Klaveness er mektig imponert over Ada Hegerbergs tre mål i meisterligafinalen mot Barcelona, og hennar og Lyons fjerde triumf på rad.
Men etter kampen laurdag sa Hegerberg at ho saknar å spele for landet, men ikkje for forbundet.
– Det tolkar eg som ei oppsummering av situasjonen, ein situasjon Ada Hegerberg skulle vore forutan. Ho ønskjer å representere landslaget, men ikkje med det regimet som er der no, seier Lise Klaveness til NRK dagen etter.
– Kva er hovudproblemet?
– Slik eg har forstått det, har ho over tid følt at ho ikkje kan prestere i dette laget, og ikkje kunne vere seg sjølv og gjere det ho er aller best på. Det er sjølvsagt noko vi tar alvorleg.
– Du er elitedirektør. Kjenner du deg treft av Hegerbergs kritikk?
– Nei. Vi jobbar knallhardt med å romme alle våre beste spelarar, seier Klaveness og utdjupar:
– Vi jobbar mykje med å inkludere spelarane som er meir utagerande vinnartypar, ikkje minst dei som scorar mange mål. Det er vi i ein prosess for å få til. Eg håpar at Ada Hegerberg kjem tilbake på landslaget.
– Kjende at ho ikkje kunne vere seg sjølv
Hegerberg sa nei takk til landslaget etter Noregs EM-fadese i 2017, med null poeng og null mål. Etter det har ho hatt enorm suksess på klubblaget, og har fått Gullballen som den beste spelaren i verda.
– Ho trekte seg frå landslaget fordi ho over tid kjende at ho ikkje kunne vere seg sjølv og ha ein plass i systemet, seier Klaveness.
– Vi hadde hatt eit historisk svakt meisterskap, med tøffe tider for Ada og laget. Det var ein anstrengt situasjon for alle.
Har opplevd det same sjølv
Klaveness har opplevd det same som Hegerberg gjer no i si tid som aktiv spelar.
– Eg har sjølv vore i ein situasjon der eg har stått på utsida av landslaget og forbundet, og kjent at det er eit system som ikkje rommar meg som person. Eg forstår veldig godt opplevinga, seier Klaveness.
– Kva gjer de i fotballforbundet for å legge ting til rette for det?
– Etter at eg kom inn, har eg prøvd å får til ein normal dialog. Det er vanskeleg når diskusjonen går gjennom media. Eg prøver å få til eit normalt tillitsforhold. Vi har hatt gode og opne samtaler, seier direktøren.
No ser Lise Klaveness uansett fram til VM med den troppen landslagssjefen har tatt ut.
– Ada er tydeleg på at ho ønskjer ro og respekt om si avgjerd. Då er det min jobb som elitedirektør å legge alt til rette for laget som no skal til VM, og som har slått regjerande europameister for å kome dit. Og som ikkje har bedt om denne situasjonen, seier Klaveness.