig i dataspel, som i idrett.
– Det eg ser på profesjonelle gamerar, er at dei har spela veldig mykje for å bli gode, men så kjem det til eit punkt at det å spele hindrar dei frå å ta steget vidare. Det er superviktig å ha pausar, seier han og held fram:
– Så handlar det om å sleppe seg laus og ha sjølvtillit oppi alt dette. Og det er noko idretten gir deg, seier han.