Hopp til innhold

NFF oppdaga stor VAR-feil veker før seriestart – systemet kneler når det snør

Videodømming skal brukast i Eliteserien for første gong. Nyleg avdekte ein test at norsk vêr gir VAR-systemet ei utfordring.

VAR, Eliteserien

FEKK PROBLEM: Snø på bana gjorde det vanskeleg for videodommarane å ta ei avgjerd.

Foto: William Jobling / NRK

– Vêret trur eg ikkje blir nokon utfordringar her. Viss vi får gode bilete hit, kjem vi til å gjere gode vurderingar.

Det seier VAR-instruktør Jon Skjervold innleiingsvis då NRK får bli med på «eksamen» til fleire toppdommarar før sesongen sparkar i gang.

– Dette er første gongen dei ser ein heil kamp og gjer ei fullverdig simulering av ein kamp som dei skal ha når serien startar, seier Skjervold.

Kampen mellom Kråkerøy og Sarpsborg i Sarpsborg såg ut til å gå ganske knirkefritt for dommar Ingvild Aarland, men så skapte snøen som hadde lavet ned over bana problem.

VAR-testing

TESTAR VIDEODØMMING: Toppserie-dommar Ingvild Aarland.

Foto: William Jobling / NRK

Bileta var ikkje gode nok

Kråkerøy skåra i treningskampen mot Sarpsborg, men målet var tvilsamt, og VAR-rommet måtte til unnsetning.

Men snøen førte til at teknologien svikta, og dommar Aarland kunne ikkje ta ei vurdering ettersom systemet ikkje kunne sjå offside-linjene.

– Det var mykje snø på bana. Når det ligg snø på bana kan ein få utfordringar med linjeteknologien, for då greier ikkje systemet å kjenne igjen bana. Det gjer at ein ikkje får høvet til å dra linja som ein skal, for dei dregst jo ut frå merkinga på bana, fortel Aarland.

VAR-testing

KLART: Videorommet i Oslo er klargjort med åtte stasjonar for åtte kampar som går parallelt. Men på det meste vil det berre bli fem kampar samtidig i Eliteserien.

Foto: William Jobling / NRK

– Det var jo det som skjedde i den situasjonen, rett og slett. Då måtte eg ta det på augemål, og då hadde eg ikkje gode nok bilete til å vurdere om det var offside eller onside. Då må eg støtte avgjerda til dommarteamet, seier ho vidare.

NRKs fotballekspert og Viking-spelar Kristoffer Løkberg trur at alle som er involverte må smørje seg med tolmod for at videodømming skal fungere på best mogleg måte.

– Det er vel strengt teke bra at det skjedde når dei skulle teste det. Så får vi jo håpe at vi unngår at det skjer liknande tilfelle når det dreg seg i gang, seier Løkberg.

Hva synes du om videodømming i norsk fotball?

Kan måtte moke delar av bana

Men helga etter skjedde akkurat det same igjen. Snø stoppa høvet til å ta dommaravgjerder frå videorommet.

Blant dei som kan oppleve surt snøvêr, i alle fall på tampen av sesongen, er Eirik Horneland og Brann.

– Eg håpar på lite snø kvart fall. Men dette kjem til å gå seg til. Vi har tolmod til å utvikle dommarane oppe i dette, seier Brann-trenaren til NRK.

Dommarsjef i Noregs Fotballforbund Terje Hauge fortel at desse testhelgane blir brukte til å hente inn erfaringar og deretter finne løysingar dersom problem oppstår.

Han fortel at dei allereie har funne ei løysing dersom snøen skulle låge ned, til dømes på Alfheim i Tromsø første serierunde.

– Ein treng ikkje få vekk snøen frå heile banen, men vi må få vekk snøen frå hjørna og punkta som treffer på sida. Om det snør under fotballkampar må vi ha nokon som har arbeidsoppgåva med å moke vekk snø frå punkta, seier Hauge til NRK.

Terje Hauge

TRUR PÅ LØYSING: Terje Hauge seier dei har funne ei løysing dersom det skulle komme snøvêr under ein eliteseriekamp.

Foto: Håkon Mannsaker / NRK

– Må ein stoppe kampen for å moke bort snø?

– Nei, det er ikkje nødvendig. Vi må ikkje gå inn på bana, men nokon må skuffe nokon kvadratmeter på begge sidene og så må vi ha nokon som mokar vekk hjørneflagga. Det blir gjort når ballen er i spel ein annan stad på bana. Slike situasjonar er kanskje aktuelt i april i Nord-Noreg og seint ut på hausten igjen. Vi har opna for å ha ein VAR-ansvarleg i kvar klubb som går gjennom prosedyrar og går gjennom kunnskapen.

– Aldri noko gøy

Snøvêr når Eliteserien blir sparka i gang i april kan altså bli tilfelle, spesielt i byar som Bodø og Tromsø.

Siste serierunde blir spelt på Aspmyra i Bodø, medan Tromsø sesongopnar på Alfheim.

– Det er jo litt som det er då her i Noreg, det er jo eit vinterland. Men det er jo sjølvsagt aldri noko gøy å få vite i etterkant at vi skulle gjort det annleis. Eg tenkjer at vi berre må avfinne oss med å prøve å finne løysingar for framtida for korleis vi skal unngå det, seier dommar Aarland.

Les også: Slår tilbake mot VIF-Jonssons kritikk: – Må passe seg sjølv

Moe og Jonsson
Moe og Jonsson

Innføringa av videodømming har skapt delte meiningar i Fotball-Noreg, men Løkberg er på si side meir positiv til den nye innføringa. Han er likevel klar på kva han meiner er viktig:

– Eg trur nok først og fremst laga må vere opptekne av seg sjølv og utvikle seg sjølv på treningsfeltet for at Eliteserien skal bli betre. Eg trur ikkje VAR er noko som gjer det betre, men eg har jo tru på at VAR over tid hjelper dommarane til å bli betre og får ned feilprosenten på dei mest kamgavgjerande avgjerdene over tid, seier Løkberg.

Sportsnyheter

Norsk EM-krise etter skotsk skalp: – Et sjokkresultat

Laget som slo Norge 3-0 var borte. Med åtte nye mann inne, gikk Spania på et sjokktap mot Skottland. Nå har Norges vei til EM blitt uendelig mye lenger.

Siste nytt

  • Solbakken gjør én endring på laget

    Landslagssjef Ståle Solbakken har funnet plass til Ola Solbakken på bekostning av Sander Berge til oppgjøret mot Georiga. Dermed er det én endring fra laget som tapte 3–0 for Spania: Ørjan Håskjold Nyland – Marcus Holmgren Pedersen, Stefan Strandberg, Leo Skiri Østigård, Birger Meling – Martin Ødegaard, Patrick Berg, Fredrik Aursnes – Ola Solbakken, Alexander Sørloth, Mohamed Elyounoussi.

    Ola Solbakken
    Foto: Fredrik Varfjell
  • Nye IOC-anbefalinger – dårlig nytt for Bolsjunov

    IOC-president Thomas Bach sier tirsdag at IOC står fast ved fordømmelsen og utestengelsen av Russland og Belarus, men organisasjonen har ennå ikke vurdert hvorvidt russiske og belarusiske utøvere skal få delta under nøytralt flagg i OL i 2024.

    Forutsetningene for å slippe til russiske utøvere er følgende, ifølge en pressemelding sendt ut fra IOC:

    * Utøverne må konkurrere som nøytrale.
    * Ingen får delta som lag.
    * Utøvere som støtter Russlands krig er ikke velkommen.
    * Utøvere som er en del av hæren, får ikke delta.

    Flere russiske utøvere er tilknyttet hæren, deriblant Aleksandr Bosljunov. Langrennsstjernen har tittelen kaptein i Putins hær.

    – IOC skal diskutere dette når tiden er inne, uavhengig av om de (utøverne) har kvalifisert seg for OL gjennom kravene i deres enkelte internasjonale forbund, sa Bach på en pressekonferanse.

    – IOC føler dypt med det ukrainske folk og det ukrainske olympiske miljøet. Smerten og lidelsen er forbi fatteevne, uttalte IOC-presidenten.

    Thomas Bach
    Foto: FABRICE COFFRINI / AFP
  • Vipers må kutte i spillerstallen etter millionunderskudd

    Håndballklubben Vipers har hatt flere sesonger med et positivt resultat, men gikk med underskudd i fjor, skriver Fædrelandsvennen.

    – Isolert sett er jeg ikke fornøyd med et underskudd, men det var budsjettert slik at vi visste i hele 2022 at det gikk mot et underskudd. Det ble noe større enn budsjett på grunn av høyere lønnskostnader og reisekostnader spesielt til Champions League, sier styreleder Rune Nomeland i Våg HK til Fædrelandsvennen. (NTB)

    Vipers-seriegull
    Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Nektet å prate om Haaland - så skjedde dette 01:00
Neste