Vurderer å tvinge topplaga til å starte kvinnelag

Toppfotballsjef Lise Klaveness opnar for at Noregs Fotballforbund kan tvinge toppklubbane i Noreg til å etablere eigne kvinnelag.

Rosenborg

Rosenborg er ein av klubbane som ikkje har eige kvinnelag i dag. Her har Pål André Helland scora mot Odd.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

– Vi må gjere ei seriøs vurdering av det, for det er eit ansvar vi har i Noregs Fotballforbund å stimulere noko som vi har tur på, seier Klaveness i eit intervju med NRK.

Lise Klaveness i NFF

Toppfotballsjef Lise Klaveness seier NFF må vurdere å tvinge toppklubbane i Noreg til å etablere eigne kvinnelag.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Store klubbar som Brann og Rosenborg står framleis utan eigne lag i toppserien på kvinnesida.

Å stille det som eit lisenskrav, slik ein har med at alle toppklubbane skal ha eigne juniorlag, er eit av alternativa Klaveness seier kan bli aktuelt.

– Sjølvsagt kan eit av krava vere det. Eg ser at det er bevegelse der ute, og då må Noregs Fotballforbund vurdere kva vi skal gjere, elles tar det for langt tid.

Vurderar lisenskrav i Europa

Toppfotballsjefen understrekar at det beste er om klubbane ser verdien av dette på eigen hand og at det ikkje skjer ved tvang.

Ute i Europa er det blitt heilt vanleg at topplaga på herresida også har eigne kvinnelag.

President i Noregs Fotballforbund, Terje Svendsen, seier han personleg er skeptisk til bruk av tvang, men utelukkar ikkje at det kan bli løysinga.

Pressetreff med NFF etter styremøte.

Fotballpresident Terje Svendsen trur dei fleste topplaga i Noreg har eigne kvinnelag om fem år.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Det går jo føre seg ein diskusjon om dette på europeisk nivå og den diskusjonen vil også kome i Noreg. Spørsmålet er om det skal skje med tvang eller om det skal skje frivillig. Den diskusjonen har vi ikkje hatt enda, seier han.

– Eg har veldig tru på at retninga å gå er at fleire av toppklubbane satsar på kvinnefotball på toppnivå.

Trur RBK har kvinnelag om få år

Det er opp til styret i Noregs Fotballforbund å bestemme dette, men Svendsen trur likevel at dette er ein så prinsipiell diskusjon at det i så tilfelle vil hamne på bordet til fotballtinget.

I Rosenborg har man innleia eit treårig samarbeid med Trondheims-Ørn. Dagleg leiar Tove Moe Dyrhaug seier at ho ser for seg at klubbane på sikt kjem til å slå seg saman.

– Eg tenker det er fint å vere kjærastar ei stund, før vi giftar oss. Vi vil ikkje etablere eit lag som konkurrerer mot Trondheims-Ørn. Men litt fram i tid vil det nok bli ein del av Rosenborg, seier Dyrhaug.

Ho er skeptisk til at dette skal skje gjennom eit lisenskrav.

– Eg synst det er dumt om dette skal skje gjennom tvang. Det beste er at dette skjer fordi man har lyst, legg ho til.

Dagleg leiar i Brann, Vibeke Johannesen, seier at det per no er uaktuelt for Brann å starte eige kvinnelag.

Eliteserien fotball: Brann - Strømsgodset (1-1).

Brann har ingen planar om å starte eige kvinnelag.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Vi har i dag eit tett samarbeid med dei to toppserielaga i byen her, Sandviken og Arna/Bjørnar, og då trur eg ein må sjå på konsekvensane for dei toppserielaga som alt er i vår by. Det er viktig å ha respekt for kvinnelaga og miljø som alt eksisterer.

Landslagssjef Martin Sjögren er derimot ikkje i tvil om at dette er vegen å gå.

– Om ein skal sjå på det som skjer nede i Europa, og vi har jo ambisjonar om å halde fram med å ta steg framover og henge med i den utviklinga, så trur eg nesten det er eit nødvendig steg å ta.

Og i Noregs Fotballforbund er man heller ikkje i tvil om at utviklinga vil gå mot at dei fleste toppklubbane i Noreg også etablerar kvinnelag.

– Trur du at om fem år så spelar lag som Brann, Bodø/Glimt og Rosenborg også i toppserien?

– Ja, det trur eg faktisk, seier Klaveness og får støtte av fotballpresidenten.

Siste nytt

  • Belgier overrasket i Giro d'Italia

    Belgiske Tim Melier var raskest da spurterne før første gang fikk gjøre opp om seieren i årets Giro d'Italia. Italierne Giacomo Nizzolo og Elia Viviani fulgte på plassene bak.

    Seieren er Meliers klart største som sykkelrytter. Han har fra før seirer i noen mindre belgiske endagsritt, én etappeseier i Tirreno-Adriatico, samt seier i det belgiske mesterskapet i 2019.

    Tobias Foss er eneste nordmann på start i årets Giro. Han åpnet sterkt med 3.-plass på den 8,6 kilometer lange åpningstempoen lørdag, og han syklet inn til 100.-plass på den 2. etappen søndag.

    Italy Giro Cycling
    Foto: Fabio Ferrari / AP
  • Reiten og Chelsea er seriemestere

    Guro Reiten og Chelsea er seriemestere nok en gang etter å ha knust Reading 5-0 på hemmebane. Reiten ble byttet inn i andre omgang og spilte en drøy halvtime. Dette er fjerde gang Chelsea er kronet til seriemestere.

    Dermed har Chelsea vunnet både ligacupen og serien, og fortsatt mulighet til å vinne «alt». For 16. mai spiller de mesterligafinale mot Barcelona og FA-cupen skal spilles høst. Maren Mjelde spiller også på Chelsea, men er ute med skade.

    Melanie Leupolz scoret det første for Chelsea, deretter fulgte Fran Kirby opp med to scoringer - en like før og en like etter pause. Mot slutten av andre omgang scoret Sam Kerr og Erin Cuthbert hvert sitt for de mørkeblå.

    FA Women's League Cup Final - Bristol City v Chelsea
    Foto: Peter Cziborra / Reuters
  • Hamilton vant etter dekktrøbbel

    Lewis Hamilton vant søndagens formel 1-løp i Barcelona, men det skjedde ikke uten litt dramatikk. På den 43. av de 65 rundene, måtte nemlig briten inn i pit fordi bremsene gikk varme. Dermed fikk han et ferskt dekksett.

    Med nye dekk hentet Lewis Hamilton inn 23 sekunder på Max Verstappen på den siste tredelen. Dermed tok han sesongens tredje seier. Dermed øker han i VM-sammendraget og leder nå med 15 poeng til Verstappen, som står med én seier denne sesongen.

    Spanish Grand Prix
    Foto: Emilio Morenatti / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal