– Viss alle kjempar for seg sjølv, blir det eit anarki. Det står ikkje i stil med formålsparagrafen til idretten. Samtidig så er faktumet at fotballen er størst. Med det, så inneber det òg eit stort ansvar med tanke på eigen lojalitet og solidaritet med annan idrett, seier president i Noregs Basketballforbund, Jan Hendrik Parmann.
Tidlegare denne veka vende Norges Fotballforbund (NFF) seg direkte til helsestyresmaktene med forslag om forsterka smitteverntiltak i toppfotballen. Det skreiv VG. Det får basketballpresident Parmann til å reagere. Han meiner alle slike førespurnader skal gå gjennom Norges idrettsforbund (NIF).
– Viss alle skal handle på eiga hand, så blir det lett skote i alle retningar. Det blir øydeleggjande for både idretten og styresmaktene, og for den samla handteringa deira av dette. Men dette er eigentleg ikkje eit covid-19-problem – det er ei organisatorisk utfordring som også omhandlar ulike styrkeforhold i forhold til organisasjonane i idrettsforbundet.
REAGERER: President i Basketballforbundet Jan Hendrik Parmann er ikkje imponert over NFFs siste førespurnad til Espen Nakstad.
Foto: Terje Pedersen / NTBHar forpliktingar
Parmann meiner saka er problematisk fordi NFF, gjennom NIF, har forplikta seg til ein viss organisasjonsstruktur.
– Det handlar om å ta vare på ein av dei viktigaste fordelene ved å vere organiserte. Altså det å samle syn og samle det gjennom ei felles plattform og eit felles talerøyr som idrettsforbundet representerer, seier Parmann.
Ved førespurnader til styresmaktene, bør særforbunda gå tenesteveg gjennom idrettsforbundet, meiner Parmann. Det har ikkje NFF gjort i dette tilfellet. Generalsekretær i NFF, Pål Bjerketvedt, seier at det ikkje er noko unormalt i det.
– Vi går ikkje våre eigne vegar. Det vi gjer inn mot styresmaktene er i dialog med idrettsforbundet. Sånn er det heile vegen. Det at vi følgjer opp med enkelte kontaktar når vi er i gang med ei sak eller enkeltførespurnad, det er heilt normalt, seier Bjerketvedt.
NIFs kommunikasjonssjef, Finn Aagaard, seier at han kjenner til situasjonen godt, men han meiner at det ikkje er problematisk at Fotballforbundet går rett til Nakstad.
– Ikkje alle særforbund kan ha innsikt i kva andre særforbund gjer. I dette tilfellet er det ei direkte oppfølging av protokollane til fotballforbundet, så det er heilt naturleg at dialogen går direkte. Vi hadde ikkje hatt kapasitet i til å delta i alle møta, basert på dei mange ulike oppfølgingsbehova, meiner Aagaard.
– Oppfølging av protokollane, og unntak fra karantenebestemmingane og covid-19-forskriftene, er noko som særforbunda har ansvar for sjølv. Men det er klart at dei skal ikkje springe ned dørene til helsestyresmaktene. Her er det viktig at idretten er koordinert, og det opplever eg at idretten er, sier han.
Svært god dialog
Erik Hansen, president i Noregs Bandyforbund, rosar NFF for måten dei har bana veg i koronapandemien med gode tiltak. Likevel meiner òg han at dei ikkje burde gått direkte til helsestyresmaktene.
– Dei skulle eigentleg gått gjennom NIF, men no har dei (NFF) eit større støtteapparat, og fotball er ein større idrett enn til dømes vi og basketball. Vi driv med idrett, og dei driv med industri. Det er mange som lever av og for den store idretten som fotball er. På same måte som mange lever av og for ski. Vi (idrettane) har ulike stempel, meiner Hansen.
GOD DIALOG: Særforbunda og NIF seier at kommunikasjonen under pandemien har vore strålande.
Foto: Terje Pedersen / NTBMen noko er felles oppfatning frå dei nemnde særforbunda og NIF: Dialogen har vore særs god i koronatida.
– Det har vore heilt nødvendig òg. Det har vore så mange utfordringar i alle desse månadene. Vi har utvikla kommunikasjonen både enkeltvis og i plenum, noko som har vore heilt avgjerande, seier Finn Aagard.
Han seier vidare at idrettsforbundet har vekentlege møte med dei ulike særforbunda. Aagaard meiner at kommunikasjonen mellom særforbunda og idrettskrinsane er styrkte under pandemien.