– Det er ingen i verda som kunne skrive eit betre manus og regi på dette, med tanke på at det var Neymar som avgjorde, seier NRKs fotballekspert, Karl Petter Løken.
– Dette er noko av det beste som har skjedd i livet mitt. No får kritikarane eta orda sine, seier Neymar til nyheitsbyrået AFP.
For Neymars store draum var å vinna OL-gull på heimebane, etter at han fekk draumen om VM-gull knust med 7–1 tap mot Tyskland i semifinalen i VM for to år sidan. Ein kamp Neymar ikkje fekk spela, då han måtte ut med skade i kvartfinalen.
– Det var ein herleg revansj for Brasil, og ein ser kor mykje det betyr for Neymar, då han sank ned på kne med gledestårer etter å ha scora på det avgjerande straffesparket, seier Løken.
Neymar var Brasils kaptein gjennom turneringa, men melde at han gjev frå seg kapteinsbandet etter kampen.
– Det har vore ei ære å vera kaptein for Brasil, men frå og med i dag er eg ikkje kaptein lengre, skal Neymar ha sagt til SporTV.
Sjå video av frisparkmålet lengre nede i saka.
- Les også:
Elleville jubelscener
Då tyskarane bomma på sitt femte forsøk frå 11-meteren, var det Neymar som skulle få ta den avgjerande straffa. Han gjorde ingen feil, og gledestårene trilla for Barcelona-stjerna.
Og samtidig forvandla blokkene i Rio seg til brølande høgtalarar. Det kollektive jubelbruset frå brasilianarane som såg kampen på TV runga gjennom lufta i fleire minutt.
På Olympiastadion, der friidrettsfinalane skal gå sto jubelen i taket blant tusenvis av frammøtte brasilianarar.
Frisparkperle
Etter 26 minutt av første omgang fekk Brasil frispark på 20 meter, ut mot hjørnet av 16-meteren. Neymar tok fart og limte ballen i krysset. Keeper strekte seg så lang han var, men nådde rett og slett ikkje fram (sjå video).
– Det er eit perfekt frispark. Det er fantastisk plassert og kan knapt gjerast betre, seier NRKs fotballekspert, Karl Petter Løken.
Men Tyskland hadde også sine sjansar, men vart stoppa av både forsvaret og treverket i første omgang. Etter 15 minutt av andre omgang fekk endeleg tyskarane utlikninga si, då Maximilian Meyer fekk eit innlegg langs bakken. Han skaut på direkten, ned i det venstre hjørnet og i mål.
Laga møttest i semifinalen i semifinalen under VM i Brasil for to år sidan. Den gongen måtte vertsnasjonen klara seg utan si store stjerne, Neymar, som vart skada i kvartfinalen og dei tapte heile 7–1.
DRAUMETREFF: Neymar scora 1–0 scoringa, etter eit perfekt utført frispark.