Godset sleit seg til siger: – Langt unna festforestilling

Strømsgodset måtte slite meir enn venta for å slå Sandefjord, men sikra seg poenga med 1-0.

Tokmac Nguen

SIGERSMÅLET: Tomac Nguyen jublar etter at han nettopp har gitt Strømsgodset siger over Sandefjord

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Marcus Pedersen var nærmast scoring i ein førsteomgang som mangla det meste.

– Dette er langt unna ei festforestilling, sa Eurosport-ekspert Bengt Eriksen då laga gjekk til pause. Då var det 0-0 etter ein omgang nesten utan målsjansar.

Dei mørkeblå hadde fått sine klare instruksar i pausen, for frå avspark i andre omgang viste Godset både vilje og intensitet.

Målet kom etter 65 minutts spel. Tokmac Nguen fekk ein retur frå keeper, spela vegg og smelte ballen i mål.

– Dette fortente vi, sjølv om vi sleit litt dei siste 15 minutta, sa målscoraren til Eurosport. – Vi er tolmodige, seier han.

Godsets trenar Tor Ole Skullerud var litt mellomfornøgd etter kampen.

– Vi er nøgde med poenga, men mot slutten gav vi unødvendig vekk initiativet.

Han avviste at han hadde halde tordentale i pausen.

Lars Bohinen

SKADEPLAGA: - Seks av dei som normalt skulle starta, var ikkje her i dag. Derfor er eg nøgd med det vi viste, seier Lars Bohinen

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

– Nei, det har eg ikkje tru på. Men vi gav beskjedar, og vi var gode i starten av andre omgang.

Sterk Sandefjord-spurt

Godset hadde klart flest sjansar, likevel kunne Sandefjords spurt gitt poengdeling. Fem minutt før slutt sneik Viktor Bindias skot frå ti meter sneik seg utanfor.

– Det var ein krigematch. Vi var nok litt heldige, sa Marcus Pedersen.

Han var sjølv nær scoring i begge omgangar, men er likevel nøgd med poenga.

– Men vi må heve oss, seier Pedersen, som blei teken av bana mot slutten.

Sandefjord sette dei siste minutta inn Godsets gamle helt Peter Kovacs, men det hjelpte ikkje.

– Vi har sjansane, men dei må vi setje. Vi er ikkje gode nok i opninga av andre omgang, men skaper mykje mot slutten, seier Sandefjords trenar Lars Bohinen.

– Vi mangla seks mann med skade i dag. På den bakgrunn synest eg gutane gjorde ein god kamp, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Ødegaard med to målgivende

    Martin Ødegaard serverte to målgivende i Vitesses 3-2 seier over Excelsior. Først var han nest sist på 2-0, deretter i det 67. minutt til Maikel Van der Werff som satte det tredje målet til Vitesse.

    Martin Ødegaard
    Foto: Robin Van Lonkhuijsen / AFP
  • Haaland scoret i debuten

    Fredag kveld fikk Erling Braut Haaland sin debut for Red Bull Salzburg, i en treningskamp mot Anif. 18-åringen slapp til i det 59. minutt, og 20 minutter senere fikk han satt sitt første mål. Hans norske lagkamerat Fredrik Gulbrandsen scoret to.

    Eliteserien fotball, menn: Strømsgodset - Molde (1-2)
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
  • Carlsen vant stjerneduell

    Magnus Carlsen møtte verdensfirer Shakhriyar Mamedyarov, i den sjette runden av sjakkturneringen Tata Steel. Onsdag brøt Carslen remis-rekken på 21 partier, og i dag vant han igjen. Etter 51 trekk måtte den albanske motstanderen gi tapt for nordmannen.

    FIDE SJAKK-VM
    Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup hopp: Laghopp 1 omgang, kvinner
V-cup hopp: Laghopp kvinner 1. omgang
Ski Classics: La Diagonela
Vinterstudio
Vinterstudio
V-cup hopp: Laghopp 2. omgang, kvinner
V-cup hopp: Laghopp kvinner 2. omgang
V-cup alpint: Utfor kvinner
V-cup alpint: Utfor kvinner
V-cup kombinert: Hopp
V-cup kombinert: Hopp